– Skaden er i kategorien sjukt unødig og absurd, seier Vetle Sjåstad Christiansen lattermildt.
Ankermannen som tok VM-gull i stafett i vinter har lenge slitt med smerter i venstre kne under trening og konkurranse.
Vetle Sjåstad Christiansen meiner han fekk problemet etter å ha brukt appen Geocaching, som handlar om å finne «skattar» folk har lagt ut over heile verda.
– Då vi undersøkte kneet konkluderte legane at skaden måtte komme frå eit fall. Eg kom berre på det fallet eg hadde for fem år sidan. Då slapp eg meg ned frå ei tre meter høg bru på Lillehammer, landa på strake bein og datt rett på rumpa, seier 27-åringen.
– Frykteleg vondt
I 2014 var skiskyttaren plaga av eit virus, som slo han ut i to år. I den perioden måtte Sjåstad Christiansen trene alternativt.
Derfor tok han i bruk appen Geocaching og gjekk lange turar der han leita etter skattar på eit mobilkart.
– På appen stod det at ein trengde klatreutstyr for å finne posten med skatten, men det hadde ikkje eg. Eg klatra under brua, men orka ikkje å klatre tilbake. Eg måtte berre sleppe meg ned på asfalten. Det gjorde frykteleg vondt der og då, seier Sjåstad Christiansen.
– Kva var skatten?
– Ein filmrull. Appen fungerer jo slik at ein må legge ein ting tilbake. For eksempel ein figurmann frå eit kinderegg. Meg eg hadde så vondt at eg ikkje la noko tilbake.
– Det er absolutt ikkje nokon premiar å hige etter, men eg trengde å gjere noko som likna på toppidrett i den perioden.
Smerter under konkurranse: – Som eit gnagsår i kneet
Etter den tunge sjukdomsperioden har Sjåstad Christiansen kjempa seg til toppen i skiskyting, med triumf i både verdscup og stafettgull VM førre sesong.
Men heile vegen har han slitt med smerter i kneet.
– Det er som å ha eit gnagsår under knehasen. Eit innvendig gnagsår som er ganske ubehageleg når ein skal skøyte. Eg har kjent det spesielt på lengre distansar og i tøffe konkurranseperiodar, seier han.
Ingen garanti
På operasjonsbordet skal han «barbere vekk» hol i korsbandet.
– Eg har små hol i korsbandet som det samlar seg vatn i. Då kjem den gnaginga.
– Blir du kvitt problemet etter operasjonen?
– Det tør dei ikkje å seie, men mest sannsynleg vil det ordne seg.
Christiansen angrar likevel ikkje på den overivrige skattejakta i 2014.
– Eg levde livet der og då, så det var på ein måte verd det. Det var moro å leite etter sånne postar, seier Christiansen.