– Oi, det visste eg ikkje. Stemmer det?, seier Johannes Thingnes Bø overraska.
Etter å ha lest gratulasjonsmeldinga frå Emil Hegle Svendsen går det opp for han at han har passert Svendsen i antal triumfar i karrieren.
Svendsen enda med 38 førsteplassar i OL, VM og v-cup.
Etter førsteplass i både Östersund for ei veke sidan, og to triumfar i Hochfilzen denne helga, står 26 år gamle Thingnes Bø med 41 førsteplassar i karrieren.
– Det er noko av det råaste vi har sett av ein skiskyttar. Eg er stolt over å kjenne ein sånn mann, seier bror Tarjei Bø.
På jaktstarten i Hochfilzen vann han soleklart med 20 treff.
– Det å skyte null bom som nummer ein er fantastisk. Eg skulle prøve å vinne rennet i staden for å forsvare, og det lykkast eg med i dag, seier Johannes Thingnes Bø etter rennet.
Berre Ole Einar Bjørndalen har vunne meir i norsk skiskytings historie.
Tilbyr barnepass for å slå rekord
No vil Svendsen at Thingnes Bø går for Bjørndalens rekordmange 95 førsteplassar i skiskyting, men kjem også med eit stikk til sin overmann frå Stryn.
«Hei Johannes, gratulerer med at du passerte meg i antall seire i verdscupen! Som ekspert må jeg likevel minne deg på at det var mye vanskeligere å vinne før ;) Nå regner jeg med at du går for Ole sin rekord, tar vel ein 10 år kanskje, jeg kan passe ungen din imens <3,» skriv Svendsen i ei humoristisk tekstmelding.
Thingnes Bø ler av Svendsens spøk om nivået og takkar for tilbod om barnepass.
– Det var veldig raust av han!, seier Thingnes Bø om Svendsen, som var NRKs skiskytingsekspert for første gang under jaktstarten.
Bjørndalen trur rekorden kan falle
Om det har blitt lettare å vinne er vanskeleg å vite, men Thingnes Bø fekk det til å sjå enkelt ut ved å bli tidenes mestvinnande i ein sesong i fjor.
Med 16 triumfar slo han både Fourcade og Bjørndalens rekordar i antall førsteplassar i løpet av ein vinter.
No meiner Bjørndalen at Thingnes Bø også kan slå karriererekorden hans med 95 sigrar i skiskyting.
– Om han går i seks-sju-åtte år til kan han ta den, seier Bjørndalen, som står med 96 sigrar på toppnivå om ein tar med hans eine verdscupsiger i langrenn.
PASSERTE SVENDSEN: Då Johannes Thingnes Bø (midten) vann sprinten i Östersund i desember, blei han tidenes nest-mestvinnande nordmann i skiskyting.
Foto: Anders Wiklund/TT / Anders Wiklund/TTHar forlenga karriereplanen
Etter å ha opna for å legge opp som 28-åring etter OL i 2022, fortel Thingnes Bø at han no har konkludert med å slutte etter OL i 2026.
– Det er for tidleg å gje seg som 28-åring og naturleg å runde av som 33-åring.
– Korfor sa du tidlegare at du vurderte å gje deg etter OL i 2022?
– Motivasjonen går jo i bølgedalar. Spør du meg på sommaren vil eg ikkje fortsette lenge, men spør du meg på vinteren så vil eg fortsette lenge, seier Thingnes Bø.
BJØRNDALEN-REKORD: Ole Einar Bjørndalen meiner rekorden hans kan bli slått dersom Thingnes Bø er aktiv lenge nok.
Foto: Geir Olsen– Umuleg oppgåve
Stryningen er likevel ikkje med på at han kan ta igjen Bjørndalens vanvitige rekord og toppe pallen 95 gangar i løpet av karrieren.
– Det er ei umuleg oppgåve. Når Ole Einar spår rekord har han tatt utgangspunkt i sesongen i fjor (16), men ser du på snittet av dei fem siste åra er eg jo ikkje på skjema til å vinne så mange. Om eg doblar dagens tal vil eg stå med 78. Det er framleis eit stykke unna Ole Einar, seier Thingnes Bø.
– Det er vel større sjanse for at Fourcade (77) tar den, legg han til.
I desember kan han uansett pynte på eigen statistikk. Fem individuelle renn står att før jul. Dersom han vinn alle fem tangerer han Raphaël Poirée, som er den tredje mestvinnande herreløparen i verda gjennom tidene.
Etter nyttår blir Thingnes Bø far for første gang. Då er det uvisst kor lenge han blir vekke frå konkurranse, men han utelukkar ikkje at han droppar alle konkurransar i januar.
- Denne helga er det stafett og jaktstart for kvinner og menn i Hochfilzen. Sjekk NRKs sendeplan her.