– Vi meiner det er på tide at minsteløna i handball og ishockey blir det same som i fotball, seier NISO-leiar Joachim Walltin til NRK.
Han står klar til å gå på forhandlingsmøte med arbeidsgivarorganisasjonen Abelia, som representerer klubbane. Der er lønssituasjonen i dei to idrettane eitt av fleire krav som skal diskuterast.– Dei andre krava trur eg vi skal kome i mål med, men i lønsspørsmålet står vi langt frå kvarandre, seier Walltin.
Det var TV 2 som først omtalte saken.
Minimum 20 prosent stilling
I dag kan klubbane betale heilt ned til 1000 kroner i månaden for proffkontrakt, slik at dei har arbeidstakarplikter overfor klubbane. NISO vil auke denne grensa til 4000 kroner.
I dag er det berre fotball som har formalisert avtale om minsteløn. Der blir det ikkje tillate proffkontraktar med mindre enn 20 prosent stilling. Etter statens lønstrinn blir det litt over 4000 kroner i månaden.
Dette er krav i eliteserien og 1. divisjon for menn. I kvinnefotball og i lågare divisjonar for menn kan dei velje mellom minsteløn og amatørkontrakt.
– Eit slikt val mellom proff og amatør synest vi er ei rimeleg løysing også for ishockey og handball, seier Walltin.
Spelarimport
– Vil ikkje ei firedobling av minstelønna gjere det endå vanskelegare for klubbar som slit økonomisk i dag?
– Vi veit vel alle at det er mange utanlandske importspelarar som har mykje høgare lønningar enn det vi snakkar om i dag. Eg trur ikkje det er minsteløna som velter nokon klubbøkonomi. Vi vil ha eit klarare skilje mellom amatør og proff, og at klubbane kan ta inn spelarar på amatørkontrakt om dei ikkje greier minstelønninga.
Partane starta forhandlingane allereie 10. september, men stod så langt frå kvarandre at dei valde å ta ein pause. I dag møtest dei igjen.
Mekling
– Dersom det ikkje ser ut som om vi nærmar oss ei løysing, kan det bli brot. Då går saka til mekling, seier Walltin.
– Kva tar de med dykk inn i forhandlingane i dag som de ikkje hadde i september?
– Vi har sondert blant våre medlemmer kva som er det viktigaste for dei, og prøvd å sjå på alternative løysingar. Vi håpar motparten også har brukt tida godt.
Om meklinga heller ikkje fører fram, blir det streik. Det har aldri skjedd før i ishockey og handball. Kor lenge det blir til mekling, er avhengig av når riksmeklaren har tid.
– Det er nokre steg igjen enno, seier Walltin.
Abelia vil ikkje kommentere saka før dagens forhandlingsmøte.
– Det blir feil å gå ut i media med detaljar frå forhandlingane. Det beste er at partane diskuterer sakene internt, seier Steinar Q. Andersen i Abelia til TV 2.