– Det vart sterkt, men godt å få møte han. Det blei litt emosjonelt, sa sprinttrenar Arild Monsen til NRK etter å ha besøkt Fossli på sjukehuset i dag.
Ifølgje han og familien har 26-åringen gjort framsteg og han skal i dag vore ute av senga for første gong.
– Etter forholda står det bra til med Sondre. Han var i godt humør, så eg vart positivt overraska.
Sprintlandslagsløparen fekk hjartestopp medan han var ute og køyrde bil saman med kjærasten måndag. Snarrådig innsats frå ho og ein forbipasserande syklist bidrog til at 26-åringen sitt liv framleis stod til å redde då ambulansepersonell kom til staden.
– Det skjedd heilt plutseleg under køyreturen. Det var ingen forvarsel, så det kom som eit sjokk på alle, fortel Monsen.
Han vart sjølv varsla på måndag om det som hadde skjedd med 26-åringen.
– Det var ein tøff dag og ein tøff beskjed å få. Eg får vel bruke ordet sjokk rett og slett.
Fossli hadde i dag sambuar og famlie rundt seg på sjukehuset, og det er førebels usikker kor lenge han må bli der.
Det er også alt for tidleg å sei noko om kva dette vil ha å sei for hans framtidige skikarriere.
– Det kan ein ikkje seie noko om. Det sa han sjølv også. No får vi ta det steg for steg. Han var optimistisk. Sondre sitt mål er sjølvsagt å kome attende som toppidrettsutøvar, seier Monsen.
Han legg til at Fossli samstudes ser realistisk på situasjonen.
15 prosent sjanse for å overleve
Overlege Geir Øystein Andersen ved hjartemedisinsk overvaking ved Oslo Universitetssykehus er ikkje i tvil om at skistjerna har vore heldig. Oddsen for å overleve ein hjartestans på ein offentleg stad eller i heimen er nemleg ikkje stor.
– Generelt så er det dessverre berre 14 til 15 prosent sjanse. Det er den statistikken vi har.
Han understrekar difor kor viktig det er at folk raskt kjem i gang med hjarte- og lungeredning, dersom nokon på gata fell om.
– Kjem dei inn til oss og hjarte er i gang, sjølv om dei er medvitslause, så kan vi redde over halvparten i dag, fortel overlegen.
Fann ingen feil på hjartet
Landslagslege Øystein Andersen uttalte til NRK i går at Fossli sitt hjarte var undersøkt og at det ikkje hadde gitt nokon mistanke om at noko var gale med hjarte hans.
– Det finst ingen spesifikke gransking som aleine eller samla kan identifisere alle personar med auka risiko for plutseleg død. Det er rett og slett ikkje mogeleg å fange opp alle med sjukdom, konstaterer han ovanfor NRK.
Ved Oslo Universitetssykehus jobbar hjartespesialistane framleis med å finne ut kvifor Sondre Turvoll Fossli sitt hjarte stoppa.
Sondre Turvoll Fossli er på det norske sprintlandslaget. Han har ein verdscupsiger, frå Ruka i 2015.