Måndag vart det halde minnemarkering for Vibeke Skofterud i Norges skiforbund sine lokale på Ullevaal i Oslo.
Den mangeårige langrennsløparen mista livet i vasskuterulykke søndag. Ho vart 38 år gammal.
Skofterud hevda seg i skisporet i ei årrekkje, men ho var også eit stort førebilete for mange utanfor skisporet. Allereie tidleg i langrennskarrieren fekk Skofterud problem med eteforstyrringar. Og problema følgde henne i fleire år.
Skofterud hadde då venninna Jorunn Sundgot Borgen som ein viktig samtalepartnar. Professoren i fysisk aktivitet og helse ved Noregs idrettshøgskole hyllar Skofterud for å ha stått fram med problema sine.
– Vibeke valde å vere open om problema sine i eit miljø der ein ikkje skulle snakke om slikt, slik ho opplevde det på den tida. For ti år sidan var det veldig lite snakk om eteforstyrringar, seier Borgen.
Og utdjupar:
– Mange har jo snakka om slike problem etter dei har lagt opp. Det spesielle med Vibeke var at ho var open medan ho sjølv var aktiv. Det at ho stod fram med problema sine har betydd enormt mykje for mange. Ikkje berre idrettsutøvarar, men også andre.
– Den mest levande eg har møtt
Borgen og Skofterud kjende kvarandre godt gjennom mange år. Professoren slit framleis med å akseptere den brå bortgangen.
– At skjønne Vibeke, som er den mest levande utøvaren eg nokon gong har møtt, ikkje lenger skal leve saman med oss, nei, eg har enno ikkje skjønt det, seier professoren.
Også i MOT sørgjar dei over Vibeke Skofterud sin bortgang. Organisasjonen samarbeidde tett med langrennsløparen gjennom fleire år. Skofterud stilte i fleire opp år for kalendrane til MOT.
– Vibeke var ein utruleg viktig bidragsytar for oss som vi nytta aktivt. Ho var open og ærleg om at ting ikkje alltid er bra. Kalenderen vår handla om å bevisstgjere ungdommen og gi dei meir mot. Der var Vibeke veldig viktig, seier kommunikasjonsansvarleg Regine Oen Hatten.
I tillegg til å vere open om eteforstyrringane sine var Vibeke Skofterud også open om legninga si.
– Open og ærleg
Skipresident Erik Røste, som var til stades under minnemarkeringa på Ullevaal mandag, nemner også ulike sider ved Vibeke Skofterud når han skal heidre ho.
– Ikkje berre hadde ho ein stor karriere med to VM-gull og eitt OL-gull. Vibeke var også ein person med mykje utstråling, varme og engasjement. Ho var det naturlege midtpunktet i laget, seier Røste.
– Vibeke var dessutan også open når det gjeld vanskelege saker. Ho har hjelpt mange med måten ho har vore så open og ærleg på, legg skipresidenten til.