Karsten Warholm tok åtte NM-gull på tre dagar

Multitalentet Karsten Warholm, Dimna, tok åtte gull i ungdomsmeisterskapen i friidrett i Steinkjer i helga. – For kvar ny øving har eg fått ny energi, seier ein strålande nøgd gullvinnar.

Karsten Warholm

Allsidig og talentfull: Karsten Warholm, Dimna, er den store profilen på ungdomsmeisterskapen i friidrett i Steinkjerhallen. (Arkivfoto)

Foto: Vestpress

– Målsettinga var å ta flest muleg gullmedaljar. No har eg vunne alt eg har stilt opp i, seier friidrettstalentet frå Ulsteinvik til NRK Møre og Romsdal. Heile åtte gull vart det til slutt.

Her er merittane i helga for gullsteinvikingen, som representerer Dimna IL:

  • Fredag: Gull i tresteg, 60 m hekk og 400 meter.
  • Laurdag: Gull i høgde og 60 m
  • Søndag: Gull på 200, lengdehopp og stafett

Sjølv om Karsten Warholm på førehand hadde bestemt seg for å vinne, gjekk det over alle forventningar.

– Eg er dritnøgd. Betre enn dette kunne det ikkje bli, seier Warholm. Han følte sjølv at han fekk ny energi for kvar øving og dermed kunne gi alt.

Knuser rekordane

– Han er den store forgrunnsfiguren, seier trenar og lagleiar Arve Hatløy til NRK. Karsten Warholm har i helga sett meisterskapsrekordar i nesten alt han har vore med på. Berre på 60 meter og 60 m hekk overlever dei gamle rekordane.

Arve Hatløy

Trenar og lagleiar Arve Hatløy i Dimna IL seier at Karsten Warholm er den store forgrunnsfiguren under UM i friidrett i Steinkjerhallen.

Foto: Øystein Skarsbø / NRK

- Alt tyder på at han får bestemannspremien blant gutane, seier Arve Hatløy. Den får han anten for 400 meter-løpet på 49,73 eller for høgdehoppet på 2,05.

- Og kva er så grunnen til at ein 17-åring kan bli så god?

- Det er nok ein kombinasjon av eit unikt talent og målretta, seriøs trening, seier trenar Arve Hatløy.

Siste nytt

  • Slovakia-sjef sluttet etter feiring

    Slovakias landslagssjef i fotball Jan Kozak sa opp stillingen etter 1-2-tapet for Tsjekkia i nasjonsligaen. Årsaken til at han sa opp jobben var at sju spillere var ute og festet etter tapet.

    – Det gjorde fryktelig vondt, som om noen spyttet på meg, sier han.

    Jan Kozak
    Foto: Efrem Lukatsky / AP
  • NIF får refs av riksrevisjonen

    Norges Idrettsforbund (NIF) får kritikk av riksrevisjonen for bruken av spillemidler. Ifølge VG har 50 millioner kroner som skulle gå til tiltak for barn og unge i perioden 2012 - 2017 blitt brukt på lønn i Idrettsforbundet.

    Tom Tvedt
    Foto: Jørn Andre Lien <jorn.andre.lien@nrk.no>
  • Ordinas fra Stabæk til Lillestrøm

    Tidligere Stabæk-hovedtrener Toni Ordinas blir ny leder av Lillestrøms utviklingsavdeling fra januar 2019.

    Det bekrefter Lillestrøm på sitt nettsted torsdag.

    Ordinas
    Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport i dag