5. mars, 2016, klokka 15.04: Tiril Eckhoff stiller seg opp på siste skyting. Ho skyt for VM-gull på heimebane, og for å skyte fullt hus i ein induviduell konkurranse. Det har ho aldri gjort, og få veit det betre enn NRKs skiskytterkommentator, Andreas Stabrun Smith. Han har kommentert skiskyting på NRK sidan 2008 og han har sett 25-åringen sprekke på siste ståande fleire gonger.
Ola Lunde kommenterer skytinga med sin karismatiske «midt i», «midt i», «låg treff». Då den siste blinken går ned, tar det heilt av i kommentatorboksen.
– Det skjer, det skjer, det skjer. Vi drøymer ikkje. Tiril Eckhoff klarer det for første gong i karriere, som Liv Grete Skjelbreid gjorde i 2000. Feier ned dei ti blinkane og går ut i tet etter ståande skyting, skrik Stabrun Smith.
Hovudpersonen sjølv klarte ikkje å halde tårene tilbake etter målgang.
Hanevold måtte ta over
Det var ikkje berre på at verdsmeisteren som vart rørt til tårer. På radio kommenterte Ingrid Sørli Glomnes og ekspert Halvard Hanevold gulløpet.
– Tre nede på skive 17, åååå fire nede, jaaaaaa, fullt hus for første gang i ein individuell konkurranse i verdscupen så skyter Tiril Eckhoff ti treff, ho gjer som Liv Grete gjorde i 2000 forran Kollen-publikummet, ropte NRKs radiokommentator, Ingrid Sørli Glomnes.
– Dette er heilt fantastisk. No kjem tårene i boksen også for Tiril Eckhoff, sa Glomnes.
Medan Hanevold tok over mesteparten av kommenteringa kan ein tydeleg høyre at Glomnes ikkje klarte å halde tårene tilbake.
Liv Grete Skjelbreid var på gråten på NRKs TV-sending frå rennet. Ho veit mykje om Eckhoffs lange veg til gullet.
– Ho har jobba veldig mykje, veldig lenge. Det er ubeskriveleg.