Hopp til innhold

Audmjukar europeiske storlag – lever av å selje norsk frosenpizza

Medan Vegard Forren slappar av med kaffi og kanelsnurr, tener Klaksvík si største stjerne til livsopphaldet ved å selje Grandiosa. No vil Magne Hoseth kjøpe fleire spelarar fri frå jobb.

zfJTw5TsNTY

JOBBY: Fotball er hobby og «attåtnæring» for pizzaseljar og målskårar Arni Frederiksberg.

Foto: Tibor Illyes / AP

Eg trur det er litt seint når ein er 31 år gammal. Det verkar ikkje som eg kan tene nok pengar til at eg kan leve av det resten av livet.

Orda kjem frå Arni Frederiksberg, kanskje Færøyane sin største fotballhelt akkurat no, som tysdag kveld skal prøve å gjere livet surt for Molde i tredje kvalifiseringsrunde til meisterligaen.

Frederiksberg skåra to av måla då KÍ Klaksvík sensasjonelt sende Ferencvaros ut av kvalifiseringa til meisterligaen i første runde. Det ungarske storlaget gav trenaren sparken på flekken etter det audmjukande 3-0-tapet. Klubbpresidenten stempla resultatet som «uverdig».

I andre kvalifiseringsrunde skåra han tre gonger i 3-3-kampen mot det svenske meisterlaget Häcken. Så gav han KÍ ein perfekt start i straffesparkkonkurransen, der norske Vegard Forren til slutt sette den avgjerande ballen i mål.

Arni Frederiksberg er rett og slett den fremste bidragsytaren til at eit lag frå Færøyane for første gong skal spele i eit europeisk gruppespel – og dermed også til at minimum rundt 40 millionar rullar inn i klubbkassa.

Men sjølv om han har allereie sendt KÍ Klaksvík til serieligaen, og framleis kan sende dei til meisterligaen, trur altså ikkje 31-åringen at han nokon gong kan leve av å spele ball.

Arni Frederiksberg

ALDRI PROFF: Arni Frederiksberg trur løpet er køyrt for ein proffkarriere, og lev godt med det.

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

Jobb 8-16, trening 17–20

Vi tenkjer at etter mange år vil Færøyane få dei første heiltidsfotballklubbane. Men det kjem nok til å skje med yngre spelarar, ikkje oss som er litt eldre, seier Frederiksberg til NRK.

Han tener til livsopphaldet som seljar i eit firma som driv med engroshandel.

I Noreg har vi til dømes avtalar med Orkla, som vi aller kjenner godt. Vi sel Grandiosa og Big One-pizza.

Kor mykje jobbar du?

Eg jobbar alle timar i døgnet, om du kan seie det sånn. Vi trenar frå 17 til 20, og så prøver ein å vere på kontoret mellom 08 og 16.

Elias Eydunsson Elttør. Teknisk leder i KSS.

STOLT KOLLEGA: Elias Eydunsson Elttør og resten av dei tilsette i KSS synest det er stas at to av arbeidskollegaene speler på det suksessrike fotballaget i byen.

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

Fleksible arbeidsgivarar

Sånn er det for alle dei lokale spelarane på laget frå byen med knapt 5000 innbyggjarar. Fleire er elektrikarar, nokon køyrer bodbil.

Måndag besøkte NRK bedrifta KSS, som reparerer båtar. På veggen heng ei Klaksvik-trøye med «B. Petersen» på ryggen. Børge Petersen jobbar her, som maskinsmed. Same stad jobbar Odmar Færø med sal.

– Dei er ikkje her i dag, på grunn av kampen med Molde, fortel Elias Eydunsson Elttør, som er teknisk leiar i KSS.

Bedriftene er fleksible når det gjeld arbeidstida til fotballheltane i byen inn mot store kampar. Men onsdag morgon, må dei møte på jobb igjen.

For oss i Klaksvík har fotball alltid vore svært stort. Det er kjempebra at vi får spele i Europa, alle er i «hoppla» akkurat no, det er veldig bra, seier Elttør.

Les også Hoseth med ny mesterligabragd – Forren senket nordmenn

Forren

Drikk kaffi og ventar

Den norske stjerna på laget, Vegard Forren, er ein av få som ikkje har annan jobb enn å spele fotball. Medan dei lokale lagkameratane reparerer båt og sel frosenpizza, sit han og eit par andre spelarar utanfrå på kafé.

Vi har ein gjeng her som ofte møtest og tek eit slag kort og gjer oss klar til trening, og ventar på at resten kjem, seier Forren.

Og held fram:

Eg har spøkt mest med at eg har fått ryddejobb på kafé Frida i Klaksvík. Eg sit der gjennomsnittleg kvar dag, med litt kaffi, litt «morgontallerkenar», og av og til ein kanelsnurr, fortel han.

Forren har inga kjensle av å spele på eit amatørlag.

Ein blir lett motivert her sjølv når ein ser ein gjeng komme springa inn frå jobb og står på. Dei trenar for fullt og klagar aldri, seier den tidlegare Molde-profilen.

Djupmyra

LITE JÅLERI: Djupmyra i Klaksvík har berre 1500 sitjeplassar og banen er for kort til å oppfylle Uefas krav. Derfor er kampen mot Molde flytta til Torshavn.

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

– Surrealistisk

Klaksvíks norske trenar Magne Hoseth, er ikkje mindre imponert. Sjølv kombinerte han aldri fotball med annan jobb i den aktive karrieren si.

– Derfor er det litt surrealistisk for meg, seier han til NRK.

Før eg kom hit tenkte eg ikkje så mykje på det. Men no tenkjer eg at det er ekstremt stort å vere så dedikert og synest at fotball er så artig at dei vel å spele fotball ved sida av hovudjobben sinog gjer det så bra. For ein gjeng. For nokre spelarar, som vil dette så masse, seier Hoseth.

