Hopp til innhold

Kevin (22) med ellevill noregsrekord: Gjekk frå Nordkapp til Lindesnes på rulleski

Kevin Brekken Ramsfjell brukte ti dagar og ti timar, og knuste dermed den førre rekorden. Langløpslegende er forbløffa.

Kevin Brekken Ramsfjell etter å ha gått på rulleski fra Nordkapp til Lindesnes

SPESIELL KJENSLE: Kevin Brekken Ramsfjell nådde fyret på Lindesnes etter mange dagar med ei ekstrem fysisk påkjenning.

Foto: Privat

– Eg er ganske trøytt no, ja.

Det seier Ramsfjell til NRK tirsdag ettermiddag etter å ha gått Noreg på langs.

Dermed skriv han seg inn i historiebøkene som tidenes raskaste frå Nordkapp til Lindenes – på rulleski.

Brutal etappe

Ramsfjell hadde som mål å nå Lindesnes innan 13 dagar, men mot slutten av rekordforsøket såg han moglegheita til å knuse den førre rekorden, som var på 21 dagar. Dermed la 22-åringen ein plan: siste etappe måtte vare i 24 timar.

Den siste etappen starta nokre mil utanfor Eidsvoll mandag morgon. Ramsfjell gjekk i eitt strekk til Lindesnes, og nådde fram klokka ti tirsdag. Ein etappe på svimlande 484 kilometer.

– Då eg endeleg kom dit så kom fyret litt brått på, for plutseleg var det berre der. Det var spesielt å nå fram, for dei siste fem milene gjekk ekstra sakte, seier Ramsfjell.

Kevin Brekken Ramsfjell underveis på rekordforsøket på rulleski

MØRBANKA: Slik såg Kevin Brekken Ramsfjell ut etter å ha gjennomført ein lang dag på rulleski undervegs i rekordforsøket.

Foto: Privat

«Spontantur»

Den største utfordringa på turen var å få nok søvn og etappane på natta. 22-åringen fekk mellom tre og seks timar søvn per natt.

Ein må ha ein indre motivasjon og like å halde på lenge, i alle fall når ein held på i dagevis. Den indre motivasjonen må vere på plass, seier Ramsfjell.

Kevin Brekken Ramsfjell i midnattssol underveis i norgesrekord-forsøket på rulleski

LANGE NETTER: Kevin Brekken Ramsfjell og far Alf Terje Ramsfjell på Nordkapp i midnattssol før rekordforsøket.

Foto: Privat

22-åringen satsar eigentleg på ultraløping – og ideen om å gå Noreg på langs på rulleski kom spontant. For to år sidan var han inne på tanken om å springe Noreg på langs, men fann fort ut at han trong eit betre grunnlag for å gjennomføre det.

Dermed bestemte han seg for å gå distansen på rulleski i staden for.

Viss magekjensla mi fortel meg noko, så har eg lært at ein berre må følgje ho. Når det no er ferdig har eg lært mykje om meg sjølv og grensene mine, seier Ramsfjell.

Inspirerte langløpslegende

Ein person som veit mykje om å pine seg sjølv er Anders Aukland. Han har verdsrekorden for den lengste distansen på langrennsski i eitt strekk. Den er på heile 700 kilometer og i underkant av 41 timar.

Han lèt seg forbløffe over prestasjonen til 22-åringen.

Eg er veldig imponert og inspirert. Det er veldig gøy at han gjennomfører så bra. Han er skikkeleg seig og tøff, seier Aukland.

Anders Aukland på rulleskimølla.

SEIGING: Anders Aukland har fleire tusen timar bak seg med stavar festa til hendene.

Foto: Hans Solbakken / NRK

Langdistansekongen trekkjer fram alderen som noko av det mest ekstreme.

For å gjennomføre ein slik styrkeprøve krev det enorme treningsmengder over fleire år – i tillegg til å tole både dei fysiske og psykiske påkjenningane, skal vi tru Aukland.

Det går ut på å fordele kreftene og å klare å få i seg nok mat og næring. Dessutan å ikkje få vondt muskulært. Det at han er så ung og får det til så bra er imponerande. Du må ha litt vilje og eigenskapar for å gjennomføre noko som dette, seier Aukland som no blir å halde eit lite auge med 22-åringen i framtida.

