Sjå lista over alle 100 gulmedaljene nederst i saka.
- Det er mykje historie bak dette. Det er stort at det er ei jente som tar både OL-gull nummer 100 (Tora Berger i Vancouver i fjor) og ei jente som tar VM-gull nummer 100. Det er utruleg, sa Bjørgen til NRK etter sprintfinalen.
At ho i VMs første øving skulle sikre det historiske norske gullet, var ingen overrasking, og det vart også raskt klart at det kom til å gå den vegen. I
tok ho tidleg leiinga og var aldri trua.- Det er det råaste eg har vore med på, sa Bjørgen til NRK etter at den historiske gullmedaljen var sikra.
Grøttumsbråten først
Johan Grøttumsbråten tok den første norske gullmedaljen i eit VM, det skjedde i Lahti i 1926 då Norges første skikonge tok gull i kombinert.
Toralf Engans bronse i normalbakken i Zakopane i 1962 var nummer 25, Bjørn Dæhlies 15 km-gull i Val di Fiemme i 1991 nummer 50, og kombinertlagets gull i Lahti for ti år sidan nummer 75.
Her er lista over alle dei norske gullmedaljene i VM:
NB: Frå 1924 til 1980 var OL-vinnarane formelt også verdsmeistrar, men dei er ikkje tekne med i denne lista. Den byggjer berre på reine ski-VM.
Og slik har det gått i tidlegare VM: