Du trudde kanskje ikkje heilt på det, men det var faktisk toppkamp som blei spelt på King Power Stadium i Leicester i dag. Og ein toppkamp med eit svært viktig poeng i tillegg til resultatet.
Nistelrooy applauderer
Sensasjonsspissen Jamie Vardy kunne bli historisk. 28-åringen hadde scora mål i ti seriekampar på rad.
Mannen som debuterte i Premier League for eit drygt år sidan og har brukt store delar av karrieren langt nede i det engelske divisjonssystemet, trengde berre eit mål på å ta rekorden til Ruud van Nistelrooy. Nederlendaren scora ti mål på ti kampar da han var på topp i 2003.
Og i kveld fekk dei som skriv historiebøker akkurat som dei ville. Spisslegenden måtte gje frå seg rekorden til ein spelar som for to år sidan var på nippet til å legge opp som 26-åring.
– Det synk vel inn etter kvart. Det er sjølvsagt ein stor prestasjon, men nå tenkjer eg først og fremst på at me fekk med oss eitt poeng, seier Vardy til Sky Sports.
Nøkterne Vardy scora 1–0 målet mot Manchester United etter 23 minutt. I nesten ein omgang heldt dei nullen, men da dukka Bastian Schweinsteiger opp. Tyskaren scora i sin andre kamp på rad og redda eitt poeng for bortelaget.
Dermed mistar begge laga tabelltoppen, og gjev den vidare til Manchester City.
Men uansett er det Jamie Vardy som er dagens store mann i engelsk fotball.
LES SAKA: Dette er i ferd med å bli årets Premier League-eventyr