Hopp til innhold

Fnyser av dei som spring for å kjenne «brisen i fjeset» – blir kalla deprimert av treningskompisen

Jakob Ingebrigtsen forstår ikkje konkurrentar som romantiserer løping. Men treningskompis Narve Gilje Nordås hadde vorte deprimert om han skulle hatt same tilnærming til idretten.

rVAlXkNJoqI

ULIK TILNÆRMING: Jakob Ingebrigtsen synest ikkje trening skal vere gøy. Treningskompis Narve Gilje Nordås, som sjølv nærmar seg Europa-toppen i løping, er av ei anna oppfatning.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Éin ting er å drive med løping fordi ein synest det er gøy. Men når eg ser konkurrentane mine snakkar eller skriv om kor fantastisk det er å trene og å kjenne brisen i fjeset, så fnyser eg litt av det, rett og slett. Då driv ikkje vi med det same, seier Jakob Ingebrigtsen i NRK-podkasten «I det lange løp».

Poland European Indoor Athletics Championships

MÅLRETTA: Jakob Ingebrigtsen held eit auge med storskjermen òg undervegs i løp. Hans einaste mål for å trene er å kunne vise konkurrentane ryggen.

Foto: Darko Vojinovic / AP

Blant dei som kanskje blir ramma av Jakob Ingebrigtsens fnysing, er treningskompis Narve Gilje Nordås. 22-åringen vart nyleg nummer fem på på 3000 meter i innandørs-EM i friidrett, eit løp som vart vunne av nettopp Ingebrigtsen.

Då Nordås var gjest i den same podkasten i fjor, la han ikkje skjul på kulturforskjellen internt i «Team Ingebrigtsen», der han er ein slags assosiert medlem.

– Viss eg skulle trena sånn som dei (Ingebrigtsen-brørne), hadde eg sannsynlegvis vore like deprimert og hatt eit like dystopisk forhold til løpesporten som dei har, sa Nordås.

– Tidvis deprimerte

Tema i samtalen var gjennomføringa av den rolege treninga – og ikkje minst motivasjonen for å drive med idrett.

g43C5YqvvLM

BEST BAK BRØRNE: Då ingen av Ingebrigtsen-brørne stilte til start, stakk Narve Gilje Nordås av med NM-gullet på 5000 meter i fjor.

Foto: Fredrik Hagen / NRK

Vi lèt Store norske leksikon forklare omgrepet dystopi: «Eit oppdikta, framtidig skrekksamfunn, ei skildring av eit samfunn der dårlege krefter har fått overtaket, til dømes i form av diktatur, kriminalitet eller miljøsamanbrot.»

Det er med andre ord ganske negativt lada ord han brukar for å beskrive forholdet Ingebrigtsen-brørne har til trening. Sjølv er Nordås blant dei mange som kom inn i idretten fordi han har stor glede av trening og å vere fysisk aktiv utandørs. Derfor gjennomfører han mykje av den rolege treninga på stiar i skog og mark.

Til samanlikning spring brørne Ingebrigtsen dei rolege turane på asfalt, stort sett fram og tilbake på akkurat den same strekninga kvar gong. Og dei trenar for å nå måla dei har sett seg, ikkje for å ha glede av treninga som sådan.

– Tidvis kan dei vere deprimerte i byrjinga av ei økt. Det er av og til høglydte sukk i byrjinga av øktene når dei haltar seg i gang, beskreiv Nordås.

– Ikkje noko som er direkte gøy

Når Jakob Ingebrigtsen no er gjest hos NRK-kommenator Jann Post, avkreftar han nokon myter om si eiga trening. Men han gjer ingen forsøk på å slå tilbake mot analysen frå treningskompisen.

Ingebrigtsen har allereie fem EM-titlar som senior, to utandørs og tre innandørs. Han har europarekord på både 1500 og 2000 meter utandørs og U20-verdsrekord på 1500 meter innandørs.

Jakob Ingebrigtsen i Brussel

PRAGMANTISK: Jakob Ingebrigtsen leitar ikkje fin natur og frisk luft for å få gjennomført øktene.

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

Men merittane kjem ikkje som ein konsekvens av stor treningsglede.

– Det er ikkje gøy, det eg gjer, fastslår Ingebrigtsen, som likevel meiner han har vorte flinkare til å finne dei små gledene i treningskvardagen dei siste åra.

– Å liksom nyte kaffien og synest det er greitt å stå opp om morgonen og rett og slett gå ut og springe litt. Men når eg spring, er eg på jobb. Det er ikkje noko i livet mitt elles knytt til løping som direkte er gøy. Det handlar om å få maksimal effekt og bli så god som mogleg, konstaterer han.

Nettopp det, maksimal effekt for å bli så god som mogleg, har vore drivkrafta sidan før han fylte 10 år. Då hadde brørne Henrik og Filip allereie sett ein standard for kva det ville seie å satse på løping i familien Ingebrigtsen.

Trenar meir enn mytane tilseier

Og her er vi framme ved mytane om Jakob Ingebrigtsen: Kor mykje han faktisk trenar og ikkje minst kor mykje han faktisk trena i ung alder.

– Det er mange som lurer, og spesielt ute i verda er det mange fine forum og treningssider som av ein eller annan merkeleg grunn har fasiten på kva eg gjer. Men det dei kjem fram til, er trening som eg gjorde då eg var 10 år gammal, seier Ingebrigtsen.

Han utdjupar:

– Folk tenkjer at vi spring mange kilometer, men det er altfor lite kilometer. Dei skriv at vi spring 10 mil i veka, og det gjorde eg for mange, mange år sidan.

trening

MYKJE Å STREKKE SEG ETTER: Som svært ung byrja Jakob Ingebrigtsen og gjere som storebrørne Filip og Henrik.

