Landslagstrenaren vart natt til laurdag pappa til vesle Emil og er ikkje med til Estland denne helga. Han vart ikkje imponert over det Hjelmeset presterte på dagens klassiske 15 kilometer.
- LES OGSÅ:
IKKJE IMPONERT: Landslagstrenar Morten Aa Djupvik.
Foto: Rune Fossum / NRKGlopparen kom i mål til ein 19. plass - 1.11,8 minutt bak sigrande Eldar Rønning.
- Han styrka ikkje sitt kandidatur til VM i dag. Men vi tek ikkje ut troppen før etter NM neste helg, skriv Aa Djupvik i ei tekstmelding til NRK.
For glatte ski
Distansen var den siste internasjonale sjansen Hjelmeset hadde til å overbevise landslagsleiinga om at han fortener ein plass i troppen til ski-VM i Oslo.
Det gjekk seint i sporet, og i mål var han fjerde beste nordmann.
- Eg skulle gjerne gått eitt minutt fortare i dag, men det gjorde eg ikkje, seier Hjelmeset sjølv og fortel om for glatte ski for dei brattaste oppoverbakkane.
Hakket for svakt
Martin Johnsrud Sundby og Petter Northug vart høvesvis nummer sju og åtte.
- LES OGSÅ: - No kjenner eg meg klar for VM
Heller ikkje langrensslegenda Thomas Alsgaard vart overbevist av glopparen. Likevel trur han Hjelmeset er inne i VM-varmen.
STYRKA: Thomas Alsgaard trur Hjelmeset er inne i VM-varmen.
Foto: Borgen, Ørn E. / SCANPIX- Det er hakket for svakt. Diverre er det ingen andre unge som pressar på bakfrå. Samstundes slo han både Gjerdalen og Sjur Røthe med god margin, seier Alsgaard til NRK.
Trur på VM-plass
Alsgaard trur likevel på VM-plass for veteranen frå Gloppen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- Eg tykkjer han fortener plassen, men han er ingen medaljekandidat slik han framstår i dag, seier langrennslegenda Thomas Alsgaard til NRK.
- LES OGSÅ:
Den tidlegare landslagsløparen reknar det som sikkert at både Rønning, Johnsrud Sundby og Northug står på startstreken til 15 kilometeren under VM.