Hopp til innhold

Fryktar Johaug og Klæbo kan bli brukt som politisk verktøy

Idrettsforskar Gudmund Skjeldal meiner dei aktive utøvarane må bli svært godt informerte om kva det kinesiske samfunnet står for, og at dei heilt sikkert kjem til å bli brukt politisk.

Gudmund Skjeldal

SKEPTISK: Forskar Gudmund Skjeldal ber Olympiatoppen ta grep. Han er sjølv tidlegare landslagsløpar i langrenn.

– Eg veit at det er heilt urealistisk med norsk boikott. Tore Øverbø (toppidrettssjef) og hans gjeng kjem aldri til å boikotte eit OL i Beijing. Det torer dei ikkje heller, Ikkje minst på grunn av det samarbeidet den norske regjeringa har med Kina, seier Skjeldal til NRK.

Men Øvrebø lovar å førebu dei aktive svært godt på kva det kinesiske samfunnet inneber, og at det er opptil kvar enkelt om dei vil reise.

Gudmund Skjeldal er forskar ved Noregs idrettshøgskole. Sist måndag skreiv han og seks andre ein kronikk i Aftenposten der han bad alle vere kritiske til OL i Beijing, eit meisterskap som opnar 4. februar neste år.

Frykta er at Kina vil bruke OL og utøvarane politisk.

«Det beinharde regimet i Kina kjem til å sole seg i glansen av det komande vinter-OL. Kan Noreg bli med på det?» er spørsmålet kronikkforfattarane stiller.

Onsdag sende ei gruppe på 180 menneskerettsorganisasjonar eit krav om at vinter-OL i Beijing neste år må boikottast.

Demonstrasjonar mot Beijing-OL

PROTESTAR: Minoritetar i Kina demonstrerer mot OL, og får støtte av 180 menneskerettsorganisasjonar verda rund

Foto: Fabrice Coffrini / AFP

– Det er for å sikre at dei ikkje blir brukt til å stimulere den kinesiske regjeringa sine forferdelege menneskerettsbrot og angrep på dissidentar, heiter det i boikottkravet.

Organisasjonar som representerer tibetanarar, uigurar, og innbyggjarar i Indre Mongolia og Hongkong er blant underskrivarane av oppropet.

– Kva med Johaug og Huawei?

Derfor er Skjeldals klare oppfordring at Olympiatoppen må hjelpe utøvarane ved å førebu dei på kva slags land dei kjem til, og be dei tenke grundig gjennom kva slags konsekvensar det eine eller det andre får.

– For eksempel når Therese Johaug kjem til Øvrebø og spør om ho kan reise til Kina etter at ho har sagt opp Huawei-avtalen. Då håpar eg Øvrebø kan hjelpe henne til å tenke grundig gjennom spørsmålet, seier Skjeldal.

Gudmund Skjeldal

KRITIKAREN: – Øvrebø vil aldri våge å gå inn for boikott av OL, meiner idrettsforskar Gudmund Skjeldal.

Foto: NRK

– Kva er det som er problematisk med at Noreg reiser til Kina for å delta i eit OL?

– Kina er oppfatta som svært undertrykkande når det gjeld menneskerettar, religion, ytringsfridom, og på andre område. Dei vil bruke OL til å skape eit inntrykk av at Kina har ein bra samfunnsmodell, seier Skjeldal.

– Blir heilt sikkert brukte politisk

– Dette er ei problemstilling ein ikkje kjem unna. Det er kjempevanskeleg for utøvarane, som heilt sikkert kjem til å bli brukte politisk, legg han til.

– Kva bør Olympiatoppen gjere?

– Informere alle aktive så grundig om kva land Kina er at ingen i ettertid skal kunne spørje seg sjølv om «kva var det eigentleg eg var med på? Støtta eg regimet gjennom mi deltaking i dei glansfylte leikane?» Dersom dei har slike tankar i ettertid, har ikkje Olympiatoppen gjort god nok jobb i forkant, meiner Skjeldal.

Lovar grundig informasjon

Toppidrettssjef Tore Øvrebø er ikkje tilhengar av boikott. Men han er samd med Skjeldal i at utøvarane må bli grundig informerte om kva land og regime dei reiser til.

– Det gjer vi kvar einaste gong vi reiser til store meisterskap. Toppidretten er global, derfor kjem vi ofte i kontakt med land som er styrt etter andre verdiar enn våre eigne. Vi følgjer med, men vårt hovudfokus er at utøvarane skal få sjanse til å prestere, seier Øvrebø.

Olympiatoppen hentar ekstern kompetanse for å informere og førebu utøvarane på emne som politikk, kultur, økonomi og andre tema i landet det gjeld. Det vil dei også gjere før OL neste år.

Toppidrettssjef Tore Øvrebø

TOPPIDRETTSSJEFEN: – Vi skal førebu våre utøvarar på alt som har med Kina å gjere, seier Tore Øvrebø

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Vi hadde ein tung diskusjon om dette før Korea (OL i 2018), då det var snakk om atomkrig. Vi hadde det også før Sotsji-OL i 2014, og sommar-OL i Beijing i 2008. Det er fast kutyme for oss, seier Øvrebø.

Opp til kvar enkelt utøvar

– Finst det ei grense?

– Heilt sikkert, men den må vi finne saman med politikarane.

Øvrebø seier at det er opptil kvar enkelt om dei vil reise til Kina. Det er også opp til kvar enkelt kva ein vil uttale seg om dette.

– Det er heilt frivillig å delta i idrett, og det er frivillig å delta i OL. Det er også opptil kvar enkelt om kor mykje dei vil ytre seg og markere sine synspunkt før og etter. Akkurat under eit OL er det restriksjonar, men elles står alle fritt.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal