Hopp til innhold

Vil ha sitt eige landslag kasta ut: Dette er laget «ingen» vil ha i fotball-VM

Å følgje nasjonen sin i eit VM kan vere noko av største ein kan vere med på. Men stadig fleire iranske profilar ber no om at deira eige landslag blir kasta ut av meisterskapen.

Iranian national football team training at Azadi camp in Tehran

VM-KLARE: Irans VM-tropp er klar, men fleire iranske profilar vil ikkje sjå heimelaget sitt konkurrere i meisterskapen i Qatar.

Foto: WANA NEWS AGENCY / Reuters

– Korleis kan eg sjå fotball når naboen min, bror min, landsmannen og landskvinna ikkje har det bra, spør den tidlegare Iran-trenaren Jalal Talebi, ifølgje New York Times.

Verda er i stor grad splitta når det gjeld fotball-VM i Qatar, som startar 20. november.

Nokre gler seg til å følgje nasjonen sin og heltane sine i jakta på den gjævaste tittelen i fotballen, medan andre boikottar meisterskapen i Qatar. Det kjem av fleire grunnar:

Gjentekne menneskerettsbrot, dødsfall under bygging av stadionanlegg, kvinnesynet og forfølginga av LHBT+-menneske.

Men i Iran protesterer dei mot meisterskapen av heilt andre grunnar.

Villig til å ofre VM-billett

Tusenvis av iranarar har demonstrert mot dei iranske styresmaktene kvar einaste dag, i fleire månader. Protestane vart utløyste av at 22-årige Mahsa «Jina» Amini døydde i varetekta til moralpolitiet i Teheran 16. september.

Ho skal ha blitt arrestert for å ha bore hijaben sin feil.

Protesters gather outside the UN headquarters in Irbil, Iraq, on Sept. 24, 2022.

STØTTE: Demonstrantar utanfor FNs hovudkvarter i Irak ønskjer rettferd for Masha Amini og iranske kvinner.

Foto: Hawre Khalid / AP

Trenarveteranen Jalal Talebi er blant dei som er kritiske. Han trena Iran under VM i 1998, der han leidde laget til ein symboltung og historisk siger over USA. Når Talebi seier at han støttar protestane og i tillegg meiner at det ikkje er rett å delta i VM, blir det lagt merke til.

Ein av dei store profilane til landslaget, Sardar Azmoun, har protestert mot valden til det iranske regimet. Måndag vart det kjent at han er teken med i VM-troppen til Iran.

– I verste fall kastar dei meg ut av landslaget. Eg ofrar det (å spele for landslaget) for kvart einaste strå av håret til Irans kvinner, skreiv Azmoun på Instagram, og viste til at iranske kvinner klipper håret sitt i protest mot regimet.

Ikkje lenge etter vart innlegget hans sletta, men han har fleire postar der han viser støtte til iranske kvinner.

– Fortener ikkje å vere i VM

Fridomskampen har fått stor internasjonal merksemd, og den siste tida har Irans deltaking i VM vorte kritisert og debattert. Stadig fleire iranske idrettsprofilar og utøvarar engasjerer seg, og ber om at Irans landslag blir utestengd frå VM.

– Først og fremst vil eg seie at saka ikkje berre handlar om hijab. Det er berre ein brøkdel av det som kjem fram i revolusjonen. Det handlar om fridom og at kvinner skal bli høyrde, seier den iranske målvakta Sosha Makani til NRK.

– Kva er dine tankar rundt Irans VM-deltaking?

– Eg har ingen kommentar om laget, sidan det er regjeringa sitt lag, og ikkje folkets. Eg synest den islamske republikkens fotballag ikkje fortener å vere med i VM, dei kan bytast ut med anten Ukraina eller Italia, meiner Makani.

Sosha Makani

TALERØYR: Sosha Makani meiner det er viktig at det iranske folkets stemmer blir fremja av dei som har medietilgang.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Han er blant dei som har uttrykt støtte og engasjement for det iranske folket gjennom sosiale medium.

