Hopp til innhold

Sondre Nordstad Moen etter rekordløpet: – Det hjelpte godt at Henrik var med

Moen slo den nesten 30 år gamle norgesrekorden på 10.000 meter i Kristiansand med nesten åtte sekund i kveld, og takka Henrik Ingebrigtsen for hjelpa.

RASKT: Sondre Nordstad Moen knuste den snart 30 år gamle norgesrekorden på 10.000 meter og er også klar for VM i Doha om ein månad

Den nye rekorden er på 27.24,78.

Den norske rekorden på distansen nærma seg 30 år – Are Nakkims 27.32,52 frå Bislett Games 14. juli 1990. Moen var nesten åtte sekund raskare i kveld.

Med harar på plass skulle Sondre Nordstad Moen gjere eit siste forsøk på å klare VM-kravet på 27.40 under Stadionmila i Kristiansand i kveld. Det klarte han med god margin.

Henrik Ingebrigtsen prøvde seg også på 10.000 meteren. Han hang bra med tetgruppa til 8400 meter, men då gav han seg.

– Det hjelpte godt at han var med. Eg visste at eg kunne risikere å gå litt ned etter at han gav seg, men eg visste at eg måtte på offensiven. Eg er ikkje godt nok kjent med min eigen kropp, men det er dumt å stivne eit par rundar før mål. Eg såg at eg låg an til under 27.40, seier Moen til NRK.

VM blir ein bonus

Han er også glad for at arrangøren Kristiansand løpeklubb hadde fått kenyanske Kangogo Cronelius Kirputo som fartshaldar i dei første rundane.

– Dette var dette eg hadde bruk for.

No er han klar for VM, noko han ser som ein bonus.

– Det var det kanskje ikkje så mange som hade trudd. Det er berre 66 på runden, så om ein ikkje pustar for mykje, så går det bra, seier Sondre Nordstad Moen, som eigentleg er maratonløpar.

– Og så var det vel kanskje siste sjanse. Jakob og dei andre i Ingebrigtsen-familien et jo opp alle rekordar, så det var vel berre denne igjen, ler Moen.

– Der blir det stilt heilt andre krav, seier Moen.

– Viktig å halde meg skadefri

Trenar Renato Canova seier at dette er ein rekord Moen har hatt i tankane lenge. Planen var jamne rundar på 66 sekund.

– Han kan nok ikkjs slå denne tida i VM ieit tett felt, men han kan få ei god plassering, trur trenaren.

Moen leverte eit utruleg jamnt løp, der rundane varierte berre frå 67,1 i den andre runden til 63,9 på den siste. På dei siste rundane drog han også frå feltet, og hadde 6,6 sekund bak til Albert Rop frå Qatar, og 29 ned til newzealandska Harry Sommers på tredjeplass.

– Eg er van med å springe åleine, så dette gjekk bra. No er det berre om å gjere at eg held meg skadefri og ikkje finn på noko tull.

Moens årsbeste før kveldens løp var 28.06,27 frå London i juli.

Moen fekk hjelp av harar frå Kenya og ein australsk løpar som også skulle prøve seg på VM-kravet. Og altså Henrik Ingebrigtsen, som kom rett frå Diamond League-finale torsdag.

– Hadde eg ikkje hatt ein 5000 i beina, skulle eg nok halde heilt inn, seier Ingebrigtsen.

I går måtte han bryte ein treningstur på grunn av smerte. Derfor var det overraskande då han var på startlista i Kristiansand.

– Eg skal ta ei kortisonsprøyte for betennelse i ein slimpose i hofta, og mister derfor eit par dagar med trening. Derfor bestemte Gjert seg for å gjere noko radikalt, som han sa. Då blei det 10.000 meter så langt det heldt. Så skal eg gjennom eit par harde økter søndag, for å kompensere, seier han.

– Det gjekk overraskande bra. Eg hadde ikkje trudd eg skulle klare å henge på så lenge.

Sportsnyheter

Sædís Rún Heiðarsdóttir var langt nede etter Vålerengas nederlag mot Wolfsburg i Mesterligaen.

Oppløst i tårer etter «fullstendig hodemist»: – Det var en gave

Mens de fleste snakket om Wolfburgs omdiskuterte vinnermål, gikk en nedbrutt Sædís Rún Heidarsdóttir av banen vel vitende om at hun serverte tyskernes første mål.

Solveig Løvseth under Ironman i Hawaii.

Solveig hjemme etter sensasjonen i Ironman: – Hun har ei lysende framtid

26-åringen ble historisk da hun sikra Norges første VM-tittel på kvinnesida. Sportssjefen tror ikke mange skjønner hvor stor prestasjonen er.

en mann som løper på en bane

Opnar for endring etter verdsstjerne-flukt: – Får sjå kva veg vi går

Verdsstjerner som Rai Benjamin og Femke Bol droppar hekkeløp. Karsten Warholm er ikkje framand mot å teste noko nytt.

Siste nytt

  • Solid hjemmeseier for Detroit og Brandsegg-Nygård

    Detroit Red Wings, laget til den norske NHL-ferskingen Michael Brandsegg-Nygård, sikret seg en 4-1-seier hjemme mot Florida Panthers onsdag.

    Den første perioden var målløs, men to minutter ut i andre periode tok Detroit føringen. Mason Appleton sørget for 1-0. Midtveis i perioden la Patrick Kane på til 2-0.

    Gjestene fra Florida fikk også nettkjenning i denne perioden. Brad Marchand tegnet seg på scoringslisten etter 14 minutter. Det skulle bli den eneste scoringen for Panthers denne kvelden.

    Med snaut to minutter igjen på klokken i den tredje perioden, var det igjen Appleton som var sist på pucken. I et forsøk på å hente inn ledelsen og i det minste gå videre til forlenging, tok panterne fra sør ut keeper Sergei Bobrovsky.

    Den taktikken ga ikke uttellingen de håpet på, men åpnet i stedet for at Michael Rasmussen kunne fastsette sluttresultatet til 4-1 for vertene bare 18 sekunder før kampen var ferdigspilt.

    Dette var den fjerde kampen 20 år gamle Michael Brandsegg-Nygård spilte for rødvingene fra Detroit. (NTB)

    Michael Brandsegg-Nygård
    Foto: GREGORY SHAMUS / AFP / NTB
  • Caroline Graham Hansen kom inn og scoret

    Caroline Graham Hansen hvilte fra start, men entret banen 59 minutter ut i onsdagens mesterligakamp mellom Roma og Barcelona.

    Den norske stjernen fikk æren av å fastsette sluttresultatet til 4–0 i favør storlaget fra Katalonia. Dette var hennes første mesterligascoring for sesongen.

    Barcelona topper tabellen etter to kamper med full pott og ti plussmål. De to andre lagene som har vunnet begge kampene, er OL Lyonnes og Wolfsburg.

    Guro Reiten fikk 35 minutter som innbytter da Chelsea knuste Paris FC 4-0 på Stamford Bridge. London-laget har plukket fire poeng.

    (NRK/NTB)

    Caroline Graham Hansen
    Foto: AP
  • Ada Hegerberg åpnet målkontoen

    Ada Hegerberg spilte fra start med kapteinsbindet på armen da OL Lyonnes fikk besøk av St. Pölten i mesterligaen onsdag kveld.

    Rett før pause åpnet den norske stjernespissen målkontoen i denne utgaven av turneringen.

    Det var Hegerbergs 67. mål på 77 kamper i Champions League, og ingen er i nærheten av å ha så mange i turneringens historie. Nærmest er Anja Mittag på 51.

    Da hadde allrede Jule Brand gitt det franske storlaget ledelsen. Sju minutter ut i andre omgang sørget Lili Yohannes for 3–0 seier til OL Lyonnes, som alltid er en av favorittene til å gå langt i mesterligaen.

    (NRK/NTB)

    ADA

Sendeplan

Kl. Program Kanal