Hopp til innhold

Jim (21) forlét fiskeoppdrett og blei verdsstjerne på eitt år

I fjor jobba han med fiskeoppdrett saman med onkelen sin, og budde på guterommet heime. No er Jim «jeemzz» Eliassen (21) ein av verdas beste på dataspelet PUBG og har millioninntekt.

Eliassen

SUKSESS: Jim Eliassen budde på guterommet og jobba med fiskeoppdrett. Så blei «jeemzz» bland verdas beste i dataspelet PUBG.

Foto: Patrick «Frosz» iu / PRIVAT

Året etter at han slutta på oppdrettsanlegget har han tent 1,3 millionar kroner, mest i dei aller siste månadene.

– Eg var god i spel, men tenkte ikkje over at eg skulle bli profesjonell spelar. Den draumen hadde eg ikkje. Men så kom PUBG, og då skjedde det berre, seier han.

For halvtanna år sidan var han mest oppteken av det same som dei fleste andre: Studere, få seg ein skikkeleg jobb, og alt slikt.

Jimmy Jeemz Eliassen

LAG: «Jeemzz»er saman med tre andre på Team Liquid, som har spela seg opp til eitt av dei beste i verda.

Foto: Privat

«Dritspel»

Eliassen meinte til og med at PUBG var eit dritspel då han fekk kjennskap til det. Men så kjøpte ein av kameratane spelet, og dei tok til å spele.

Etter å ha spelt fleire turneringar online, blei Eliassen kjend med andre spelarar som inviterte han med på laget Penta. Så fekk Penta ein invitasjon til storturneringa IEM Oakland, kor det var over ein million kronar i premiepenger.

– Der gjekk det ikkje så bra, berre ein 17.-plass. Men deretter blei eg kontakta av Team Liquid, seier han.

Jimmy Jeemz Eliassen

TRØYE: Som idrettsfolk flest har «Jeemzz» fått seg skjorte med namnet på.

Foto: Patrick «Frosz» iu

Team Liquid er blant dei aller største og mest kjende laga i esport internasjonalt.

Før turen til Oakland i California hadde ikkje 19-åringen vore i utlandet, anna enn på nokre handleturar over svenskegrensa. Turen til den amerikanske vestkysten var første gongen han sat i eit fly.

Etterpå har han vore i rampelyset det meste av tida.

– Går det ut over det sosiale?

– Ja, eg har mista mykje familietid og kjærestetid. Venene mine har eg vel ikkje mista, men eg har ikkje akkurat hatt god tid til å vere saman med dei heller.

Må kanskje flytte til utlandet

Jeemzz' kvardag går stort sett på å stå opp saman med kjærasten, gjere unna den pålagde streaminga medan ho er på jobb. Og om kvelden er det trening med laget dei fleste dagane.

– Treninga går stort sett ut på å ha ein variert taktikk og spelestil. Og vi prøver heile tida å betre kommunikasjonsivået, seier han.

Sjølv er han redd han må flytte til utlandet snart.

– Om eit år trur eg det er starta ein ny pro-liga i PUBG. Eg har høyrt at alle som skal spele på laget er, må flytte saman og bu i same leilighet, seier han.

Mora var ikkje vidare begeistra då han slutta i jobben og blei spelar på heltid.

– Men så tok pengane til å rulle inn. No forstår ho kor stort det er, og no sit ho og onkel og ser på alle turneringane.

Han blir også attkjend på gata. Og må skrive autografar.

– Det var litt ekkelt til å begynne med, fordi eg har så dårleg handskrift. Men det har kome seg no.

PUBG

STJERNER: Liquid-laget i Star-serien. Bilde med tillatelse fra ESL.

Foto: ESL

Siste nytt

  • Leicester rykket opp igjen til Premier League

    Leeds tapte hele 0-4 borte mot Queens Park Rangers fredag kveld. Dermed ser det ut til at et direkte opprykk glipper for den tradisjonsrike klubben, mens Leicester kan feire retur til Premier League neste sesong.

    Etter fredagens kamp har Leeds fire poeng opp til Leicester, men kun én kamp igjen å spille. Leicester har på sin side to kamper igjen å spille.

    For Leeds' del jakter Ipswich Town like bak. De er ett poeng bak Leeds, men har spilt to kamper mindre. Dermed vil fem poeng på de siste tre kampene sikre et opprykk for Ipswich.

    For Leicester ble oppholdet på nest øverste nivå i engelsk fotball kortvarig. Klubben som vant Premier League i 2016, rykket ned fra Premier League i fjor.

    Seieren til Queens Park Rangers gjør at de har sikret plassen på nest øverste nivå.

    Leicester
    Foto: AP
  • Medier: Liverpool og Feyenoord enige om Slot-overgang

    Arne Slot blir etter alt å dømme arvtakeren til Jürgen Klopp som Liverpool-manager. Ifølge flere medier har Feyenoord gått med på å slippe ham.

    Det skjer etter at Slot torsdag bekreftet at han ønsket seg til Liverpool.

    – Jeg vil gjerne til Liverpool. Nå venter jeg på å se om klubbene kommer til enighet. Jeg er veldig trygg på det, sa Slot til ESPN.

    Nå melder flere medier, blant dem The Athletic, at klubbene har kommet fram til en kompensasjon for nederlenderens tjenester. Også nederlandske medier hevder at Slot nærmer seg Liverpool-jobben.

    Liverpool har vært på managerjakt siden Klopp i vinter varslet at han kom til å gi seg ved sesongslutt. Tyskeren hadde egentlig to år igjen av kontrakten.

    I Nederland er 45-årige Slot kjent for å stå for en offensiv og energisk spillestil. Han ledet i fjor Feyenoord til serietittelen og fulgte i år opp med å vinne cupen.

    Slot tok for to år siden Rotterdam-laget til finalen i Serieligaen. Han leverte også sterke resultater som AZ Alkmaar-trener. (NTB)

    Arne Slot
    Foto: AFP
  • Stortalent herjet da Norge vant i VM-test

    Treningskampen mellom Norge og Danmark i Asker endte 4-3 fredag kveld etter spilleforlengelse.

    18 år gamle Michael Brandsegg-Nygård er blant verdens mest ettertraktede talenter og han viste hvorfor fredagens kamp.

    Brandsegg-Nygård ble kreditert alle Norges tre mål i ordinær tid.

    – Jeg vet ikke. To i hvert fall, sa Brandsegg-Nygård til TV 2 i pausen mellom andre og tredje periode.

    – Den gikk på skøyta mi, men så jeg ikke hva som skjedde etter. Jeg tror Petter (Vesterheim) slo den inn, sa Brandsegg-Nygård videre - noe også TV 2s kommentatorer konkluderte med.

    Norge ledet 3-1 etter den andre perioden, men Danmark kom tilbake i den tredje perioden og fikk utlignet til 3-3. Dermed ble det spilleforlengelse i Asker.

    Der var igjen Brandsegg-Nygård sentral og scoret Norges vinnermål i spilleforlengelsen.

    Norge og Danmark møtes til ny treningskamp lørdag. Deretter skal Norge spille to treningskamper borte mot Latvia neste uke, før VM starter 9. mai.

    Michael Brandsegg-Nygård
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal