Hopp til innhold

Tittelen Jakob Ingebrigtsen manglar: – Uflaks

Jakob Ingebrigtsen har til gode å vinne Diamond League-finalen. I år er det eit større mål enn det har vore tidlegare.

Jakob Ingebrigtsen

MEIR KREFTER: Jakob Ingebrigtsen kjenner han har eit anna utgangspunkt før Diamond League-finalen i år.

Foto: Hanne Skjellum / NRK

21-åringen har allereie samla triumfar og medaljar i seniormeisterskap i fire år. Men den store diamanten ein får som vinnar av Diamond League, har han aldri sikra seg.

– Uflaks! seier Jakob Ingebrigtsen om grunnen, og ler.

I fjor vart han olympisk meister, og slo Timothy Cheruiyot for første gong. Men då finalen i Diamond League gjekk dryge månaden seinare, var det kenyanaren som var sterkast i duellen. Han hevdar det gjekk som forventa.

Der og då gav det meg ikkje så mykje som eg skulle ønske at det gjorde, så det er litt annleis no, seier Ingebrigtsen.

Jakob Ingebrigtsen Cheruiyot

VART SLÅTT: Timothy Cheruiyot vann Diamond League 2021 på 1500 meter – framfor Jakob Ingebrigtsen.

Foto: FABRICE COFFRINI / AFP

Då var eg ganske sliten etter det som skjedde i Tokyo. Forståeleg nok. Eg kjenner meg litt betre og betre førebudd i år. Før det har eg berre ikkje vore betre, legg han til.

– Eit større mål

Andreas Thorkildsen var første nordmann til å vinne Diamond League-finalen, første året det vart arrangert, i 2010. Karsten Warholm vann trofeet både i 2020 og 2021. På 1500 meter har heile 10 av 11 finalesigrar gått til Kenya.

Og Ingebrigtsen erkjenner at det er ein tittel som heng ganske høgt.

Det er gøy å vinne ting ein ikkje har vunne før, og eg veit at det er mykje som skal til for å kvalifisere seg til dette løpet. Det er dei beste av dei beste, det er ein faktisk finale, fortel han, og legg til at det er vanskeleg å samanlikne det med medaljar.

Jakob Ingebrigtsen

SISTE LØP: Jakob Ingebrigtsen og trulova Elisabeth Asserson på plass i Zürich for pressekonferanse.

Foto: Hanne Skjellum / NRK

Det er det som er fint. Ein kan jobbe for litt ulike ting, så det er absolutt eit større mål for meg og å vinna finalen.

Spår meir uføreseieleg løp

Den doble europameisteren har vunne alle Diamond League-stemna han har delteke i denne sesongen. Ei engelsk mil i Eugene og på Bislett, og på 1500 meter i Lausanne. No er det klart for det siste stemnet i år, i Zürich, der 1500-meteren går torsdag.

Forundra over lysharen etter å ha sett årsbeste i verda: – Ein liten arrangørsvikt Forundret over lysharen etter å ha satt årsbeste i verden: – En liten arrangørsvikt

Ingebrigtsen

Men han trur ikkje på like raske tider som for snart to veker sidan.

Det er litt meir som står på spel enn det vanlegvis gjer i eit vanleg Diamond League-stemne, så folk vil nok springe litt meir uryddig og litt meir usikkert enn dei pleier å gjere. Når det står mykje på spel som i meisterskap, så gjer ein mykje dumme ting, som gjer at det kan vere meir uføreseieleg. Men eg liker veldig godt å springe fort og samtidig vinne, seier Ingebrigtsen sjølvsikkert.

Det er 30.000 sveitserfranc, altså litt over 300.000 kroner, i premie til vinnaren.

– Det tenkjer eg svært lite på, fastslår han.

  • Sjå Diamond League frå Zürich på NRK2 frå kl. 17.30 onsdag kveld, og frå kl. 19.00 torsdag.

Siste nytt

  • Verstappen med sin syvende strake kvalifiserings-seier

    Max Verstappen i Red Bull-bilen overbeviste nok en gang under kvalifiseringen i Miami Grand Prix. Dermed ble det syvende strake start fra første startposisjon for Verstappen.

    – La oss fortsette denne gode trenden, sa Verstappen over lagradioen på Viaplay-sendingen.

    Ingen av førerne klarte å forbedre rundetiden sin på siste runde i Q3.

    Charles Leclerc var den som var nærmest nederlenderen. Etter første sektor var han bare åtte tusendeler bak, men etter en voldsom skrens i sving 15 måtte han nøye seg med andreplass i kvalifiseringen. Lagkamerat i Ferrari, Carlos Sainz, ble nummer tre.

    For Daniel Ricciardo ble det en skuffende kvalifisering. Han endte på 4. plass på sprintløpet tidligere lørdag, men røk ut etter Q1 sammen med Valtteri Bottas, Logan Sargeant, Kevin Magnussen og Guanyu Zhou. I Q2 røk disse ut: Lance Stroll, Pierre Gasly, Esteban Ocon, Alex Albon og Fernando Alonso.

    CUKXnB20R1A
    Foto: AFP
  • Graham Hansen med mål og assist – Barcelona ett poeng fra seriegullet

    Caroline Graham Hansen bidro med mål og assist da Barcelonas kvinnelag slo Granada 4-1. Nå er laget ett poeng fra et nytt seriegull.

    Real Madrid er 15 poeng bak med fem kamper igjen å spille. Ett Barcelona-poeng på lagets fire gjenstående kamper, eller et poengtap for Real Madrid, vil bety at Barcelona er mester for niende gang.

    Den norske landslagsstjernen scoret sitt 26. mål for Barcelona i ulike turneringer denne sesongen.

    Rop1_HGpc_o
    Foto: Paul S. Amundsen / NTB
  • Thomsen klarte EM-kravet

    Marcus Thomsen er i form og vant kulekonkurransen i Stora Turebergskastet i Sverige lørdag formiddag med 21.05.

    Thomsen leverte jevnt over en sterk serie der han åpnet med sesongbeste 20.94, før det lengste støtet kom i andre omgang, ifølge friidrett.no.

    – Jeg er ekstremt glad for 21.05. Fire år med trening og tålmodighet for endelig å få en ny personlig rekord utendørs. Jeg er glad, men langt fra fornøyd, sier Marcus Thomsen til NRK.

    Han forbedret sin personlige rekord utendørs fra 2020 med to centimeter og var bare fire centimeter bak innendørspersen. Utøveren fra Norna-Salhus klarte EM-kravet og fikk opp det lengste kulestøtet av en nordmann utendørs på 38 år, Lars Arvid Nilsen satte den norske rekorden på 21.22 det året.

    Thomsen er foreløpig kvalifisert til OL i Paris på ranking. Der er kravet er 21.50.

    – Det er digg å få tatt EM-kravet og slippe å bekymre seg over om man ryker ut av topp 30. Nå skal jobben fortsettes for å sikre en plass i OL, sier Thomsen.

    Marcus Thomsen klarte lørdag 4. mai EM-kravet i kulestøt. Her støter han 21.05.
    Video: Arwid Koskinen, Swethrows

Sendeplan

Kl. Program Kanal