Hopp til innhold

Ingebrigtsens skremmeskot: I sitt livs form trass marerittvinter

I januar avslørte Jakob Asserson Ingebrigtsen at heile vinteren hadde vore prega av skade. Tre veker før OL er han likevel betre enn nokon gong.

Monaco

STADIG BETRE: Jakob Asserson Ingebrigtsen viser ingen teikn til stagnasjon, sjølv etter ein vinter med skade.

Foto: Manon Cruz / Reuters

– Vi snakkar om eit skremmeskot til dei beste konkurrentane som ikkje er her. Ei kanonkule til Josh Kerr og dei andre, sa NRKs ekspertkommentator Vebjørn Rodal på lufta fredag kveld.

Da hadde Jakob Asserson Ingebrigtsen akkurat blitt den fjerde i historia til å springe 1500 meter på under tre minutt og 27 sekund.

Den nye europarekorden lyder på 3.26,73.

På direkte spørsmål frå NRK om han er i sitt livs form, svarer 23-åringen kontant:

– Ja.

Les også Ingebrigtsen brøt magisk grense: – Verdensrekorden lever farlig

3.26,73

Avslørte skadeproblem i vinter

At han også i 2024 skulle sette nye rekordar, var langt frå sjølvsagt om vi skrur tida nokre månader tilbake.

I januar var NRK på besøk hos løparstjerna. Da avslørte han at han hadde slite med skade gjennom heile vinteren.

Jakob Ingebrigtsen

Jakob Ingebrigtsen åpner opp om motgang og «selvpining» – avslører OL-planen

Problemet var ein betennelse som har bite seg fast i hinna rundt akillessena på den høgre foten.

– Når han blir hoven, klistrar han seg på sena. Da vil ikkje ho fungere og skli som ho skal. Viss ein fortset kan det komme ein slitasje på sena, og det blir ein ikkje kvitt med mindre ein opererer. Så det er verd det å ikkje gjere noko dumt, sa Ingebrigtsen.

Han fortalde om tallause timar med alternativ trening – og uvisse utsikter for sesongen.

– Eit ganske klart svar

Nå ser det ut til at skaden ikkje har øydelagt moglegheitene for å forsvare OL-gullet på 1500 meter.

S69s7ISD5-k

STILLER FØREBUDD: Den som skal slå Jakob Asserson Ingebrigtsen i OL, må vere klar når det smell i startpistolen.

Foto: Manon Cruz / Reuters

Forma er rett og slett betre enn i fjor. Det vil seie betre enn nokon gong før.

– Eg tenker vi får eit ganske klart svar på det i kveld, seier Ingebrigtsen i intervjusona etter rekordløpet.

– Korleis ligg du an i førebuingane til OL?

– Ganske bra. Det er seks veker sidan eg starta sesongen, og eg har hatt ei veldig fin formkurve sidan da, konstaterer 23-åringen.

Han innleidde sesongen med å springe ei engelsk mil i Diamond League-stemnet i Eugene 25. mai. Da var det, ikkje overraskande, eit stykke til toppforma.

Ingebrigtsen blei likevel nummer to, berre slått av overmannen sin frå VM-finalen på 1500 meter i fjor, Josh Kerr.

– Eg var langt nede i vinter, mest på grunn av usikkerheita. Og ikkje minst frustrasjonen rundt det å ikkje bli frisk i den skaden eg hadde. Berre det å vere i den situasjonen her nokre månader etterpå, er fantastisk. I ei sånn mørk tid som det var, så fryktar ein det verste, sa Ingebrigtsen til NRK i Eugene.

EM friidrett 2024 i Roma

VISTE MUSKLAR: Jakob Ingebrigtsen var utilnærmeleg under EM i Roma.

Foto: Lise Aaserud / NTB

– Vore avhengig av tida

Løpet i Eugene er einaste gong Ingebrigtsen har stilt til start utan å vinne i 2024. To gull i EM blei følgt opp med to gull i NM.

Løpet i Monaco blei hans andre Diamond League-seiar for året.

– Eg har vore avhengig av den tida sidan sesongstart, på ein heilt annan måte enn eg har vore tidlegare. Tidlegare har eg flote på eit grunnlag, som eg har bygd gjennom vinteren. Nå er eg avhengig av å få kvar økt, kvar dag og kvar veke på sommaren, påpeikar han.

Og fastslår:

– Det har fungert veldig bra opp til nå.

Så påpeikar han at det framleis er tre viktige veker som står att før OL, der alt må gjerast rett.