Makani har spelt i Mjøndalen i sju år, men har på den tida hatt to låneopphald i iransk fotball. Spelaren fekk ikkje forlenga kontrakten med bruntrøyene, men ønskjer å halde fram karrieren. Det vil han ikkje i heimlandet.

– Som ein person som bur i den frie verda veit eg at situasjonen for dei som bur i landet er veldig tøff og at dei ikkje kan snakke fritt, seier Makani.

Eit konkret døme på det er eit iransk landslag i strandfotball. Iran tok seg til finalen i turneringa Emirates Intercontinental Beach Soccer Cup 2022, og møtte Brasil i finalen 6. november.

Iran vann 2-1, men fekk meir merksemd for markeringane før, under og etter kampen:

Under nasjonalsongen før avspark song dei ikkje. Saeed Piramoun, som skåra det avgjerande målet, «feira» ved å gestikulere at han klipte håret sitt.

Det å klippe håret har vorte eit utbreidd politisk symbol på opprøret mot den iranske staten.

Då dei offisielle sigersbileta vart tekne av dei iranske spelarane, feira dei ikkje. Det var ikkje ei einaste antyding til jubel. Dei såg berre alvorlege ut.

Piramouns markering etter 2-1-skåringa vart møtt med jubel frå tribunen, men det iranske fotballforbundet (FFIRI) sa i ei pressemelding at det skal slåast hardt ned på.

Irans Saeed Piramoun feirer sin scoring ved å gestikulere at han klipper håret sitt.

– Håp, hjelpeløyse og frykt

Ein annan idrettsutøvar som følgjer situasjonen i Iran tett er den norsk-iranske Jerv-spelaren Iman Mafi. Han har ein stor del av familien i Iran, og medan Jerv har kjempa for plassen i Eliteserien, har Mafi «spelt for noko større».

Gjennom både sosiale medium og med svarte band rundt armledda, som fleire iranske fotballspelarar har brukt for å vise si støtte, prøver han å bidra med det han kan.

– Det er det minste eg kan gjere: Å prøve å få litt merksemd rundt saka i norske medium og samtidig vise at eg støttar folket i Iran, seier Mafi til NRK.

– Korleis er det for deg å følgje det som skjer i Iran?

Iman Mafi

SVARTE BAND: Dette biletet la Iman Mafi ut på Instagram-profilen sin. Dei svarte banda er ei støttemarkering for iranske kvinner.

Foto: Trond Reidar Teigen / NTB

– Det er ei blanding av håp, hjelpeløyse og frykt. Eg har framleis mykje familie der som eg tenkjer på. Eg har håp om fridom for folket, men også frykt for at dette ikkje skal gå og at liv går tapt for inga nytte, seier han, og legg til:

At eg kan bidra til å skape merksemd rundt det, veit eg betyr mykje for mange iranarar. Eg har fått ein del meldingar frå folk som er i gatene der, som set pris på det og det er det som betyr noko for meg, seier Mafi.

Makani og Mafi får støtte av marknadssjef i Vålerenga, Mehran Amundsen-Ansari. Han håpar Noregs Fotballforbund (NFF) vil leggje meir press på FIFA til å handle.

– NFF med Lise Klaveness i spissen har gått sterkt ut mot Qatar-VM. Ein har teke eit tydeleg standpunkt der. I forlenging av det er det rett at dei set eit endå større press på Fifa og det som skjer i Iran, seier Amundsen-Ansari til NRK.

Mehran Amundsen-Ansari, markedssjef i Vålerenga

LEGGE PRESS PÅ FIFA: Vålerengas marknadssjef meiner Iran ikkje bør spele i fotball-VM i Qatar.

– Bør Iran få spele i fotball-VM?

– Ikkje med dagens situasjon. Det sårar hjartet mitt å seie det, ein har jo lyst til å sjå landet sitt i VM, men slik situasjonen har vorte i Iran så synest eg ikkje det, svarer Vålerengas marknadssjef.

Fotballpresident Lise Klaveness sa til NRK fredag at NFF har fullt fokus på Qatar-saka, men at dei også følgjer med på det som skjer i Iran.

– Vi får sjølvsagt med oss alt som skjer i Iran. No er ikkje Noregs Fotballforbund i nokon posisjon til å ta eit politisk standpunkt i den saka der. Så vi berre følgjer med og ser på korleis denne saka utviklar seg og søkjer innsikt heile vegen.

Kritiserte Fifa i brev

Organisasjonen Open Stadiums, som jobbar for kvinners rettar, var blant dei første som engasjerte seg i saka. I eit brev til Fifa-president Gianni Infantino blir forbundet kritisert for ikkje å ha gjort nok.

«Vi trur ikkje lenger dette landslaget representerer oss eller våre verdiar som iranske borgarar», står det mellom anna i brevet til Fifa.

Ei rekkje utøvarar, både noverande og tidlegare, har følgt opp i eit nytt brev til Fifa der det også krevst at landet blir trekt frå VM. I brevet viser dei til det dei kallar statsstøtta vald og diskriminering av vanlege iranarar, og då spesielt kvinner.

Irans VM-deltaking er heller ikkje populær i Ukraina:

Det ukrainske fotballforbundet har også bede Fifa kaste ut Iran frå VM. Grunngivinga er at landet skal ha selt våpen og dronar til Russland, som har vorte brukt i krigen mot Ukraina.

Iran har nekta for dette. Dei innrømde likevel nyleg at dei har selt dronar til Russland, men at dette skjedde før krigen mot Ukraina.

Fifa har så langt avvist alle krav om å suspendere laget.

Siste nytt

  • Mjelde forlater Chelsea etter sesongen

    Norges landslagskaptein Maren Mjelde (34) er ferdig i Chelsea etter sesongen. Det bekrefter klubben på sin nettside fredag.

    Hun har spilt syv sesonger i klubben etter at hun ankom fra Avaldsnes i 2017. Der har hun blant annet vunnet den engelske toppdivisjonen fem ganger, fire FA-cuper og to ligacuper.

    – Når jeg ser tilbake på alle årene mine her, har det vært både opp- og nedturer – men det har vært flere oppturer enn nedturer. Det har vært litt av en reise, sier Mjelde til klubbens nettside.

    Mjelde har spilt 140 kamper i blått og scoret 23 mål, og har figurert både i forsvar og midtbanen til London-klubben.

    Maren Mjelde
    Foto: MATTHEW CHILDS / Reuters
  • Poengkongen forlater Vålerenga etter 24 år

    Vålerengas poengkonge i årets sluttspill, Thomas Olsen, er klar for sitt første utenlandseventyr.

    – Det er veldig vemodig. Det er også litt trist at man skal dra fra en klubb man har vært i hele livet. Men man må også gripe muligheten når den kommer, og jeg gleder meg til neste kapittel, sier Thomas Olsen til NRK.

    Han var fire år da han tok sine første skøytetak i Oslo-klubben. 24 år senere bytter han altså klubb for første gang. Nå har han skrevet kontrakt (1+1 år) med den finske ishockeyklubben Jukurit.

    – Det er selvfølgelig et nytt steg i min karriere. Det er et nytt land, ny type hockey, nye mennesker, nye lagkamerater. Så det blir veldig mye nytt. Men jeg gleder meg veldig.

    I Jukurit blir han lagkamerat med den norske backen Sander Vold Engebråten. Klubben endte på 5. plass i den øverste ligaen sist sesong.

    Thomas Olsen reiser fra Vålerenga etter 24 år i klubben
    Foto: Anders Engeland / NRK
  • Ruud-rival mister storturneringen i Roma

    Carlos Alcaraz har en skade i armen og står over Masters1000-turneringen i italienske Roma til uken.

    Det opplyser den 20 år gamle verdenstreeren på X.

    – Jeg trenger hvile for å komme meg og kunne spille 100 prosent smertefritt, skriver han.

    Alcaraz er en av Casper Ruuds største konkurrenter på ATP-touren. Nordmannen røk for Felix Auger-Aliassime i Madrid tidligere denne uken.

    Ruuds plan framover er å spille i Roma før en mindre turnering i Sveits. Sesongens store mål nærmer seg: Grand Slam-turneringen Roland-Garros i slutten av måneden. (NTB)

    Alcaraz
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal