– Vi har ikkje eit forhold lenger. Før 24. februar snakka alle utøvarane saman, vi snakka saman med russiske utøvarar, men etter det forandra alt seg. Ingen av dei skreiv noko. Dei vart stille, seier Mahutsjikh til NRK.
– Og mange utøvarar seier at det ikkje er deira problem, då Julija (Levtsjenko) og Iryna (Herasjtsjenko) og eg delte ting på sosiale medium. Dei forstår ikkje at det er ein russisk invasjon av landet mitt, Ukraina ... Og så seier dei «Vi kan ikkje gjere noko». Dei kan gjere noko. Kvifor tenkjer dei slik?
Mahutsjikh blir rekna som den store favoritten til å vinne høgdekonkurransen i fråværet av Lasitskene. Russlands regjerande verdsmeister og olympiske meister får ikkje delta i meisterskapen som følgje av Russlands krig i Ukraina.
– Og det var alt
Mahutsjikh seier at tausheita har vore bortimot total frå russarane. Då den store friidrettsstjerna til russarane braut stilla etter tre månader med krig, vekte det berre harme i den ukrainske leiren.
– Marija Lasitskene skreiv berre eit brev til Thomas Bach etter tre månadar med krig. Og det var alt ho skreiv. Verkeleg ille, seier Mahutsjikh.
Lasitskene gjekk hardt ut mot IOC-president Bach og World Athletics for å ta frå henne moglegheita til å konkurrere. Ho skreiv samtidig at ho hadde medkjensle for det dei ukrainske konkurrentane hennar gjekk gjennom og ikkje visste korleis ho kunne sjå dei i auga.
Mykje har endra seg det siste året.
Feiringa skapte overskrifter
For snautt elleve månadar sidan skapte forholdet deira furore i Ukraina. Gullvinnar Lasitskene og bronsevinnar Mahutsjikh vart avbilda saman, i gledesrus, medan dei feira OL-medaljane sine i Tokyo.
OL-MEDALJØRANE: Australske Nicola McDermott, russiske Marija Lasitskene og ukrainske Jaroslava Mahutsjikh tok medaljane i OL.
Foto: David J. Phillip / APBegge utøvarane er innrullerte i dei militære styrkane i høvesvis Russland og Ukraina, slik tradisjonen ofte er i dei tidlegare sovjetrepublikkane. Hendinga førte til at det ukrainske forsvarsdepartementet kravde ei forklaring frå Mahutsjikh. Det enda med at ho takka dei militære styrkane i landet, som sidan 2014 hadde vore i strid aust i Ukraina.
– Det er ein del av livet mitt, og det var ei erfaring som gjorde meg sterkare mentalt. Ein del av meg angrar på det. Det skjedde og eg kan ikkje endre det, seier den ukrainske stjerna, som no har lagt episoden bak seg.
Gullfavoritt
NRK møter henne nokre dagar før VM-starten på eit av dei mange husa som tilhøyrer eit av brorskapa ved Universitetet i Oregon, der Puma har innlosjert seg for meisterskapen. Saman med Karsten Warholm er ho blant dei fremste stjernene til merket.
SCENEKLAR: Jaroslava Mahutsjikh ventar saman med OL-meister Gianmarco Tamberi på å møte pressa.
Foto: Fredrik TombraUkrainaren har hoppa høgast i verda i år med 2,03 meter – fem centimeter høgare enn neste kvinne. Ho vart verdsmeister innandørs i Beograd i mars, og vann VM-generalprøva i Eugene i mai. Deretter følgde ho opp med sigrar i Diamond League-stemna i Rabat og Paris, før ho mislukkast i Stockholm.
Mahutsjikh bur akkurat no ved sponsoren sitt hovudkvarter i Herzogenaurach, like nord for Nürnberg i Sør-Tyskland. Her har ho halde til sidan ho vann innandørs-VM i mars etter å ha flykta frå krigsramma Ukraina.
Ikkje lenger eit idol
Saman med trenaren, Tatjana Stepanova, har ho førebudd seg så godt som mogleg til verdsmeisterskapen i Eugene. Laurdag hoppar ho kvalifisering. Onsdag 20. juli skal ho kjempe om gullmedalje.
Og det utan dei tidlegare idola hennar på startstreken. Men det bryr henne ikkje nemneverdig.
– Eg har ikkje eit idol lenger. No hoppar eg og eg tenkjer på korleis eg ... Eg veit at eg er eit idol for mange ukrainske hopparar. Og for dei vil eg forbetre meg.
PS! Marija Lasitskene vart avbilda med ein ring i Ukrainas fargar under eit stemne i Russland for vel ein månad sidan.
PS2! Høgdefinalen frå VM kan du sjå på NRK 1 frå klokka 02.40 natt til onsdag.