For nokre dagar sidan kunne OL-vinnar Maren Lundby fortelje til NRK at ho må stå over sesongen. Ho er ikkje villig til å slanke seg på ein uforsvarleg måte for å bli klar for meisterskapen.
– Det blir stilt ekstreme krav til ulike ting i skihopping, og vekt er éin av dei, sa Lundby.
No tar Anders Jacobsen ordet og manar til at ein må få gjort noko med slankeproblematikken i hoppsporten. Han meiner at Maren Lundby er eit forbilde.
Det må gjerast gjennom regelendringar frå det internasjonale Skiforbundet, meiner Jacobsen.
For i dag er det slik at dess lettare du er, dess kortare ski kan du hoppe med.
– No håpar eg at reglementet blir enda hardare for dei som spekulerer i at du kan gå ned i vekt for å kappe ski, for så å hoppe lenger. Dersom reglementet kan bli enda tøffare, så vil det bli likare for fleire, seier Jacobsen til NRK Ukeslutt laurdag.
SLANKA SEG: Anders Jacobsen jublar for sigeren i nyttårshopprennet i 2015.
Foto: CHRISTOF STACHE / AfpSlanka seg før sesongen
Sjølv måtte han slanke seg før kvart meisterskap og køyrde eit svært strengt regime.
– Omtrent på denne tida av året, så var det viktig å tyne seg litt ekstra. Kome seg heilt ned på den såkalla matchvekta. Det kunne vere strevsamt, seier Jacobsen.
For Maren Lundby var det ei svært vanskeleg og tøff avgjerd å ta å stå over sesongen.
Ho vil ikkje lenger presse kroppen ned i vekt for å bli med i gullkampen. 27-åringen får dermed ikkje moglegheita til å forsvare OL-gullet frå Pyeongchang.
– Kroppen har vorte litt annleis i det siste av naturlege årsaker, derfor er eg ikkje villig til å ofre kva som helst for å vere på toppnivå i Beijing, konstaterte ho.
BEST I VERDA: Maren Lundby under medaljeseremonien i Pyeongchang i 2018.
Foto: Cornelius Poppe / NTBOrsaka kritikken
Ho har blitt kritisert for at ho har stilt opp i Skal vi danse på TV 2, men denne kritikken har langrennsløpar Emil Iversen no gått tilbake på.
– Eg har heile livet ønska at eg tenkte meg om før eg prata. Det går ikkje alltid like bra. Men klar, no stiller situasjonen seg annleis og eg beklagar for det eg sa, sa Iversen til NRK.
Maren Lundby ønskjer seg endra haldningar og endra vilkår for å kunne tevle i skihopp, utan eit til tider ekstremt slankepress.
– Eg tenkjer at alt som kan gjere det enklare for alle moglege menneske å hoppe på ski, det hadde vore bra, meiner Lundby.
Det er NRK-ekspert og tidlegare storhoppar Anders Jacobsen heilt samd i.
– Det er mange fleire enn ho som lever med denne problematikken og vel å takle den på eiga hand. Det kan vere skummelt. Vi ønskjer jo ikkje eit sjukeleg fokus på vekt og mat, meiner han.