Ingebrigtsen ble månedens utøver

Jakob Ingebrigtsen er stemt fram til utmerkelsen månedens utøver hos Det europeiske friidrettsforbundet for juli. Det skriver forbundet på Twitter. Yngstebror Ingebrigtsen satte i slutten av oktober ny norsk rekord på 10 kilometer under «Hytteplanmila». Tiden på 27:54 er også europeiske U20-rekorden på distansen.

Jakob Ingebrigtsen
Foto: Lise Åserud / NTB Scanpix

Siste nytt

  • Trippel OL-vinnar i friidrett død

    Den triple OL-vinnaren Peter Snell frå New Zealand er død, 80 år gammal.

    Snell er ein av New Zealands største idrettsheltar, med OL-gull på 800 m i 1960 og på 800 og 1500 m i 1964. Han heldt også verdsrekorden på 800 meter og ei engelsk mil.

    Peter Snell
    Foto: AP
  • OL-surfing på Tahiti

    OL-arrangørane i Frankrike valde torsdag å legge surefekonkurransane i OL i 2024 til stillehavsøya Tahiti. Det er 15.700 km og 20 flytimar unna Paris, som er vertsby for sommarleikane.

    Ifølgje arrangørane vil dette ikkje ha betydning for kostnadene, eller skape ekstra problem for klima og miljø.

    Valet er gjort fordi det er nesten garantert ideelle bølgjer for surfing.

    Men det er også kontroversielt, fordi bølgjene er rekna som farlege for kvinnene. derfor står ikkje Tahiti på kvinnenes verdscupliste.

    – Vi set opp kvinnenes konkurransar på den tida på dagen når bølgjene er minst, seier Lionel Teihotu i Tahitis surfeforbund.

    Tahiti er ein del av øygruppa Fransk Polynesia, som er rekna som ein del av Frankrike, men med indre sjølvstyre.

    Den amerikanske surferen Benji Brand ved Teahupoʻo på Tahit
    Foto: BRIAN BIELMANN / AFP
  • Klopp forlengjer med Liverpool

    Manager Jürgen Klopp har forlenga sin kontrakt med Liverpool til 2024, melder klubben på sine nettsider.

    Klopp har leia Liverpool sidan 2015, og førte dei til topps i meisterligaen i vår.

    Klopp
    Foto: Jon Super / Jon Super

Sendeplan

Kl. Program Kanal