Vil satse vidare på ultraløping

Sjølv med ein sliten kropp og eit trøytt hovud så har Ramsfjell allereie byrja å tenke på neste utfordring. Den blir han mest sannsynleg å gjere til beins.

Eg kjem nok til å satse på ultraløping – det synest eg er kjekt og gir meg mest. Erfaringane frå denne turen kan eg ta med meg vidare i ultraløpingen, seier Ramsfjell.

Kevin Brekken Ramsfjell i Finnmark under rekordforsøket

MIL ETTER MIL: Slik såg det ut då 22-åringen kryssa Sennalandet frå Skaidi til Alta på E6 i Finnmark.

Foto: Privat

Og så trur du kanskje at det blir ein roleg sommar for 22-åringen frå Ålgård i Rogaland? Vel, då tek du feil.

– Eg må nok ta meg ein løpetur etter nokre kviledagar, smiler Ramsfjell.

Sportsnyheter

Alexis Mac Allister får behandling

Liverpool freser etter denne situasjonen: Lå blodig på gresset da motstanderen scoret

Liverpool-stjernene reagerte kraftig mot dommeren etter en blodig hodesmell. De får støtte av flere eksperter.

samling

Har blitt «ekspertar» på reising: Takkar Taylor Swift og strikketøyet

Denne gjengen reiser verda rundt nesten 250 dagar i året. For å vere i toppform når det gjeld har Ingrid Landmark Tandrevold og resten av gjengen fleire lure tips.

en mann med hjelm som klemmer en annen mann

Hushovd skaka etter norsk sykkelbragd: – Heilt ellevilt!

Uno-X er klare for det øvste nivået i sykkelsporten. Duellen mot franske Cofidis utvikla seg til å bli svært nervepirrande.

Siste nytt

  • Isak Frey toer i showrenn foran 18.000 tilskuere

    Isak Frey ble nummer to i et showrenn i skiskyting i München søndag foran 18.000 tilskuere. Eric Perrot fra Frankrike ble litt for sterk i finalen.

    Vebjørn Sørum og Sturla Holm Lægreid var øvrige nordmenn i mennenes finale. De ble henholdsvis nummer fire og sju.

    I kvinneklassen vant italienske Lisa Vittozzi foran svenskene Johanna Skotheim og Anna Magnusson.

    Karoline Knotten var eneste norske finalist og havnet på 6.-plass.

    (NTB)

    en mann med hjelm og hockeykølle
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • Feira framfor Vålerenga-fansen: "Uspiselig"

    Vålerengas Mathias Grundetjern var klar i talen då han prata med NRK etter 2-1-tapet mot HamKam, søndag.

    Ylldren Ibrahimaj skåra heimelaget sitt andre mål og jubla opp mot «Klanen».

    «Uspiselig» kallar Grundetjern det.

    I eit intervju med TV 2 før kampen, kalla Ibrahimaj også Vålerenga-fansen for «søpla».

    – Dei bua mot oss då me kom på oppvarming, på vår heimebane. At dei buar på oss, då må dei tole å få litt tilbake, seier Ibrahimaj til NRK.

    Grundetjern, som skåra Vålerenga sitt einaste mål, var ikkje fornøgd med korleis Ibrahimaj oppførte seg mot bortefansen.

    – Han er tidlegare LSK-spelar, så det seier jo sitt, seier Vålerenga-spissen.

    – Fotball er følelsar. Dei meine kva dei vil. Men når dei buar på oss på heimebane, då må dei tole å få tilbake, seier Ibrahimaj.

    en mann i hvit skjorte
    Foto: Geir Olsen / NTB
  • Innbytter berget KFUM-poeng mot KBK etter sekunder på banen

    Mame Mor Ndiaye ble løsningen da KFUM Oslo stanget lenge hjemme mot Kristiansund i Eliteserien. Han satte inn 1-1 og ordnet uavgjort i søndagens kamp.

    KFUM Oslo ligger på 7.-plass i Eliteserien med 34 poeng, mens KBK på 11.-plassen har 31.

    I neste serierunde har Kristiansund en viktig hjemmekamp mot HamKam, mens KFUM gjester Sarpsborg. (NTB)

    En gruppe fotballspillere på en bane
    Foto: Annika Byrde / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal