– Det har komme fram at russarane er tatt i doping i ei rekke ulike idrettar. Det er tydeleg at dette har blitt sett i system i Russland. Vi har nulltoleranse som utgangspunkt, og er nødt til å slå til mot dette. Då kan også ein diskusjon (om utestenging) komme til å omfatte fleire idrettar, seier Heiberg.
Tirsdag neste veke skal Den internasjonale olympiske komité (IOC) mellom anna diskutere om russiske idrettsutøvarar får delta i OL eller ikkje.
Med seg tar dei Det internasjonale friidrettsforbundets konklusjon frå fredag kveld: Russiske friidrettsutøvarar får ikkje delta i OL etter ei rekke dopingavsløringar.
– Eg er letta. Vi er på rett veg, seier IOC-medlem Gerhard Heiberg om Det internasjonale friidrettsforbundets avgjerd.
– Men dette er ikkje ei endeleg avgjerd om deltaking eller utestenging av russiske utøvarar, legg han til.
- Bakgrunn: Russland utestenges fra OL i Rio
Heiberg: IOC har siste ord
Heiberg fortel at IOC har siste ord i saka. Nordmannen vil ikkje seie noko om korleis han trur det endar, men påpeiker at IOC må sjå Russlands deltaking i eit større perspektiv.
Det kan ende med at IOC overprøver IAAFs vedtak. Det kan også ende med at IOC utestenger fleire idrettar enn bare friidretten.
– Vi har andre hensyn å ta. OL omfattar mange andre idrettar. Det har vore doping i andre idrettar i Russland. Dette kjem med i betraktninga når det skal konkluderast. Det er også mogleg at nokre vil spele inn det politiske som foregår rundt alt dette, seier Heiberg til NRK.
– For IOC handlar det nok om å tenke litt større i et politisk perspektiv, poengterte Heiberg til Dagbladet dagen før Det internasjonale friidrettsforbundets konklusjon.
Heiberg er tilstades når IOC konkluderer i Lausanne.
Hansen: IOC kan ikkje overprøve avgjerda
President i det Europeiske friidrettsforbundet, Svein Arne Hansen, fortel at IOC ikkje kan overprøve IAAFs konklusjon.
– Eg trur ikkje at det vil skje noko som helst. Det er Det internasjonale friidrettsforbundet som har full bestemmingsrett over friidretten i RIo, seier Hansen.