– Men eg er absolutt i ein veldig god posisjon, konkluderer han.

hamsmnCZ1us

TITTELFORSVARAR: Her spring Jakob Asserson Ingebrigtsen inn til OL-gull i Tokyo i 2021.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Kan ikkje sluntre noko vekk

– Kva må du springe på i OL for å stikke av med gullet?

– 3.29.

– Ikkje betre?

– Eg trur alle som spring 3.29 eller fortare kan vinne i OL. Det har ein sett tidlegare, og det ser ein i kveld òg. Det er mange gode tider og prestasjonar over heile linja. Ikkje berre i kveld, men gjennom heile sesongen fram til nå. Det er ein bra situasjon å vere i, ikkje berre for 1500 meter, men for friidretten, seier han, og forklarer:

– Det gjer at ein må vere fokusert, og alltid gjere så godt ein kan. Ein kan ikkje sluntre noko vekk. Vi er jo ganske gode på å gjere ting skikkeleg.

Nå tar han med seg opplevinga frå Monaco tilbake til høgdetrening i St. Moritz.

– Det er ei digg kjensle, fastslår Jakob Asserson Ingebrigtsen.

PS! Ingebrigtsen har tre gonger i EM klart å vinne dobbelen, med gull på 1500 og 5000 meter. I begge dei to siste utgåvene av VM har det enda med sølv på 1500 og gull på 5000 meter. I OL prøver han seg igjen på både 1500 og 5000 meter.

Elisabeth og Jakob Asserson Ingebrigtsen

Rakk akkurat å kjøre kona til fødestua – så dro han rett på trening

Siste nytt

  • To utvisninger for Lilleberg i Tampa-tap mot Washington

    Norske Emil Lilleberg pådro seg to utvisninger da Tampa Bay Lightning tapte 3-2 mot Washington Capitals i den amerikanske hovedstaden.

    Det stod 2-2 ved full tid, og lagene måtte derfor ut i overtid.

    Der trengte Washington Capitals-spiller Jacob Chychrun bare et drøyt minutt før han sørget for 3-2 til hjemmelaget.

    Emil Lilleberg fikk 16 minutter på isen og 4 i utvisningsboksenfor Tampa Bay Lightning. Nordmannens første tominutter kom i andreperiode for tripping, mens en krysstakling i den siste perioden kostet ham ytterligere to minutters utvisning.

    (©NTB)

    Emil Lilleberg i NHL-drakt skøyter i en ishall.
    Foto: Reuters
  • Ronaldo med ny rekord

    Cristiano Ronaldo (40) så ut til å sende Portugal til fotball-VM, men på overtid fikk Ungarn med seg 2-2.

    Dermed må portugiserne vente på å booke plass i neste års sluttspill i Nord-Amerika. Festen ble spolert av Dominik Szoboszlai i det 91. minutt.

    Ronaldo har allerede mange rekorder på merittlista, og tirsdag kom det en ny ved å bli tidenes mestscorende spiller i kvalifiseringer til VM.

    Ronaldo satte milepælen da han fra kort hold gjorde 1-1 halvveis ut i første omgang. Med det var han forbi tidligere Guatemala-spiller Carlos Ruiz, som stoppet på 39 mål.

    Rett før pause rykket han ytterligere ifra. Ronaldo tok Portugal i ledelsen på en ball fra Nuno Mendes.

    40-åringen står med 143 landslagsmål og 948 totalt i karrieren.

    (NTB)

    Ronaldo
    Foto: Reuters
  • England klar for VM etter storseier

    5-0 og booket plass i neste års VM som første europeiske lag.

    Oppgjøret i Riga ble aldri spennende. England hadde full kontroll og ledet 3-0 til pause.

    Anthony Gordon skrudde inn åpningsmålet etter en snau halvtime, mens Kane gjorde to kjappe i det 44. og 45. minutt.

    Det skjedde etter at England-kapteinen hadde sløst med sjansene. Kane scoret først på et distanseskudd, og fra straffemerket økte han til 3-0.

    Bayern München-spissen er med sine 76 mål på 110 kamper med klar margin tidenes mestscorende spiller for England.

    Etter hvilen kom 4-0 etter et selvmål av Maksims Tonisevs. Mot slutten kom også innbytteren Eberechi Eze på scoringslista.

    Thomas Tuchels lag har full pott (18 poeng) og målscoren 18-0 etter seks kamper.

    Det er 17. gang at Englands er klar for VM på herresiden. Nasjonen har ikke feilet med å ta seg til et verdensmesterskap siden «Three Lions» ble treer i en kvalifiseringspulje Norge vant foran 1994-sluttspillet.

    Neste års VM spilles i Canada, Mexico og USA.

    (NTB)

    Harry Kane,
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal