– Eg gav ikkje alt, sa 32-åringen til NRK etter å ha kome i mål på sterke 29.21. – Men det var god tempotrening.
I VM skal han springe maraton. Han har personleg rekord frå mai i fjor med 2.10.37.
Men vegen hans til VM-deltaking for Norge har vore lang og til dels kronglete, og det var stunder han trudde at det ikkje kom til å gå.
Gebretsadik kom til Norge på sjølvaste nasjonaldagen for åtte år sidan, etter å ha forlate heimlandet Eritrea i frykt for å bli innkalla til militæret og for å hamne i fengsel.
Som 25-åring vart han tilfeldigvis oppdaga av ein mosjonist då han var ute og trente. Då levde han under enkle kår på eit asylmottak i Hurdal i Akershus.
I 2014 vart han norsk meister på 10.000 meter. I mål fekk han treffe statsminister Erna Solberg, der han fortalte at han gjerne ville bli norsk statsborgar.
– Ho sa at det kunne ho ikkje love, og fortalde at det er eit regelverk for slike søknader, seier Weldu.
– Fem år er lenge å vente
No er statsborgarskapet på plass, men han vedgår at det har teke lang tid og at han blei nokså lei av å vente.
– Fem år er for lenge å vente. Eg tok til å tvile på om eg skulle få det, seier han. – Forbundet og BUL har gjort alt for at det skulle gå i orden. Men det var veldig stressande å vente på avgjerda.
Likevel makta han å halde oppe treninga, og starta i løp for å kvalifisere seg til meisterskap. Han løyver ingen tvil om at han sprang for å få statsborgarskap og delta for Norge.
– Det var målet mitt heilt sidan eg kom til Norge i 2011, seier han.
I fjor fekk han endeleg godkjenninga frå Det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF) om å representere Norge. Neste veke er han klar for å representere sitt nye heimland i VM i Doha.
Den snart 33 år gamle Gebretsadik har også vore suveren på det tradisjonelle Birkebeinerløpet. Tidligare i sommar sprang han inn til sin sjuande siger av åtte forsøk.
Sidan har han vore i trening på over 2000 meters høgde i sitt tidlegare heimland Etiopia. Oslo Maraton er hans første konkurranse etter det.
– Kva ventar du deg i VM?
– Det er vanskeleg å svare på. Ikkje minst kan varmen i Doha gjere det vanskeleg, kanskje blir det opp mot 40 grader, seier han.
Han har sin eigen måte å restituere på.
– Eg legg meg på senga med beina litt opp, ser i taket, og så drikk eg i veg.