Kjetil Jansrud og resten av Norges fartslag er i full gang med oppkøyringa til VM på amerikansk jord. Kommande veke blir det hundredelskrig om medaljane i Super-G og utfor.
Denne veka har ikkje alpintlandslaga fått lov til å trene i konkurranseløypa, men det har ikkje hindra Norge i å skaffe seg fordelar.
I Aspen, to timar unna VM-arenaen, øver den norske fartsgjengen i ein spesiallaga kopi av starten på «Birds of Prey»-løypa i Beaver Creek.
– Vi har fått skisenteret til å bygge ei rampe som gir oss ein fordel. Dette er veldig likt starten i Beaver Creek, seier Kjetil Jansrud, som er begeistra for treningsforholda han og resten av laget har fått i Aspen.
– Her gjør skisenteret alt for å gjøre forholda perfekte for oss som er på jakt etter dei små detaljane heile tida.
Bygningsmateriale frå lokal ranch
I størrelse er denne detaljen relativt markant. Og så spesiell at Aksel Lund Svindal må ta «selfie» framfor startrampen før trening.
På toppen av trekket i Aspen ruvar stillaset rundt tre meter over bakken. Reisverket er snekra saman av skisenterets løypesjef, som fann materialet på låven heime på ranchen han driv i Colorado.
– Det hadde nok aldri blitt godkjent av Det Norske Veritas om dei hadde tatt turen innom, seier Jansrud og ler.
– Vi har den beste treninga av alle land
Sikkert er det at den gjør den ferske Kitzbühel-vinnaren tryggare før veka der han kan ta sine første VM-gull.
– Av alle lag i verda meiner eg at vi har den beste treninga opp mot VM, seier 29-åringen.
– Kva får deg til å meine det?
– Eg kan sjølvsagt ikkje vite i detalj kva andre land driv med akkurat no, men eg har høyrt om andre lag som må krangle om treningstrassear. Det er ikkje slik at eit skianlegg stenger heile fjellet for at eit landslag skal få trene. Ein får enkelte bakkar ein kan trene i, og dei må delast på av fleire lag.
– Her i Aspen har skisenteret sagt at Norge får disponere og bestemme. Vi er aleine og styrer alt sjølv. Det er ekstremt bra, seier gullfavoritten i Super-G og utfor.