Kvart år veit skiskyttarane kva dei går til i Oberhof. Det er ein av dei største folkefestane i heile verdscupen, men det er også arenaen der både løparar og smørjarar er livredde for skia sine.
– Me ofra enda eit skipar på det føre her. Det er så mykje jord og stein i løypa, sa Erlend Bjøntegaard etter målgang på sprinten fredag.
Må bytte ut skia eitt år før
I år var det så ille at 30 av dei beste skipara som var i bruk i helga måtte bli sendt heim til Noreg for å bli slipt om før neste verdscuprunde i Ruhpolding på onsdag.
Skipara kan brukast igjen, men levetida blir betrakteleg kortare.
– Når solen har fått så mange riper som i helga kan me vere nøydd til å bytte dei ut eit år før. Det blir store kostnadar når det gjeld 60 par ski for kvar nasjon, seier smørjesjef Tobias Dahl Fenre.
Ole Einar Bjørndalen er landslagstrenar for Kina og bekreftar at også dei må slipe dei fleste skia etter helga i Oberhof. Det får store konsekvensar for ein liten skiskyttarnasjon som Kina.
– Det er veldig kostbart og ekstremt mykje jobb. Dette er er plassen som likar å drepe alle toppski, meiner Bjørndalen.
Bør vurdere verdscupstatusen til Oberhof
Nå meiner NRKs skiskyttarekspert, Ola Lunde at det internasjonale skiskyttarforbundet bør vurdere å ta frå Oberhof verdscuprenn.
– Iallfall slik det ser ut nå og dei ikkje har betre snødeponi og ikkje rein nok snø. IBU må ta ansvar for dette, det er dei som tildeler Oberhof verdscup, meiner Lunde.
Smørjesjef Fenre peikar også mangel på eit godt snølager som grunnen til «grusløypene».
– Arrangøren må ha meir snø på lager, og bli flinkare til å køyre ut snø så det ikkje blir stein i løypa. Det er mange arenaer som brukar kunstsnø og lagrar snø over sommaren og gjer det utan å få stein og grus i løypene, seier Fenre som er oppgitt over arrangøren.
– Det går også an og vere offensiv og plukke stein. Her opplever me at dei er arrogante og står og pirkar i snøen. Dei tek det ikkje på alvor.
– Vêret har vore komplisert
Arrangøren tek sjølvkritikk, men er ikkje heilt einig med det norske støtteapparatet.
– Så dårlege forhold er det ikkje. Eg forstår når løparane seier dei har treft steinar med gode ski. Kritikken er rettmessig. Men vêrsituasjonen er som den var. Me er leie oss for det. Kanskje me får gode forhold og vêr seinare, men det har vore verkeleg komplisert i år, seier løypesjef Detlef Kotlinsky.
Om tre år er det VM i Oberhof. NRK får opplyst at IBU har hatt krisemøte med arrangøren i helga. Men IBUs rennsjef Borut Ninar seier dei ikkje vil vurdere å fjerne den tyske byen som arrangør.
– Det er jo ikkje noko nytt at det er mildvêr og regn i Oberhof, men me begynner jo å bli litt leie av at det skal vere sånn kvart einaste år, meiner Erlend Bjøntegaard.