– Eg tenkte vel på å legge opp i sånn tre minutt. Då eg traff den porten, kjende eg at dette var noko eg ikkje var klar for. Men så synest eg det var litt feigt òg å gi seg på ein sånn måte, seier Nina Haver-Løseth før comebacket i verdscupen.
Det var i slalåmrennet i Semmering i romjula i fjor at ho hekta i ein port og mista balansen. Deretter køyrde ho inn i neste port og fekk eit brot heilt øvst i leggbeinet. Dermed rauk resten av sesongen, inkludert VM i Åre.
Naturleg nok var det ein nedtur, men tanken om å legge opp vart fort lagd bort.
– Eg synest eg fortener å gi meg sjølv ein reell sjanse til å finne ut kor fort eg kan køyre. Det har vore det store målet, å finne ut kor fort eg kan køyre, seier Haver-Løseth.
- Sjå video av fallet til Haver-Løseth her:
Blir utfordra av lagvenninnene
Då ho skadde seg, hadde ho vore topp ti i begge slalåmrenna så langt i sesongen. Ho var Noregs beste slalåmkøyrar.
Men då esset rauk ut med skade, tok dei andre utøvarane på laget store steg. Mellom anna enda Kristin Lysdahl på tiandeplass i slalåm-verdscupen. No er Haver-Løseth i ein posisjon der ho må halde følgje med lagvenninnene.
– Det kjem naturleg med ein skade at ein blir dytta litt lengre bak. Kristin hadde ein fantastisk sesong. Dei andre jentene òg, og det synest eg er veldig kult. Du merkar at snittet i gruppa har heva seg veldig. Det er ganske artig å komme tilbake og sjå at eg må opp i ringa på trening for ikkje å ligge langt bak, smiler Haver-Løseth.
OL-MEDALJE: Nina Haver-Løseth (t.v.) og Kristin Lysdahl var på det norske laget som tok bronsemedalje i lagkonkurransen parallellslalåm under OL i 2018.
Foto: Lise Åserud / NTB scanpixDå sesongen byrja i fjor var Lysdahl rangert som nummer 109 i verda.
– Det er veldig bra at vi får den matchinga på trening. Nina var den som brøyta vegen, sånn at eg såg kvar eg skulle gå. Eg føler eg har lært veldig mykje av Nina opp gjennom åra. Det å trene med henne og pushe kvarandre, er veldig bra.
– Kva er det viktigaste du har lært av henne?
– Ho er så utruleg presis. Ho køyrer så reint og bra, og er på frå første port. Ho køyrer utruleg bra på ski, seier Lysdahl.
- Les òg:
– Har ikkje vore så nervøs dei siste åra
For Haver-Løseth er det spesielt å ikkje lenger å vere best på laget. Men mest av alt på ein positiv måte, trur ho sjølv.
– Eg trur det har vore perfekt med tanke på alt eg har jobba med. Det med å pushe grenser og køyre fortare for kvar runde. I tillegg så har eg ein gjeng med yngre jenter som eg må prøve å halde følgje med.
No er ho revansjesugen og meir nervøs før renn enn på lenge.
– Eg kjenner det er ei blanding av at eg er spent og litt nervøs. Men nervøsiteten er òg noko eg klarer å ta litt positivt no, for eg har ikkje vore så nervøs dei siste åra. Det er litt sånn at eg prøver å ta det som eit godt teikn. Eg veit at eg er der eg skal vere, seier ho.
- Verdscupen i slalåm ser du på NRK 1 laurdag frå klokka 10.10.