I går vart det klart av Cecilia Brækhus får bokse på heimebane, i sjølvaste Oslo Spektrum.
Det er knockout-nemnda, nedfelt av kulturdepartementet, som har godteke at Brækhus endeleg får ønsket sitt oppfylt. Eit vedtak som vart godkjent under tvil.
Det er først og fremst mogelegheitene for sanksjonar ved dopingdommar NIF meiner er mangelfulle.
– Ein dom vil ikkje få nokon betydning fordi den ikkje råkar dei forbunda som boksarane vidare ønskjer å bokse under, seier idrettsforbundets visepresident Oddvar Jensen.
– Krav om domsutval hos arrangøren
Det er Brækhus' selskap First Lady Promotion (FLP) som er arrangør, og som har ansvaret for sanksjonar for boksarar som blir tatt og dømt for doping i stemnet 1. oktober.
– Det er eit krav at dei skal ha eit domsutval og reglar for sanksjonar, seier Frode Hestnes i Antidoping Norge til NRK.
Tvilen dreier seg om oppfølginga av positive dopingprøver er god nok.
Det er dette Idrettsforbundet er skeptisk til. I høyringsnotatet datert 14. mars i år, skriv NIF:
- NIF registrerer også at det i søkers regelverk fremdeles er slik at eieren utpeker personer til påtaleorgan, sanksjonsutvalg og ankeutvalg. Dette er ikke en organisasjonsstruktur vi finner tillitsvekkende, gitt de krav som stilles for å ivareta utøvernes rettssikkerhet i dopingsaker iht. WADC. Vi kan vanskelig se at denne strukturen gir et innhold som tilfredsstiller de internasjonale forpliktelsene den norske stat har påtatt seg.
Kampen skal gå 1. oktober – på dagen 36 år etter den førre proffkampen i Norge, då Steffen Tangstad debuterte som proffboksar.
Dette etter at Brækhus har sendt inn totalt seks søknader for å få lova på si side.
– Me er ikkje einige i avgjerda til nemnda, og har levert vår fråsegn, seier visepresident i idrettsforbundet, Oddvar Jensen til NRK.
Idrettsforbundet er høyringsinstans i slike saker, men har ingen makt utover det.
– For dårlege sanksjonar
MISNØGD: – Vi meiner det er altfor lite høve til å sanksjonere mot dopingtatte proffboksarar, seier idrettsforbundets visepresident Oddvar Jensen
Foto: Alley, Ned / NTB scanpixFor Antidoping Norges del er ei dopingsak avslutta når det ligg føre ein fellande dopingdom. Straffeutmålinga er ikkje deira sak.
– Men vanlegvis dreier det seg om utestenging og/eller bøter, seier Hestnes.
Norges Idrettsforbund er ferdig med denne saka. NIFs rolle er å uttale seg på bakgrunn av den kjennskap dei har om WADA og antidopingarbeidet.
– Me har ingen myndigheit, og ønskjer heller ikkje å ha det, seier Jensen. – Dette er ei statleg sak som blir forvalta gjennom Kulturdepartementet og ministeren.
Sjølv om Jensen er klar på at idrettsforbundet ikkje kjem til å involvere seg meir i korkje søknaden eller arrangementet fram mot oktober, vedgår han at han er bekymra.
Permanent søknad blei avslått
Ein søknad om permanent oppheving av forbodet vart behandla på same møte. Denne vart ikkje godkjent.
Kulturministeren er ankeinstans for vedtak som knockoutnemnda gjer.
– Eg veit ikkje om det har skjedd her. Eg vil ikkje tru det, eg trur dette er eit vedtak nemnda har gjort, seier Jensen.
– Me vil ikkje blande oss inn meir. Me har inga myndigheit på feltet, men seier berre det me meiner om saka, seier Oddvar Jensen.