– Det kom litt brått på. I juni vart eg kontakta av det nederlandske laget der mellom andre Ireen Wüst trenar, og spurt om eg ville trene med dei, seier Norges beste kvinnelege skøyteløpet til NRK.
Nederlandske Wüst (30) har vore blant dei aller beste skøyteløparane i verda dei siste åra, og har ti strake pallplasseringar i allround-VM. Fem av dei har vore gull.
– Det var veldig interessant, for ho er ein av tidenes beste skøyteløparar. Eg var nok litt nervøs då eg reiste nedover, men tenkte at dette er ei utfordring eg må ta, seier Njåtun.
– Eg rekna med at eg ville vekse på det, og det trur eg at eg har gjort. Det er godt å få ein fot innanfor, og eg kom godt overeins med henne.
– Vi er betre på kost-rutinar
Njåtun seier at treningsopplegga for dei nederlandske og norske løparane er nokså like. Men dei «rolege» øktene deira er meir intense enn våre, og det kjende eg blei litt tungt.
– Men vi er betre på ein del restitusjonstiltak og på kosthald – i all fall rutinar med å få i oss nok mat på trening, seier ho.
No ser ho fram til å utvikle samarbeidet seinare i sesongen.
– Når vi er på same stad, kan vi få til felles økter, seier Njåtun.
Wüst deltok på norsk samling
Nokre veker seinare trena det norske laget i Leeuwarden i Nederland. Då hadde nederlendarane heimeveke.
– Då spurde ho om ho kunne få vere med oss ein dag. Det fekk ho. Det blei fleire fellesøkter den veka, så det er tydeleg at ho trivst med å vere med oss også, seier Njåtun.
– Kvifor kom du hit for å trene med Ida?
– Ho er sterk og god teknisk. Ho er ei av dei beste i verda, seier Wüst til NRK. – Det er godt å trene med dei som er verkeleg gode, då blir det høgt nivå på treninga.
Njåtun meiner også at ho har mykje igjen for å trene saman med verdas beste.
– Mykje. Det pressar meg til å gjere det betre heile tida, seier Njåtun, som til dagleg trenar saman med gutane og får bra med pes også der.
– Men det er litt ekstra når ho er ein direkte konkurrent. Det å sjå at eg er så nær henne på trening, gir meg også trua på at eg skal få det til i løp, sjølv om ho har medaljar nok til at det ser ut som om ho er eit supermenneske. Då veit eg også at eg kan får det til.