Hopp til innhold

Iversen leverte to elendige testløp i høgda: – Eg er lei og ferdig med den biten

Denne veka reiser Noregs beste sprintarar til Italia for nok eit høgdeopphald. Det gjør ikkje allroundlandslaget. Det passar Emil Iversen veldig greitt.

Emil Iversen

SESONGDEBUTERTE I RULLESKIRENN: Så seint som 9. oktober, under Hommelvik Grand Prix, gjekk Emil Iversen sin første konkurranse med startnummer på brystet. Her blir han intervjua av NRK sist helg.

Foto: Lars Kristian Mathisen / NRK

Han møtte NRK i det trønderske låglandet sist helg under årets Hommelvik Grand Prix, berre ein kort køyretur utanfor Trondheim.

Der gjekk ting som smurt. Iversen vart nummer to i det nesten 20 kilometer lange rennet. Berre slått med nokre tidelar i spurten av Johannes Høsflot Klæbo.

Etter ein noko utradisjonell start på treningsåret, begynner han å nærme seg lagkameratane formmessig.

Men han hugsar tilbake med gru den tida han heldt til i høgda i både italienske Livigno og Lavazé i september. Der gjennomførte landslaget to testløp.

Testløp som gir ein god indikasjon på kor løparane står berre månader før de skal konkurrere i same tynne luft på snaue 1800 meters høgde.

Emil Iversen

VISTE FORM: Emil Iversen, berre slått av Johannes Høsflot Klæbo, og like føre Sindre Bjørnestad Skar under Hommelvik Grand Prix sist helg.

Foto: Mikal Aaserud / NRK

– Eg var desidert dårlegast. Det var to elendige dagar. Eg er lei av høgdetreninga og ferdig med den biten der no. Eg får berre trene, gå fort på ski og komme til OL med høg sjølvtillit og ekstremt god form. Så får det berre gå, men det blir ikkje fleire høgdeopphald for meg, seier Iversen.

Han kan avsløre at Simen Hegstad Krüger var desidert best på det norske allroundlandslaget i ein 15 kilometer lang løype i fristil.

– Eg var tre-fire minutt bak, fortel Iversen, smiler tappert og legg til at han er glad media ikkje var til stades.

– Det hadde blitt stygge overskrifter.

– Emil famla litt

Allroundtrenar Eirik Myhr Nossum kan bekrefte at trønderen «ikkje akkurat braut lydmuren» på testløpene.

– Eg hugsar ikkje heilt avstanden, men du trengde nesten ikkje klokke, vi måtte nesten bruke kalenderen på avstanden, seier trenaren og smiler, før han blir meir alvorleg.

– Høgda er vanskeleg, å knekke den koden på konkurransefart er ikkje enkel. Nokon har nokre fleire nøklar enn andre. Emil famla litt på denne samlinga her, seier Nossum.

k2npsu7n

ALLROUNDTRENAR: Eirik Myhr Nossum, her avbilda under ei samling tidlegare i år.

Foto: Torstein Bøe / Torstein Bøe

– Hadde begynt å jobbe som slaktar

Torsdag denne veka reiste Johannes Høsflot Klæbo og resten av sprintlandslaget ned til Livigno for årets andre høgdeopphald. Allroundlandslaget som Emil Iversen er ein del av blir heime i Noreg og Oslo på samling.

Mj03Wt36

BETRE TIDER: På Sognefjellet i juni tauar Emil Iversen på resten av landslaget under ei treningsøkt.

Foto: Torstein Bøe / Torstein Bøe

– Skal eg vere ærleg så er eg sjeleglad for at eg ikkje skal vere med, seier Iversen, som ikkje berre ser mørkt på situasjonen om nokre månader.

– I OL skal vi gå klassisk på snø. Sjansane mine er atskilleg betre da. Men hadde det vore rulleskirenn på 15 kilometer i skøyting, da hadde eg kastet inn handkleet og begynt å jobbe som slaktar på Grilstad, seier trønderen, og peiker på at kjøtvareprodusenten sin fabrikk som ligg i kort køyreavstand frå der han blir intervjuet av NRK.

– Vi har fått nokre dårlege svar, men som gjør oss klokare rundt korleis vi skal lade opp til OL.

Får tilrettelagt plan

For resultata i høgda får konsekvensar for Iversen. Han seier til NRK at han ikkje ønsker å avsløre kva det inneber. Det er ifølge ham ein plan han har lagt med trenar Eirik Myhr Nossum.

Trenaren opnar likevel litt opp om planen dei la etter diskusjonar etter høgdeopphaldet i september.

– Det er sånn at eg og Emil lærte ein ekstremt viktig ting med tanke på inngangen i OL. Det hadde vore ei tenesteforsømming å ikkje gjere noko med det. Det blir eit tilrettelagt opplegg for ham, seier Nossum.

Resten av landslagsløparane reiser på høgdeopphald tidleg i januar for å kunne akklimatisere seg til høgda under leikane i Beijing i februar, der blir ikkje Iversen med før seinare i opphaldet.

– No skal han kvalifisere seg først. Om han gjør det så har vi ein veldig god plan. Eg er glad vi lærte av det høgdeopphaldet, seier Nossum.

Siste nytt

  • Norges landskamp langt fra utsolgt

    Norge er uten blant andre Erling Braut Haaland mot New Zealand tirsdag. Over 18.000 tilskuere har kjøpt billett til oppgjøret.

    Det opplyser Norges Fotballforbund (NFF) til NTB. Tirsdag kveld vil den totale kapasiteten være på 25.500. Kampstart er klokken 18.

    I tillegg til Haaland har også Alexander Sørloth reist hjem. Det samme har Julian Ryerson, Fredrik Bjørkan og Felix Horn Myhre.

    Norge tok et langt steg mot VM med 5-0-seier over Israel på Ullevaal lørdag.

    – Alle som har spilt mye Champions League, fikk beskjed om å reise hjem. Utenom Patrick Berg som nektet å dra hjem. Alle som har spilt jevnlig med midtukekamper, eller hatt noe smågroms, sa Solbakken søndag. (NTB)

    En mengde mennesker på et stadion
    Foto: Jonas Been Henriksen / NTB
  • New Zealand før Noreg-kampen: Meiner dei har betre sjansar utan Haaland

    – Det er alltid bra å spele mot dei beste spelarane i verda, seier Darren Bazeley, landslagstrenar for New Zealand då han prata pressa på måndag.

    Søndag kom nyheita om at Ståle Solbakken sender heim fleire landslagsstjerner før privatlandskampen mot New Zealand på tysdag.

    Felix Horn Myhre dreg heim på grunn av ankeltrøbbel. I tillegg dreg Alexander Sørloth, Julian Ryerson, Fredrik André Bjørkan og Erling Braut Haaland heim.

    Bazeley meiner New Zealand har betre sjansar utan Haaland på topp.

    – Erling Braut Haaland er blant verdas beste. Veit ikkje om det er skuffande å ikkje spele mot han. Men det blir lettare, seier han.

    Han held fram:

    – Han er ein stor målskårar, når han ikkje er på banen er dei ikkje like gode.

    Solbakken kunne mellom anna dele at Sebastian Sebulonsen og Sverre Nypan får prøve seg mot New Zealand på Ullevaal stadion, tysdag.

    en mann med hvitt ansikt
    Foto: MICHAEL BRADLEY / AFP / NTB
  • Håndgemeng etter viktig seier for Chiefs: – Ligaen kommer til å reagere

    Patrick Mahomes ledet Kansas City Chiefs til en sterk 30-17-seier over Detroit Lions i NFL. Da kampen var avgjort endte quarterbacken midt inne i et basketak.

    For da seieren var sikret for Chiefs, gikk Lions' forsvarsspiller Brian Branch rett bort til Juju Smith-Schuster, og slo til Chiefs-mottakeren i hjelmen med åpen hånd.

    Smith-Schuster kom seg fort opp igjen fra bakken, før han sprintet for å takle Branch, som allerede var på vei til å bli dyttet vekk fra situasjonen av Chiefs-spiller Isiah Pacheco.

    NBCs kommentatorer er helt sikre på at hendelsen kommer til å få etterspill.

    – Ligaen kommer til å reagere på det Branch gjorde, sa ekspertkommentator Cris Collinsworth.

    – Branch har en historie med flere bøter – tre ganger i år, sju ganger i fjor, la hovedkommentator Mike Tirico til.

    Chiefs, som har nådd Superbowl i fem av de seks siste sesongene, har fått en litt trå start på sesongen. Seieren mot et sterkt Detroit Lions gjør at de står med tre seire og tre tap så langt. (NTB)

    en fotballspiller som faller over en annen fotballspiller
    Foto: Ed Zurga / AP / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal