Hopp til innhold

Trur Warholm er på veg mot verdsrekord-form: – Det er ingen grenser

Karsten Warholm totalsmadra feltet under friidretts-NM på Jessheim og leverte sitt fjerde raskaste løp nokosinne. No trur ekspertane sunnmøringen kan ha funne verdsrekord-forma igjen.

 NM Friidrett 2023

SUVEREN: Karsten Warholm var i ei klasse for seg sjølv under NM på Jessheim torsdag kveld.

Foto: Geir Olsen / NTB

– Det er heilt sjukt. Det er faktisk heilt sjukt. Det er tullete, seier ein smørblid Karsten Warholm til NRK etter løpet.

Sunnmøringen, som for anledninga sprang med Dimna IL-drakt, suste inn til NM-gull med tida 46.75 – og leverte med det eit løp NRK-kommentator Jann Post kalla eit av dei villaste NM-prestasjonane han nokosinne hadde sett.

Warholm, som kom rett frå Diamond League-siger i Stockholm til Jessheim, leverte eit løp ein friidrettskonge verdig.

– Det er noko av det verste eg har sett i NM-samanheng, sa Jann Post etter løpet.

– I all audmjukheit er eg tilbøyeleg til å vere einig, svarar Warholm.

Sjå løpet her:

Trur på Tokyo-tal

Resten av startfeltet på Jessheim hadde rett og slett ikkje sjanse til å hengje på Warholm. Han dundra ut frå start, la dei ti hekkane trygt bak seg og passerte målstreken til nok ei imponerande tid.

– Då blir det krevjande for nokon andre å ta Kongepokal i NM. Det her var brutalt, solid gjennomført, seier NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal.

 NM Friidrett 2023

SMØRBLID: Karsten Warholm kunne glise etter 400 meter hekk-løpet på Jessheim.

Foto: Geir Olsen / NTB

Løpet var faktisk så imponerande at NRKs kommentatorduo byrja å snakke verdsrekorden til Warholm, og om han no kan kome tilbake på eit liknande nivå.

– Det er ingen grenser for denne mannen. Om det er klubbmeisterskap, NM, VM eller OL – han gir det alt han har, sa ein ekstatisk Post i kommentatorboksa til NRK.

– Kva kan denne mannen finne på i ei VM-finale? Eg trudde ikkje på 45-talet før OL i Tokyo, men i år er eg sanneleg ikkje sikker, seier Post, og siktar til Warholms verdsrekord på 45.94.

– Ja, og vi snakka faktisk om at han hadde gjort det vanskeleg for seg sjølv, og at det kunne bli vanskeleg å gjentake 45.94 frå OL-finalen i Tokyo, men no byrjar eg faktisk å tru at det kan vere mogleg igjen. Det her var veldig overbevisande, svarte Rodal.

 NM Friidrett 2023

NOREGSMEISTER: Karsten Warholm under intervjuet med NRK etter å ha smadra feltet på 400 meter hekk.

Foto: Geir Olsen / NTB

– Særdeles sterk søknad

Leif Olav Alnes smilte frå øyre til øyre då han prata med NRK etter løpet til Warholm.

– Det var eit kjempeflott løp. Vi har prøvd begge deler, og det er langt meir morosamt når det går bra, seier Alnes.

Han legg til:

– Om du ser på tida er det veldig lite som ikkje har fungert. Det er gjerne sånn at ein analyserer det ordentleg etterpå og baserer svaret sitt på analysar, men det er i kvart fall ikkje mykje som kan ha gått gale.

– Kva tenkjer du om dette som ein søknad til kongepokalen?

– Eg vil karakterisere det som ein særdeles sterk søknad, seier Alnes.

 NM Friidrett 2023

EDELT METALL: Karsten Warholm med beviset på sigeren under 400 meter hekk.

Foto: Geir Olsen / NTB

Warholm kalla det sjølv ein god søknad.

Kongepokalen i friidretts-NM delast ut av ein jury basert på utøvarane sine prestasjonar under hovudmeisterskapen. Warholm har vunne kongepokalen fem gongar, sist i 2019.

Suveren Rooth

Det var ikkje berre på herresida at det var ein overlegen utøvar i øvinga 400 meter hekk, for Andrea Rooth var i ei klasse for seg sjølv på kvinnesida.

Ho sikra sitt fyrste NM-gull med tida 56.38, som også gav ny personleg rekord.

– Det er dødsgøy. Eg har aldri fått eit jækla NM-gull på den distansen her, og eg har kjempa hardt kvar gong. Men det var veldig deilig at det endeleg var i boks, seier ho til NRK.

– Eg tenkte hele vegen at «no er det ein ved sidan av meg som kjem og tek det, no må du berre springe på. Det er ikkje alltid ein får det til, men at det sat i dag var veldig deilig, seier Rooth vidare.

 NM Friidrett 2023

NØGD: Andrea Rooth etter sigeren på Jessheim torsdag kveld.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ho siktar seg no inn på fleire medaljar av edelt metall under U23-EM neste veke. Men fyrst må ho legge smertene frå torsdagens konkurranse bak seg.

– Tenk at vi gjer det her frivillig, seier ho mens ho pustar og pesar.

Ho påpeiker at det er verdt det, men samanliknar det med å føde.

– No har eg ikkje født, men det følast som det er det nærmaste eg kjem å føde. Det er vondt, seier ho.

– Kor?

– Overalt, eigentleg. Eg trur til og med eg har vondt her, seier ho, og viser fram fletta i håret.

Sjå heile intervjuet Rooth her:

Siste nytt

  • Nypan benket i ny Middlesbrough-seier – Slo Egelis Ipswich

    Sverre Nypans Middlesbrough har fått en kjempestart på sesongen, og fredag tok de nok en kruttsterk seier i den engelske mesterskapsserien.

    Hjemme mot opprykksfavoritt Ipswich vant de 2-1. Nypan, som er på lån fra Manchester City ut sesongen, ble sittende på benken gjennom hele oppgjøret.

    Sindre Walle Egeli startet for Ipswich, men ble byttet ut etter 67 minutter. På det tidspunktet ledet Middlesbrough 2-0.

    Middlesbrough topper tabellen to poeng foran Coventry, som har spilt én kamp mindre enn serielederne.

    Ipswich har skuffet etter nedrykket fra Premier League og ligger på 9.-plass.

    et par fotballspillere på en bane med et publikum som så på
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Strasbourg fortsetter å overraske – tok poeng mot PSGs stjernegalleri

    Strasbourg har levert en strålende sesongåpning i fransk toppfotball og holdt mesterlaget Paris Saint-Germain til 3-3 på bortebane fredag.

    Strasbourg står med fem seirer, en uavgjort og to tap hittil denne sesongen. PSG topper tabellen med ett poeng mer etter åtte kamper.

    Strasbourg ble nummer sju i Ligue 1 sist sesong. Byen, som ligger helt på grensen til Tyskland, har sjelden fått feire titler. Den hittil eneste ligatriumfen kom i 1978/79-sesongen.

    I 2016 befant klubben seg på nivå tre i det franske seriesystemet, men har siden klatret og blitt et lag å regne med i toppdivisjonen. Sjetteplass (2021/22) er det beste resultatet siden 1980.

    PSG har på sin side vært et topplag gjennom mange år og vant sist sesong både ligaen, cupen og Mesterligaen. (NTB)

    En gruppe fotballspillere feirer
    Foto: Christophe Ena / AP / NTB
  • Ruud klar for semifinale i Stockholm – slo tilbake mot amerikansk stjerne

    Casper Ruud er klar for semifinalen i Stockholm Open etter å ha slått amerikanske Sebastian Korda 2-1 (6-7, 6-4, 6-4).

    Nordmannen fikk en tøff start på kampen. Han tapte åpningssettet etter et tiebreak, men i de to neste settene sikret han seg de nødvendige bruddene.

    26-åringen fra Snarøya servet hjem kampen etter to og en halv time.

    – Jeg tok vare på de små mulighetene jeg fikk, og heldigvis servet jeg bra, sa Ruud til arrangøren etter kampen.

    I semifinalen venter enten hjemmehåpet Elias Ymer eller Denis Shapovalov.

    Dersom Ruud tar seg hele veien til finalen i ATP 250-turneringen, kan det bli et møte med danske Holger Rune.

    Rune møter Ugo Humbert i den andre semifinalen.

    en mann som spiller tennis
    Foto: Jonas Ekströmer / TT / TT / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal