– Det var ei veldig triveleg løype å køyre, var Jansruds umiddelbare kommentar til NRK like etter at omgangen var ferdig i natt.
Han slo nestemann, Romed Baumann, med 13 hundredeler, og Peter Fill med 35. Alexander Aamiodt Kilde hadde åttande beste tid, 96 hundredeler bak Jansrud. Jansrud hadde best tid ved fem av seks passeringar.
– Det er mykje hopp, mykje terreng og fine svingar. Løypa er spektakulær, men ikkje av dei vanskelegaste. Bakken er utan ekstreme parti, var Jansruds dom.
– Førsteinntrykket av OL-bakken er veldig bra.
Endeleg fine forhold
Han trur at mange av køyrarane tok det litt pent, ettersom det var den aller første treningsomgangen i ein heilt ny og ukjed trase. Omgangen gjekk under fine forhold med sol, ti minusgrader og fast og god kunstsnø.
– Det er forhold vi ikkje har hatt på lenge, så det var ei fryd å køyre. Det er noko av dei beste forholda vi har hatt på lenge, seier Jansrud på telefon frå Sør-Korea. – Det er litt rart å måtte fly rundt halve jordkloden for å finne slike forhold, legg han til.
Det er verdscuprenn i bakken til helga. Jansrud håpar å slå tilbake etter nokre renn med resultat han ikkje er heilt nøgd med.
Optimistisk før helga
I treningsomgangen i natt vart Alexander Aamodt Kilde nummer åtte. Det gjer Jansrud optimistisk.
– Han vann det siste rennet og er i god form, så eg håpar at vi som lag kan halde fram med å levere, sjølv om Aksel (Lund Svindal) er ute. Eg er optimist fram mot helga, seier Jansrud.
Vermeldingane fram mot helga er gode. – Derfor ser det ut til å bli eit renn som er likt for alle, seier han.
Testar gjerne pallen også
Jansrud trur ikkje det blir noko problem verken med bakken, anlegget eller organiseringa fram mot OL om to år, slik fleire har frykta.
– Samanlikna med Sotsji to år før OL der ser det veldig bra ut her, seier han.
– Og så hadde det vore fint å få testa sigerspallen til helga?
– Ja, det hadde gjort godt, seier han.
Det blir ny treningsomgang natt til fredag før rennet laurdag. Søndag er det super-G, som også skal køyrast i denne traseen under OL om to år.