Han ser ikkje på kombinasjonen som eit problem, tvert imot meiner han at det kan vere bra for spelarane å ha meir å tenkje på enn fotball. Samtidig erkjenner han at det heller ikkje alltid er optimalt.

Eg er ikkje sikker på at alle har ete det dei skal ete og når dei skal ete, til dømes, før dei kjem på trening, seier han.

Magne Hoseth

IMPONERT: Magne Hoseth synest spelarane taklar kombinasjonen av jobb og fotball på meisterleg vis.

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

Vil kjøpe spelarane fri

Derfor vil Hoseth ha ein prat med klubbleiinga – der dei tilsette heller ikkje jobbar heiltid i klubben – om det er mogleg å kjøpe fri fleire spelarar meir frå jobb inn i ein travel fotballhaust.

Dei skal spele elleve seriekampar, ti europacupkampar og fleire av dei skal spele seks landskampar. Det blir nok kampar fram til 14. desember. Så nokre av dei blir sikkert kjøpt fri viss dei ønskjer det, seier Hoseth.

Klubbformann Tummas Lervig er ikkje negativ til å finne gode løysingar. Men å gjere Klaksvík til ein heilprofesjonell klubb, synest han ikkje er vegen å gå.

Nei, eg synest det fungerer godt her på Færøyane. Vi kan ikkje bere å vere gjennomprofesjonelle. Vi har gode arbeidsgivarar, både for styre og fotballspelarar, så ein kan ha det ved sida av. Det er ein fin måte å gjere det på, seier han til NRK.

Klaksvik

EVENTYRLEG REISE: Etter siger mot Häcken, kunne klubbformann Tummas Lervig juble for at draumen om europeisk gruppespel på Færøyane har vorte sann.

Foto: Michael Erichsen / BILDBYRÅN

Pengar til akademi og kvinnelag

I staden for meir lønn til spelarane på A-laget for menn, vil han bruke mange av Europa-millionane på spelarakademiet og kvinnesatsinga til klubben.

Vi skal etablere oss som ein solid og god fotballklubb, fastslår han.

Å komme til eit europeisk gruppespel, var eit klart mål i år. Det er innfridd. Samtidig har dei fått trua på meir. Klaksvík vil gjere det like surt for seriemeistrane frå Noreg, som dei gjorde det for meistrane frå Ungarn og Sverige, og veit korleis.

På same måte som dei siste to kampane. Vi speler godt defensivt, og så skal vi slå til på kontra og dødballar når moglegheita byr seg, seier toppskårar og pizzaseljar Arni Frederiksberg.

Lykkast dei, blir det til endå meir ost på «grandisen».

Sportsnyheter

Bayern München raste 12 minutter på overtid – hevder dommeren innrømte feil

Nesten tretten minutter på overtid satte Bayern München ballen i mål, men dommeren blåste av for offside like før. Det skaper reaksjoner.

Siste nytt

  • Lahti får «låne» den klassiske Kollen-femmila – første gang på 40 år

    Det blir ingen prestisjefylt Kollen-femmil for langrennsstjernene i 2025. I stedet får Lahti arrangere en 50 kilometer i verdenscupen to uker etter VM i Granåsen.

    Det ble endelig vedtatt på denne ukens møte i langrennskomiteen i Det internasjonale ski- og snowboardforbundet (FIS) i slovenske Portoroz.

    Verdenscuprennene i langrenn i Holmenkollen neste sesong legges til 15. og 16. mars. Det er helgen etter at VM i Trondheim er avsluttet. I stedet for femmil blir det distanserenn over 10 og 20 kilometer.

    Årsaken er at mesterskapet i Granåsen avsluttes med femmil for begge kjønn. Med det som bakteppe har langrennstoppene i FIS besluttet at det ikke vil være fornuftig med en ny femmil kun én uke etter i Holmenkollen.

    I stedet er det funnet plass til distansen når sirkuset forflytter seg videre til Lahti to uker etter VM. Femmila i Lahti går dermed søndag 23. mars.

    (NTB)

    jm3C-4cNNLY
    Foto: NTB
  • VIF-talent (19) må trolig legge opp

    En alvorlig kneskade tvinger trolig Vålerenga-spiller Jacob Dicko Eng (19) til å avslutte fotbalkarrieren langt tidligere enn han hadde tenkt.

    Oslo-klubben opplyser om den kjedelige situasjonen i sine kanaler torsdag.

    I oktober i fjor pådro Eng seg en alvorlig kneskade mot Fram Larvik i 2. divisjon. Legene ga beskjed om at det var 50 prosent sjanse for at han ville komme tilbake som fotballspiller.

    Til tross for operasjon og iherdig opptrening ble det etter undersøkelser denne uka klart at Jacob fortsatt har en veldig lang vei å gå. Sjansene for comeback er små, melder Vålerenga.

    (NTB)

    Jacob Dicko Eng
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Haaland nominert til gjev Premier League-pris

    Erling Braut Haaland kan bli kåret til årets unge spiller i Premier League denne sesongen. Kampen om hederbevisningen er imidlertid beintøff.

    Nominasjonene til prisen ble offentliggjort av Premier League torsdag. Haaland er én av åtte spillere det kan stemmes på.

    En av de tøffeste utfordrerne blir etter alle solemerker klubbkamerat Phil Foden. Manchester City-stjernen, som i likhet med Haaland er 23 år, har vært strålende for de lyseblå.

    Det er fansen som skal stemme fram vinneren av prisen. Forrige sesong gikk den til Haaland. Før det ble det to strake priser til Foden.

    (NTB)

    RARQbR4LYDw
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal