Ein 25. og ein 19. plass i verdscupen så langt denne sesongen er på ingen måte godt nok til å vere aktuell for VM-troppen ifølgje sportssjef Åge Skinstad.
– Odd-Bjørn har vel ikkje levert nokon prestasjonar i år som skulle tilseie at han skulle vere det, seier Skinstad.
- SJEKK: NRKs VM-barometer
Diskutér nedst i artikkelen: Burde Hjelmeset få VM-plass?
Siste sjanse i NM
Odd-Bjørn Hjelmeset har frå tidlegare fire stafettgull i VM-samanheng, samt eitt inidividuelt VM-gull frå femmila i Sapporo 2007.
39-åringen vil avslutte ei lang karriere med eit VM på heimebane. Men no kan draumen ryke om han ikkje presterer i NM.
- LES OGSÅ: - Odd-Bjørn kan være viktig for miljøet
Førre verdscuprunde i Ötepaa var siste sjanse for Hjelmeset å vise seg fram mot internasjonal motstand.
Men 19. plassen på 15-kilometeren i Estland fekk ikkje landslagstrenar Morten Aa Djupvik til å sperre opp augene.
IKKJE GOD NOK: Åge Skinstad meiner Odd-Bjørn ikkje har levert godt nok for å få VM-plass denne sesongen, men har tidlegare presisert at VM-troppen ikkje er klar før etter NM i Steinkjær.
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX- LES OGSÅ: Hjelmeset imponerte ikkje sjefen
I morgon går 15 kilometer klassisk i NM. Det er definitivt siste sjanse for 39-åringen.
– Eg må prestere. Om eg tar medalje i NM er det veldig bra. Eg prøver, så ser vi, seier Hjelmeset.
Har enno trua
Om han vinn i NM skal det mykje til å ta frå han plassen. Men det blir også viktig å halde utfordrarane Sjur Røthe, Simen Østensen og Roger Aa Djupvik bak seg.
– Eg har stor tru på at eg skal greie det, seier Hjelmeset.
VIDEO: Hjelmeset nummer 19. i Otepää.
Thomas Alsgaard har også trua på at det blir VM-plass på veteranen frå Sogn og Fjordane.
– Eg tykkjer han fortener plassen, men han er ingen medaljekandidat slik han framstår i dag, seier langrennslegenda Thomas Alsgaard til NRK.