Hopp til innhold

Sprang frå Bergen til Oslo med fire timar søvn: – Eg hallusinerte

Kevin Ramsfjell (23) er ikkje framand for å gi seg ut på elleville rekordforsøk. No har han sprunge frå Bergen til Oslo og teke endå ein ny rekord.

Kevin Ramsfjell over Hardangervidda

TØFF FERD: Kevin Ramsfjell anslår at han berre sov fire timar undervegs i rekordforsøket.

Foto: Privat

Etappen, som starta på måndag, brukte han fire dagar og 11 timar på. Ramsfjell anslår at han sov fire timar i løpet av dagane, medan 90 timar har vorte brukte på rein løping.

– Eg er litt overraska sjølv over kor bra det har gått. Det er ikkje noko du kan trene på, så ein veit ikkje korleis ein vil reagere på det, seier ultraløparen til NRK.

Kevin på løpetur

FORREST GUMP: Ramsfjell kunne minne om filmkarakteren Forrest Gump medan han sprang frå Bergen til Oslo.

Foto: Privat

– Korleis står det til med kroppen?

– Når eg sprang hadde eg eigentleg ikkje noko vondt. Hadde forventa vondt i kneet og andre plassar, men det var berre når eg stoppa og kroppen gjekk i kvilemodus. Då låste kroppen seg heilt og det tok litt tid før løpesteget var normalt igjen, svarer han.

– Hallusinerte

Turen starta som sagt på måndag denne veka, og formålet var å samle inn pengar til Mental helse Ungdom. Så langt er 200.000 kroner samla inn.

– Du klarte målet på under fem dagar med tida fire dagar og 11 timar, korleis kjennest det?

– Det er veldig bra! Sånn det vart lagt opp med etappane skulle eg komme føre skjema og ta det derfrå. Eg heldt berre forspranget heilt inn.

Kevin Ramsfjell og gode hjelpere

GODE HJELPARAR: Ramsfjell fekk god hjelp undervegs, mellom anna frå storebror Adrian Ramsfjell og pappa Alf Terje Ramsfjell.

Og turen som gjekk frå Bergen til Oslo gjekk ikkje heilt knirkefritt. Naturleg nok vil kanskje nokon hevde.

Ei natt på Hardangervidda gjekk nemleg hardt for seg.

– Då hadde eg ein halv time søvn på 48 timar. Eg hallusinerte og det var skikkeleg kaldt. Den natta var skikkeleg tøff å komme seg gjennom, fortel han.

Byrja for to år sidan

I fjor prøvde Ramsfjell på eit liknande stunt, då han frakta seg sjølv frå Nordkapp til Lindesnes på rulleski.

Kevin Ramsfjell på Hardangervidda

UTFORDRANDE: Turen over Hardangervidda var det tøffaste for Ramsfjell.

Denne gongen gjekk turen på tvers av Noreg, med berre føtene som transportmiddel. Og overraskande nok, er ikkje løpinga noko han har gjort mykje av.

– Eg byrja med løping i 2021, og sprang eit ultraløp. Eg gav meg med skiskyting, og så har eg vore ein del skadd, så det er ikkje før i år eg har sprunge så mykje samanhengande. Planen var å gjere dette om nokre år når eg hadde sprunge mykje, men eg vart freista til å prøve i år etter at det gjekk så fint i fjor. Eg var spent på grunn av lite erfaring.

Ultraløparen, som har bakgrunn som skiskyttar, forklarer kvifor han har teke overgangen slik:

– Det er vel berre ein interesse-ting. Folk har rare interesser, denne er veldig rar. Eg har alltid hatt lyst til å gjere annleis ting. No ville eg gjere noko ingen i Noreg hadde gjort. Du kan gjere det som ung og bruke motoren frå skiskyting. I staden for å bruke sju år på å bli klar kan ein vere litt i styrkerommet og berre kaste seg ut i det.

Les også Kevin (22) med ellevill noregsrekord: Gjekk frå Nordkapp til Lindesnes på rulleski

Kevin Brekken Ramsfjell etter å ha gått på rulleski fra Nordkapp til Lindesnes

Siste nytt

  • Sør-Korea krever forklaring – ble kalt Nord-Korea

    Sør-Korea ble introdusert som Nord-Korea under OL-åpningen i Paris fredag. Landet ber om garantier fra arrangøren om at feilen ikke vil skje igjen.

    Da båtene med utøverne seilte ned elven Seinen under åpningsseremonien, ble Sør-Korea introdusert som «Democratic People's Republic of Korea» som er det offisielle navnet på Nord-Korea – og det både på fransk og engelsk.

    Samme introduksjon ble gitt da de nordkoreanske utøverne passerte.

    Sør-Korea reagerer på tabben. Landets viseminister for sport og kultur, Jang Mi-ran, har bedt om et møte med IOC-president Thomas Bach, ifølge en uttalelse fra departementet.

    Medlemmer av den sørkoreanske delegasjonen under åpningsseremonien.
    Foto: Reuters
  • Liverpool vant i Slots første kamp

    Arne Slot fikk en god start som ny Liverpool-manager. I fredagens treningskamp mot Real Betis i USA vant engelskmennene 1-0.

    Scoringen kom ti minutter før pause på Acrisure Stadium i Pittsburgh i USA. Dominik Szoboszlai satte ballen i mål etter å ha blitt spilt fra av Mohamed Salah.

    Det ble også den eneste scoringen i kampen, som var den første for nederlandske Arne Slot etter at han i sommer tok over som Liverpool-manager etter Jürgen Klopp. Han fikk blant annet se at laget styrte det meste av spillet i første omgang, og at de var nærmere 2-0 enn spanjolene var utligning.

    Liverpool startet med kjente navn som Endo, Fabio Carvalho, Curtis Jones, Konstantinos Tsimikas og nevnte Salah og Szoboszlai var i startoppstillingen. Med halvtimen igjen av ordinær tid byttet Liverpool hele åtte spillere. Inn kom Liverpools unggutter, men det stoppet ikke laget fra å dominere banespillet. Real Betis skapte få sjanser, men burde kanskje ha utlignet da Rodri kom alene med keeper fra skrå vinkel mot slutten av kampen. Kampen endte 1-0 til Liverpool.

    Store Liverpool-navn som Virgil van Dijk, Cody Gakpo, Diego Jota, Trent Alexander Arnold, Darwin Núñez og Louis Diaz var ikke i troppen til kampen.

    Liverpool skal møte både Arsenal og Manchester United under sin sesongoppkjøring i USA.

    (NTB)

    Arne Slot roper til Liverpool-spillerne i sin første kamp
    Foto: AFP
  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal