– Imponerande (at) den mannen kan legge seg til å sove før start i Kitzbühel, skreiv konkurrent Hannes Reichelt då Kitzbühel-utforen blei utsett gang på gang grunna tåke.
Kjetil Jansrud la seg nemleg på ein sofa for å sove då dagens renn blei utsatt. Der låg han fortsatt då det berre var ein halvtime til rennet skulle starte.
Seinare skrudde Jansrud på tenninga, susa ned til triumf i alpitsirkusets største utforrenn og gjekk inn i rekka av dei største utforlegendane.
– Går på rutine
Men korleis klarte han eigentleg å vere så avslappa før eit så krevjande renn?
– Det går i grunn berre på rutine. Det såg ikkje ut som tåka skulle letta med det same, så eg låg der berre og slappa av og prøvde å spare krefter. I eit slikt renn må ein vere skikkelig på, og det klarar ein ikkje ein heil dag. Då er det greit å sleppe seg ned litt, forklarar Jansrud.
Han trengte nok muligens høneblunden, for etter rennet vart det fullt kok for vinnaren.
På veg ut av arenaen starta kaoset. Alpintfansen flokka seg rundt historiske Jansrud, som måtte presse seg gjennom ein autograf- og bildehungrig folkemasse.
Paris: – Han er så avslappa
Etter kaoset møtte NRK Jansrud-konkurrent Dominik Paris, som flira då han fekk sjå Reichelts bilde av ein sovande Jansrud før start.
– Han er så avslappa, sa ein imponert Paris, som bare var to fattige hundredelar bak Jansrud i mål.
29-åringens tidlegare trenar, Marius Arnesen, er ikkje overraska.
– Typisk Jansrud, seier Arnesen om Kitzbühel-vinnaren.
– Han er så flink til å kople av. No viser han også at han er aller best til å «skru på» igjen, seier Arnesen.
Aamodt: – Eg klarte ikkje å sove før renn
Alpintlegende Kjetil André Aamodt fortel at han prøvde på det samme då han var aktiv, utan å lukkast.
– Eg klarte ikkje det. Eg var meir høgt oppe før renn, seier Aamodt.
– Alle har jo sin måte å lade opp på. Prestasjonen i dag viste at Jansrud har hovudet på riktig plass. Han måtte jo hente mykje energi som mogleg etter ein lang dag i går, seier Aamodt.
Med OL-gull og Kitzbühel-triumf har Jansrud vunne det største som kan vinnast i alpint.
No vil han bli nemnt i same andedrag som Hermann Maier, Didier Cuche, Franz Klammer og Lasse Kjus, som alle har vunne det prestisjetunge Hahnenkamm-rennet.
– No kan han bare kose seg og nyte resten av karrieren, seier Aamodt.
Neste stopp er USA og VM for historiske Jansrud, som kan bli tøff å slå i utfor og Super-G.
– Han er favoritt til å vinne begge renn, men det blir tett. I dag var han bare to hundredelar unna å bli nummer to, seier Aamodt.