Hopp til innhold

Johaug skremd over ny hjartestans: – Får meg til å tenke om det er verdt det

TORSBY/OSLO (NRK): Therese Johaug var tydleg prega etter hjartestansen som råka Sondre Turvoll Fossli. Landslaget tar no grep for å gjere kvardagen tryggare for utøvarane.

Therese Johaug

SKREMD: Nok ein hjartestans i langrennsmiljøet har fått Therese Johaug til å tenke om det er verd å halde fram med toppidrett.

Foto: Benjamin Bakken / NRK

– Først og fremst er eg glad for at det gjekk så bra som det gjorde. Det er skremmande at det kan skje ein så frisk gut. At han som er så godt trent skal hamne i ein slik situasjon er veldig skremmande, seier Johaug til NRK.

Fossli var ute på biltur med kjærasten, da hjarte utan forvarsel stoppa. Ved hjelp av kjærasten og ein forbipasserande syklist som handla raskt, redda det truleg livet til sprintløparen.

Hendinga får også Johaug til å tenke tilbake på si gode vennine og tidlegare langrennsløpar Ida Eide (30) som omkom etter at ho fekk hjartestans under eit mosjonsløp i september i fjor.

– Heldigvis hadde Sondre englevakt og dei rette folka rundt seg som gjorde at det gjekk bra. Men det er heilt klart at det vekker kjensler. Ein blir redd og tenker om dette verkeleg er verd det, seier ein tydleg prega Johaug.

Ho legg til at det sjølvsagt pregar miljøet hennar når det kjem så tett på, samstundes som det vekker minner til dei som ikkje har vore like heldige som Fossli.

– Ein blir jo redd, eg innrømmer det. Ein tenker jo på om det er sunt å presse seg på den måten som vi gjere og om det er ein samanheng.

OL-gullet betyr ikkje like mykje lenger

Therese Johaug

VM-DRONNING: Therese Johaug gjorde reint bord under VM på ski i Austerrike i vinter, men dei mange hjartestansane i idretten har gjort inntrykk.

Foto: Matthias Schrader / AP

På spørsmål frå NRK om dette betyr at Johaug sjølv har vurdert sin eigen karriere med tanke på det som har skjedd i skimiljøet dei siste åra, så svarar skiløparen frå Dalsbygda slik:

– Sånn som eg ser på det, så held eg på med toppidrett så lenge det gir meg noko. Om det blir etter denne sesongen eller om to år, kan eg ikkje gi noko svar på no. Men eg må innrømme at det OL-gullet i Beijing betyr ikkje så mykje for meg lenger, som det kanskje gjorde for nokon år sidan.

Hatt lege på besøk

Også dei andre landslagskvinnene som var samla til pressetreff i Torsby i Sverige i dag var tydleg prega av det som har skjedd med den 26-år gamle lagkameraten.

– Det er litt ekkelt. Det blir ein liten vekkar, heldigvis gjekk det bra. Når du får beskjed om sånt er det ikkje så viktig med «dissa skia», seier Heidi Weng.

Therese Johaug

SAMTALE: Landslagslege Ola Rønsen var i dag i samtale med dei norske skijentene etter at Sondre Turvoll Fossli fekk hjartestans tidlegare i veka.

Foto: Harald Thingnes / NRK

Maiken Caspersen Falla har sjølv opplevd at ho for nokon år sidan hadde ein bi-lyd på hjarte. Ho meiner dei blir tatt godt vare på og at landslaget er flinke til å ta dette på alvor.

– Vi har hatt besøk av sjefslegen som har informert oss litt i dag, og det er uvanleg at dette skjer. Så eg håpar vi klarar å gå rundt og ikkje bekymre oss.

Tar grep

Medisinsk ansvarleg Ola Rønsen som i dag har vore i samtale med skijentene forstår at ei slik hending er skremmande.

– Vi skjøner at dei spør om sånt når slike ting skjer. Den refleksjonen synest eg er sunn. Det handlar om å byggje tryggleik rundt dei. Vi gjere det med fleire tiltak. Vi har også snakka om å ha med hjartestartar på trening og der vi ikkje har med smørebussen.

Siste nytt

  • Luton misset seiershattrick mot Everton

    Luton prøvde å slå Everton for tredje gang denne sesongen, men måtte nøye seg med 1-1 og er fortsatt på nedrykksplass i Premier League.

    I en kamp med mange store sjanser til begge lag tok Everton ledelsen på et VAR-straffespark midt i første omgang, men Elijah Adebayo utlignet da han knuste Ashley Young i en duell ved lengste stolpe, tok ned ballen og knallet den i mål.

    Luton måtte vinne for å klatre forbi Nottingham Forest og ta seg over nedrykksstreken, men er i stedet bak på målforskjell med en kamp mer spilt.

    Everton kom fra seier i tre strake hjemmekamper og har tross sine poengstraffer berget plassen. Likevel ville laget gjerne fortsette seiersstimen.

    UZxSU_N9CXo
    Foto: AP
  • Schjelderup-perle hjalp Nordsjælland til seier

    En frisparkperle fra Andreas Schjelderup ble vinnermålet da Nordsjælland slo AGF 3-1 borte. Laget henger med i gullkampen i dansk fotball.

    Farum-laget inntok 2.-plassen tre poeng bak Brøndby, men ett foran FC København og Midtjylland før de tre andre topplagene skal i aksjon søndag.

    Halvparten av målene i kampen ble scoret av banens to nordmenn, for på overtid reduserte Magnus Knudsen for AGF, som torsdag spiller cupfinale mot Silkeborg.

    Søndag er det storkamp mellom Midtjylland og Brøndby, mens FC København gjester nettopp Silkeborg. (NTB)

    Z9MpMJjlMEg
    Foto: NTB
  • Stian Solberg ga ishockeylandslaget 1-0-seier over Latvia i forlengning

    Stian Solberg vant pucken, gikk fra egen halvdel og ga Norges ishockeylandslag 1-0-seier over Latvia etter 37 sekunder i forlengningen fredag.

    Det skjedde etter tre målløse perioder i Riga.

    Det norske laget gikk rett i strupen på bronsevinneren fra fjorårets VM og dominerte den første perioden. Norge vant skuddstatistikken i de første 20 minuttene 13-2, og supertalentet Michael Brandsegg-Nygård hadde to stolpetreff.

    Solberg er svært ettertraktet og kan i juni bli den første norske spiller som velges i første runde i NHL-draften.

    Lagene møtes igjen lørdag i generalprøven før elite-VM. Mandag offentliggjør landslagssjef Tobias Johansson troppen til mesterskapet i Tsjekkia. Norge spiller sin første kamp mot Sveits fredag 10. mai. (NTB)

    x0J7YQ1S8hE
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal