– Eg må starte med ei trist melding. Jakob Johansson øydela korsbandet i kampen i går, sa Sveriges landslagssjef Janne Andersson på pressekonferansen i føremiddag.
27 år gamle Johansson, som til dagleg spelar i AEK Athen, var mannen som scora målet i den første kampen i Stockholm fredag, då Sverige vann 1–0.
I den mållause returkampen i Milano måndag vrei han kneet tidleg i første omgang og måtte berast av bana.
Det viste seg at det var korsbandet som var rive av.
Pluss-minus seks månader
– Jakob blir borte ei godt stund. Det er «tråkig». Etter kampen skåla vi for Jakob og gav uttrykk for håp om at han må kome raskt tilbake, sa Andersson.
Han fekk konkret spørsmål om VM no vil ryke for Italia-helten.
– Ein slik skade tek vanlegvis seks månader å lege – litt meir eller litt mindre. Seks månader frå no blir i midten i mai, og det er omtrent då vi tek ut VM-troppen. Vi kryssar fingrane for at det tek kortare tid enn det. Men det seier seg sjølv at det blir små marginar, seier Andersson.
Landslagssjefen var naturleg nok ein stolt mann etter å ha sått ut sjølvaste Italia. Og han var rørt.
Klump i halsen
– Alle som driv med lagidrett kjenner den kjensla ein har i stunda etter at ein har oppnådd ein suksess. Den stunda når ein saman har oppnådd noko, den er magisk, uansett nivå, sa han.
– Eg blir nesten meir rørt når eg ser andre blir rørt. Når eg såg spelarane etter kampen, bleig eg verkeleg rørt, seier landslagssjefen. Som fekk ein klump i halsen og måtte ta ein pause og svelgje litt under sjølve pressekonferansen.
– Det var heftig, sa Andersson då han etter nokre sekund greidde å få fram nokre ord igjen. – For nokre av dei var det nok siste sjansen til eit VM, og reaksjonen deira var heftig, la han til.
Om kampen i Milano hadde han ikkje så mykje å seie.
– Vi var bra den første halvtimen, så fekk vi stri med å forsvare oss. Mot slutten blei dei desperate, og om vi hadde hatt litt meir saft i beina, hedde vi vunne der og, sa Janne Andersson.
No har han eitt håp framfor VM.
– At spelarane får spele så mykje som mogeleg i sine klubbar. Det kan ikkje vi gjere noko med, og det er litt frustrerande. Det blir nøkkelen. Vi kan ikkje få dei i toppform i løpet av dei to-tre vekene vi har til disposisjon før VM, seier Andersson.