Hopp til innhold

Grøvdal gir opp OL-distanse: – Mitt val

Karoline Bjerkeli Grøvdal kjende seg «litt dum» da ho for seint innsåg at ho kunne ha kvalifisert seg til 10.000-meteren i OL gjennom terrengløp. No gir ho opp distansen av andre årsaker.

Karoline Bjerkeli Grøvdal

ALT PÅ ETT KORT: 5000 meter blir Karoline Bjerkeli Grøvdals eneste distanse i OL.

Foto: Heiko Junge / NTB

Det blir berre 5000 meter på meg i NM. Eg har landa på det, seier Grøvdal til NRK.

At ho berre skal springe éin distanse under NM i Sandnes denne veka, høyrast kanskje ikkje ut som eit komplisert val å ta.

Men valet har konsekvensar. Det betyr at 5000 meter også blir hennar einaste distanse under OL.

Ho gir nemleg frå seg siste høve til å kvalifisere seg for 10.000-meteren i Paris – ein distanse som hadde passa veldig bra for kvinna som akkurat tok EM-sølv på 5000 meter og EM-gull på halvmaraton.

Kvifor droppar du 10.000 meter i NM, og dermed OL?

Det er 10.000 meter med piggsko. Det hadde sikkert gått fint, men det er ikkje optimalt, for det er ei ganske stor belasting. Eg har vore skadefri så langt i sesongen, og eg er ikkje skjør, men eg vil ikkje stresse med det. Så då droppar eg 10.000 og går «all in» på 5000, seier ho til NRK.

  • Sjå NM i friidrett på NRK1 frå torsdag til laurdag

Les også Hadde ikke lyst til å løpe gull-løpet: – Jeg har vært bitter

Grøvdal EM-gull

Ikkje sprunge distansen

Grøvdal skulle ønske det var eit val ho ikkje hadde trunge å ta. For ideelt sett skulle ho ønske at ho var kvalifisert for 10.000-meteren i OL for lenge sidan.

Karoline Bjerkeli Grøvdal

BEST I EUROPA: Karoline Bjerkeli Grøvdal følgde opp sølv på 5000 meter med gull på halvmaraton i Roma.

Foto: Heiko Junge / NTB

Det er ho altså ikkje.

Det kjem av at ho verken har klart OL-kravet på 30.40 innanfor kvalifiseringsperioden – eller er kvalifisert på ranking.

Til OL er det sånn at alle som har klart kravet, rett nok avgrensa til maksimalt tre frå kvar nasjon, får stille til start i friidrettsøvingane. For 10.000 meter kunne dette kravet ha vore tatt både på baneløp og i gateløp.

Grøvdal har ikkje sprunge 10.000 på bane i kvalifiseringsperioden. Sist ho sprang distansen var då ho sprang i samløp med Therese Johaug på Bislett 8. mai 2022.

Les også Var nervøs før hun løp fra Johaug: – En duell som blir for mye hausset opp

therese johaug og karoline bjerkeli grøvdal

Visste ikkje om terreng-ranking

Derimot har Grøvdal sprunge distansen på gate tre gonger i år, men utan å klare kravet.

Årsaka til at ho har prioritert gateløp framfor bane, er at springing på asfalt i såkalla «supersko» er mykje meir skånsamt for beina enn baneløp i piggsko.

Når alle automatisk kvalifiserte er inne på startlista, blir resten fylt av plassane i OL-feltet opp via ranking.

På 10.000 meter blir to ulike rankingar brukte. Åtte plassar er sette av til løparar som har kvalifisert seg via terrengløp.

Først i mars blei Grøvdal klar over denne regelen, og då var det for seint. Og det sjølv om ho vann EM-gull og var beste europear i VM terrengløp sist vinter.

For å få teljande ranking, måtte ho nemleg ha sprunge eitt terrengløp til. Det var allereie for seint da ho oppdaga det.

Eg kjenner meg litt dum når eg seier at eg ikkje visste det, erkjenner ho overfor NRK.

Les også Grøvdal tatt på senga av regelendring: – Ting henger jo ikkje saman

EM friidrett 2022 i München

– Mitt val

Dei siste plassane blir delte ut basert på verdsrankinga på 10.000 bane/10 km baneløp. To løp tel.

Det Grøvdal heller ikkje var klar over før i mars, var at minst eitt av løpa måtte vere sprunge på bane.

Grøvdal

BEST I TERRENGET: Karoline Bjerkeli Grøvdal har tre strake EM-gull i terrengløp.

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

Ho understrekar at det er hennar eige ansvar.

Det med terrengrankinga synest eg jo at eg kunne fått beskjed om frå nokon i leiinga. Men det andre fann eg ut tidsnok til at dette no er mitt val, påpeikar Grøvdal.

Først og fremst er ho sjølvkritisk fordi ho ikkje har sprunge fort nok i dei gateløpa ho har stilt opp i.

Eg har hatt fokus på 30.40 og eigentleg aldri tenkt på ranking. Eg er eigentleg litt imot det. Skal ein vere med, bør ein klare kravet, seier Grøvdal.

  • Retting 26. juni kl. 12.30: I denne saka sto det først at Grøvdal ikkje før i juni kjende til at eit av dei to løpa på verdsrankingen måtte vere på bane. Grøvdal presiserer overfor NRK at ho blei kjend med dette i mars. Ho seier også at utsegna om at ho kjende seg «litt dum» var knytt til at ho ikkje kjende til at ein kunne kvalifisere seg til OL gjennom terrengløp – ikkje til at ho først i mars blei klar over at eit av dei to løpa på verdsrankingen måtte vere på bane, slik det først var skrive i denne saka.

Post: Lettare på 10.000

Kjenner du at du no går glipp av din beste distanse i OL?

Nei, det gjer eg ikkje. Då hadde eg gått inn for å kvalifisere meg no. Eg kjenner eg er ganske lik på begge. Men 10.000 er siste dag i OL, det hadde passa veldig bra å doble, så eg hadde takka ja om eg blei tilboden ein plass, seier Karoline Bjerkeli Grøvdal.

NRKs friidrettskommentator Jann Post er berre delvis einig i analysen.

Karoline har nok rett i at ho er ganske femti-femti, men i OL vil det nok vere litt svakare motstand på 10.000 meter. Vi veit ennå ikkje heilt kva folk vel å satse på, men slik det ser ut, ville det ha vore lettare å kjempe om ei topp seks-plassering på 10.000, analyserer Post.

Sportsnyheter

en person som har på seg hodetelefoner

Meiner det blir for mykje kjærastar og kjendisar: – Det går litt over styr

Kjendisane strøymer til Formel 1-arenaen for å sjå verdsstjernene i aksjon. Men for enkelte har det blitt litt mykje kjendis – og litt lite sport.

Alexis Mac Allister får behandling

Liverpool freser etter denne situasjonen: Lå blodig på gresset da motstanderen scoret

Liverpool-stjernene reagerte kraftig mot dommeren etter en blodig hodesmell. De får støtte av flere eksperter.

samling

Har blitt «ekspertar» på reising: Takkar Taylor Swift og strikketøyet

Denne gjengen reiser verda rundt nesten 250 dagar i året. For å vere i toppform når det gjeld har Ingrid Landmark Tandrevold og resten av gjengen fleire lure tips.

Siste nytt

  • Mbappé sendte Real Madrid til topps – to utvist i derbyet

    Kylian Mbappé scoret sitt 10. mål på ni seriekamper og ga Real Madrid 1-0-seier i derbyet mot Getafe. Dermed er laget tilbake på tabelltopp.

    Seieren satt langt inne. Målet kom ti minutter før full tid, da Getafe nettopp hadde pådratt seg den første av to utvisninger.

    Allan Nyom ble utvist i det 77. minutt, rett etter at han ble byttet inn. Mbappé scoret tre minutter senere.

    Alex Sancris ble deretter utvist med sitt annet gule kort, og Getafe måtte avslutte med ni mann. Likevel holdt laget på å utligne, men Thibaut Courtois berget Real Madrid med en god redning.

    Real Madrid tok sin åttende seier på ni seriekamper og et to poeng foran Barcelona før lagene møtes i sesongens første El Clásico om en uke. (NTB)

    En person som løper på et jorde
    Foto: THOMAS COEX / AFP / NTB
  • Femte strake seier for Brandsegg-Nygård og Red Wings

    Michael Brandsegg-Nygård og hans Detroit Red Wings har fått en ypperlig start på NHL-sesongen. Søndag ble Edmonton Oilers slått 4-2.

    Red Wings har vunnet fem kamper på rad etter tapet for Montréal Canadiens i sesongåpningen, som også var nordmannens NHL-debut.

    Brandsegg-Nygård spilte 14.11 minutter søndag. Han noterte ett skudd på mål, tre blokkerte skudd og ett skudd utenfor, i tillegg til tre taklinger. Han var ikke på isen ved noen av kampens scoringer.

    Etter en målløs første periode festet Red Wings grepet da Dylan Larkin og Emmit Finnie scoret i midtperioden. Noah Philp reduserte for gjestene, men Larkins satte inn 3-1 før siste pause.

    Leon Draisaitl skapte ny spenning snaut halvveis i 3. periode, og kampen levde helt til Finnie satte punktum i tomt bur 1.22 minutt før slutt. Begge lag hadde store sjanser rett før det målet.

    Red Wings ble med seieren fjerde lag som nar nådd tosifret poengtall i den nye sesongen. Laget leder sin avdeling. (NTB)

    Hockeyspillere på isen
    Foto: GREGORY SHAMUS / AFP / NTB
  • Verstappen suveren i USAs Grand Prix – tok ytterligere innpå i VM-kampen

    Max Verstappen kom best ut fra start i USAs Grand Prix i Formel 1 og var senere aldri truet på vei mot sin tredje seier på de fire siste løpene.

    Lando Norris endte på 2.-plass, mens VM-leder Oscar Piastri ble nummer fem.

    Dermed ble det en perfekt helg for den firedobbelte verdensmesteren fra Nederland, som etter å ha vært fullstendig akterutseilt har tatt kraftig innpå McLaren-duoen på topp i VM-sammendraget. Håpet om hans femte strake VM-tittel stiger i Red Bull-stallen.

    Med sine 25 poeng poeng for seier tok Verstappen inn 15 nye poeng på Piastri. Gapet er nede i 40 poeng med fem VM-runder igjen.

    Lørdag krasjet Norris og Piastri i starten og måtte bryte sprintløpet, der Verstappen tok en klar seier og tok inn åtte poeng på begge VM-rivalene.

    Fra «pole position» fikk Verstappen en ypperlig start på søndagens løp, mens Norris i nest beste startposisjon ble passert av Ferrari-fører Charles Leclerc. (NTB)

    en racerbil på en bane
    Foto: Eric Gay / AP / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal