Hopp til innhold

Kapteinens «ulovlege» dommedagsskot redda tabelltoppen for City

«Alle» bad Vincent Kompany om ikkje å skyte. Derfor gjorde han det, og sende Manchester City tilbake til tabelltoppen med 1-0 over Leicester før ligaavslutninga søndag.

Vincent Kompany

KAPTEINEN TOK ANSVAR: Vincent Kompany jublar med lagkameratane etter scoringa som gir laget fordel i ligavaslutninga

Foto: Phil Noble / Reuters

Laster innhold, vennligst vent..

– Vinny ikkje skyt, ropa Citys Sergio Agüero då kampteinen fekk ballen meir enn 25 meter frå mål.

– Det var eit råd det var uaktuelt å følgje, sa Kompany.

Så ladda han kanona og fyrte av. Og redda kanskje ligagullet for Manchester City.

City fekk det tøffare mot Leicester enn det dei hadde tenkt seg måndag kveld, og kunne puste svært letta ut etter sigeren – nummer 13 på rad.

70 minutt var nesten gått. City pressa og pressa, men svidde alle sjansane. Leicester forsvarte seg ekstremt godt.

Liverpools håp om at City skulle gå på eit avgjerande glipptak i liga-innspurten, tok til å spire.

Då var det kapteinen steig fram. Vincent Kompany fekk ballen langt ute, fann ikkje gode alternativ, og valde å smelle til. Frå 25-30 meter fauk prosjektilet inn i krysset. Ikkje eingong Kasper Schmeichels tigersprang kunne gjere noko med det.

– Eg har scora slike mål på trening, sa Kompany.

– Ikkje skyt

Pep Guardiola

MANAGER: Pep Guardiola ville ikkje at Kompany skulle skyte. - Heldigvis følgde han ikkje tankane mine

Foto: Paul Ellis / AFP

– I løpet av 15 år har alle sagt til meg «ikkje skyt, spel ballen». Men i dag var det uaktuelt å følgje det rådet, sa han.

– Vi tok til å bli litt frustrerte, la han til.

Manager Pep Guardiola var ein av dei som ikkje ville at han skulle skyte.

– Eg sat på benken og tenkte «ikkje skyt, ikkje skyt». Men han var smart, han følgde ikkje tankane mine, sa Guardiola.

Leicester forsvarte seg godt, men fekk det vanskeleg etter kvart.

– Vi jobba skikkeleg hardt, men vi var tunge i beina på slutten. Og vi kan ikkje gi Kompany så mykje tid som han fekk ved scoringa, sa Leicesters keeper Kasper Schmeichel.

– Vi såg at vi møtte eit topplag. Eg kan ikkje sjå noko anna enn at dei også slår Brighton søndag, sa han.

Ikkje sidan Brann stadion i 2007

33-åringen har aldri før scora for City frå utanfor 16-meteren. Då han først gjorde det, kan det ha sikra klubben hans eit nytt ligameisterskap.

Sjå scoringa her (video med løyve frå TV 2):

Ifølgje TV 2s studio var sist Kompany scora frå utanfor feltet var på Brann stadion i 2007, for Hamburg i ein europacupkamp.

– Han er ein mann for dei store anledningane, sa Brede Hangeland.

TV-bileta viste ein emosjonell Vincent Kompany som fekk klem av omtrent alle City-spelarane og lagleiarane på bana då kampen var avblåsen.

– Det var ei scoring som er verd ligatittelen, sa BBCs kommentator Chris Sutton.

Leicesters store sjanse

Dermed kunne City senke skuldrane. Manager Pep Guardiola hadde vore svært så aktiv og gestikulerande på sidelinja. No kunne han slappe litt meir av.

Likevel kunne det lett ha gått gale for ligaleiaren. Tre minutt før slutt glapp det i forsvaret, og Kelechi Iheanacho blei spela heilt fri, men åleine med keeper sette nigerianaren ballen utanfor.

Manchester City måtte vinne for å ha overtaket i tittelkampen før siste runde. Poengtap ville sende Liverpool til førarsetet. No har Manchester-laget lagnaden i eigne hender.

I siste kamp søndag ventar Brighton borte. Samstundes møter Liverpool Wolverhampton heime. Eitt poeng skil laga i Citys favør, det betyr at dei er ligameister med siger.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal