Sidan 2. september har sju kenyanske utøvarar vorte utestengd i tre år eller meir som følgje av positive dopingprøver eller andre brot på dopingreglementet. I same tidsrom har fire løparar til vorte suspenderte inntil vidare saksbehandling. Det viser ei oversikt frå Friidrettens integretsenhet (AIU).
– Det er veldig mange saker akkurat no og det trengst mykje meir arbeid mot doping, seier kommunikasjonssjef for AIU, Gayle Alleyne, til NRK.
Dei samarbeider tett med Det kenyanske friidrettsforbundet og antidopingstyresmaktene i landet, men meiner det er behov for langt meir lokal finansiering for å kjempe mot utøvarar som bruker prestasjonsfremjande midlar i Kenya.
– Frå perspektivet vårt er risikoen for doping i Kenya veldig høg på grunn av lokale faktorar og dei betydelege økonomiske insentiva for profesjonelle gateløparar, fortel Alleyne.
Økonomiske freistingar
Fleire framståande maratonløparar er utestengde, blant dei Lawrence Cherono som vart kasta ut av VM-et i sommar i Eugene. Han er den åttande raskaste maratonløparen i verda gjennom tidene, vart nummer fire i OL i fjor og har sigrar i både Boston og Chicago maraton på CV-en. Her har han raka inn godt over to millionar kroner i premiepengar.
Fjorårsvinnaren i nettopp Boston maraton, Diana Kipyokei, vart også suspendert etter å ha testa positivt for doping.
Philemon Kacheran Lokedi fekk redusert straff etter rask tilståing for bruk av testosteron. 30-åringen var ein del av løpegruppa til maratonkongen Eliud Kipchoge og var med som fartshaldar då han sprang dei 42.195 meterane på under to timar i 2019. Det same gjorde Marius Kipserem som torsdag vart utestengd i tre år for bruk av EPO.
– Eg har vore mykje i Kenya, der det er mange gode løparar som legg ned mykje trening for å bli best. Alle er ikkje del av ein kynisk business, dei spring fordi dei liker løping. Så er det sjølvsagt ei økonomisk oppside ved å vinne, då kan det vere freistande for enkelte å ta det steget på ulovleg vis, seier tidlegare toppløpar Sindre Buraas til NRK.
Krev strengare tiltak
Friidrettseksperten meiner at Det internasjonale friidrettsforbundet må komme på banen etter det nylege raset av dopingtekne kenyanarar.
– Dei må komme med strengare tiltak. Tidlegare har vi sett at heile land blir utestengde frå idretten, men det vil vere urettferdig mot dei som konkurrerer på ærleg vis. Eg veit at det er mange kenyanarar som blir testa regelmessig og det blir feil å skjere alle over éin kam, seier Buraas.
Buraas peikar på gateløpa som hovudproblemet, då det akkurat no blir testa færre utøvarar her samanlikna med på bane. Ifølgje AIU finansiering av testinga styrka også her.
– Det skal dannast ei gruppe på rundt 300 godt kontrollerte, profesjonelle gateløparar som skal testast utanfor konkurranse av AIU, opplyser dei.
Kenya er eitt av sju land som AIU meiner har høgast risiko for førekomst av doping og som står i fare for å skade ryktet til sporten. Resten av nasjonane er Etiopia, Marokko, Nigeria, Bahrain, Belarus og Ukraina.