India innfører nasjonal spyddag
7. august skal frå neste år bli nasjonal spyddag, har det indiske friidrettsforbundet bestemt.
Det var på den datoen Neeraj Chopra tok olympisk gull i spydkast – den aller første indiske gullmedaljen i friidrett, og berre det andre individuelle gullet India noksinne har teke i OL.
Det inneber mellom anna at alle delstatane i kjempelandet med 1,3 milliardar menneske kvart år på denne dagen skal ha spydkonkurransar, skriv First Post.
OL i Tokyo blei Indias beste nokon gong med sju medaljar.