Laurdag kveld skulle skistjerna Petter Northug hente manageren sin i Oslo sentrum.
Han parkerte bilen sin, ein Audi, i Youngsgate ved Youngstorget.
Medan Northug gjekk avgarde for å hente manager Lars Gilleberg, tok ein eller fleire personar seg inn i medaljegrossistens bil for å forsyne seg av verdisakene som låg der.
– Ring politiet
Etter å ha knust ruta rakk tjuven, eller tjuvane, å hente ut eit par ski, masse Swix-utstyr, ei pulsklokke og ein stav, ifølgje seher.no.
Også managerens PC blei borte i innbruddet.
– Så om du ser ein mann i sommar-Oslo med masse Swix-utstyr, eit par ski, og ein stav, kan du ringe næraste politikammer, seier Gilleberg, med glimt i auget, etter episoden.
NRK.no har vore i kontakt med Northugs manager. Han vil ikkje utdjupe saken ytterlegare.
Poker-ferie før sesongoppkøyring
Petter Northug nyt for tida eit par rolege pokerdagar i Barcelona før han skal opp i tynnlufta.
I slutten av november skal han stille til start under verdscupopninga i Gallivare.
Tour de Ski og VM (Val di Fiemme) er hovudmåla for Northug i vinter.
På vegen dit ventar to lengre høgdeopphald i Alpe di Siusi og Livigno i august og september.
VIDEO: Her ladar Northug opp til sesongen i Alpene