Foto: Daniel Sannum Lauten / VG

– Folk slit med å skjønne

– Så folk slit med å skjønne kor mykje eg faktisk sprang som liten, eg var kjapt oppe på 120–140 km i veka då eg var 9–11. Då eg var 13, hadde eg i alle fall 140 km i veka, fortel han.

Så avslører han kor mykje han trenar no:

– Stort sett ligg vi på 181,5 km i veka gjennom vinteren.

Årsaka til at han kan vere så eksakt, er at dei fleste vekene er heilt like. Etter årevis med erfaring har brørne, med trenarpappa Gjert som tydeleg sjef, funne det dei meiner er det optimale treningsopplegget. Berre skadar får dei til å avvike frå det.

I samtalen med Jann Post deler Ingebrigtsen mange av prinsippa, både for den harde og den rolege treninga.

Gjert og Jakob Ingebrigtsen i Monaco 2019

FULL TILLIT: Jakob Ingebrigtsen gjer akkurat det trenarpappa Gjert set opp på planen, verken meir eller mindre.

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

– Du skal grue deg

Han avslører òg kva som er hans lengste løpetur nokon gong. Og om det totale treningsvolumet er overraskande høgt, er Jakob Ingebrigtsens lengste løpetur kanskje overraskande kort.

– Det trur eg er 20 kilometer. Det er ikkje sånn at ein dag når eg passerer 18 km, så tenkjer eg «veit du kva, i dag kjenner eg 25». Når eg kjem til 19,5, veit eg at det så vidt er 500 meter igjen før eg skal stoppe klokka og komme meg heim.

– Der er de kyniske?

– Det er veldig sjeldan eg har meir på klokka enn det som står på planen. Eg har stort sett 10,00 på ein 10-kilometer. Eg har sjeldan 10,01. Då er det nesten sånn at ein må trekkje ifrå på kveldsøkta, erkjenner han.

– Eg gjer ikkje noko utan at Gjert seier det, fastslår Jakob Ingebrigtsen.

Det Gjert seier, har gitt resultat. Og for familien Ingebrigtsen er resultat det einaste som betyr noko når det gjeld den relativt viktige familieaktiviteten som er knytt til toppidrett.

– Det skal ikkje vere gøy. Du skal grue deg og vere litt nervøs før du går på mølla og trenar intervall, er beskjeden frå den yngste og beste av løparbrørne.

Siste nytt

  • Wiklund med ny verdenscupseier

    Ragne Wiklund er fortsatt ubeseiret på 3000 meter i vinterens verdenscup på skøyter.

    Fredag klokket hun inn til 4.06,69 i Polen.

    Seieren var Wiklunds åttende i verdenscupen totalt. Hun har vunnet samtlige tre løp som har vært på 3000 meter hittil i sesongen.

    Forrige måned var hun øverst på pallen i Obihiro (Japan) og Beijing (Kina).

    Wiklund slo Marijke Groenewoud fra Nederland med 34 hundredels sekund tross en litt svak sisterunde. Det er andre gang på rad at hun vinner 3000-meteren i Tomaszow Mazowiecki.

    – Hun er litt ut av det på oppløpet, men det holder inn, sa VGTVs skøytekommentator Ida Njåtun under sendingen.

    (©NTB)

    Ragne Wiklund smiler etter målgang
    Foto: Peter Dejong / AP
  • Slik spilles 2. divisjon i 2024

    Norges Fotballforbund har satt opp avdelingene i 2. divisjon i fotball for menn i 2024.

    Hødd, Jerv og Skeid rykket ned fra 1. divisjon, mens Lysekloster, Eidsvold Turn, Viking 2, Eik Tønsberg, Strindheim og Follo har rykket opp fra 3. divisjon.

    Slik ser avdelingene ut i 2024:

    2. divisjon avd. 1: Arendal, Brann 2, Brattvåg, Eik Tønsberg, Fløy-Flekkerøy, Hødd, Jerv, Kvik Halden, Lysekloster, Notodden, Sotra, Vard Haugesund, Viking 2, Ørn Horten.

    2. divisjon avd. 2: Alta, Eidsvold Turn, Follo, Grorud, Junkeren, Kjelsås, Skeid, Stjørdals-Blink, Strindheim, Strømmen, Tromsdalen, Ullensaker/Kisa, Vålerenga 2.

    1.div OBOS Ligan Skeid - Fredrikstad
    Foto: Terje Bendiksby / NTB
  • Dette skal Braathen gjøre framover

    Lucas Braathen er ferdig som toppalpinist, men blir værende i miljøet.

    Selv om han ikke lenger kjemper om seirer i verdenscupen, fortsetter 23-åringen samarbeidet med sine største sponsorer. Som ambassadør for skimerket Atomic skal Braathen bidra med testing av ski, design og utvikling.

    Han har i tillegg brilleleverandøren Oakley og energidrikkprodusenten Red Bull med seg på laget.

    – Jeg føler meg så privilegert for at jeg med disse mulighetene fortsatt får kjøre litt fort på ski i vinter. Det blir gøy imellom perioder med arbeid som gir meg en sjanse til å få et utløp på ideene mine, sier Braathen.

    I oktober slapp han sjokkbeskjeden om at han hadde gjort sitt som elitealpinist. Nyheten kom etter en langvarig konflikt med Norges Skiforbund.

    (©NTB)

    Lucas Braathen
    Foto: Annika Byrde / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal