Hopp til innhold

Christiansen ikkje uroa over medaljelaust EM: – Det var ikkje det viktigaste no

Henrik Christiansen kjempa om medalje på 800 meter fri i EM, men heldt ikkje heilt følgje på slutten.

Henrik Christiansen

UTANFOR PALLEN: Henrik Christiansen blei nummer fire på 800 meter fri

Foto: Attila Kisbenedek / AFP

– Det er mykje i løpet som er bra. Men han manglar det ekstra giret og krafta på slutten, sa NRKs ekspert Aleksander Hetland like etter løpet.

Christiansen heldt lenge følgje med dei beste. Halvveges låg han på fjerdeplass, like bak dei tre beste. Men dei siste par hundre metrane blei lange, og avstanden større. Han kom i mål på tida 7.47,99, 1,89 sekund frå pallen.

Det er første meisterskapet på fire år han ikkje tek medalje. Og 800-meteren er ein distanse han skal satse på i OL.

– Det har vore ei hard veke. Eg merkar at det er lenge sidan sist eg har gjort det (symt meisterskap). Men det har vore veldig god trening. Det er akkurat det eg treng no for å vere raskare i OL, seier Christiansen etter sin siste start i EM i Budapest.

Han ser ikkje på fjerdeplassen som sur.

– Medalje var ikkje det viktigaste no. Det er viktigare konkurransar seinare.

No skal han heim til Norge for å få konkurransetrening. Det har det vore smått med under korona-epidemien.

– Men treningsarbeidet er lagt ned. Dei to neste månadene blir meir finpussing for å finne fart, flyt og teknikk.

NRK-ekspert Aleksander Hetland er ikkje misnøgd med det han har sett av Christiansen i EM, men vedgår at han likevel hadde håpa at det norske symjehåpet hadde vist litt meir styrke, med OL berre eit par månader unna.

– Alt i alt leverer han OK. Han er allereie klar for OL, og har ikkje spissa forma til dette meisterskapet. Men eg hadde håpa at han hadde vore litt lenger framme utan spissing av forma, slik at han har litt å gå på, seier Hetland.

Christiansen hadde nest beste tid i forsøket på 400 meter fri.

Mykhailo Romantsjuk frå Ukraina blei europameister med 7.42,61. Gregorio Paltrinieri tok sølvet og Gabriele Detti bronse, begge frå Italia.

På 400 meter fri tidlegare i meisterskapet låg han an til medalje i 300 meter. Så møtte han veggen og blei nummer 7. Den same plasseringa fekk han på 1500 meter nokre dagar seinare.

Christiansen er ein av dei beste langdistansesymjarane i verda, meiner Hetland. På 400-meteren var han knapt halvtanna sekund unna medalje, og på 800 hang han godt med lemnge, med hadde ikkje sluttspurten inne.

– Men han må heve seg mykje til OL. Der må han symje raskare enn nokon gong før, og det held ikkje berre å sikte seg inn mot nye personlege rekordar på 800 og 1500 meter, seier NRK-eksperten.

Christiansen er samd.

– Dei andre sym fort. Det kjem dei til å gjere om to månader også. Det betyr ikkje så mykje no, det er viktigare om to månader.

EM er hans første konkurransar sidan 2019, for eitt og eit halvt år sidan. Korona-restriksjonane har skulda for det.

Siste nytt

  • Mvuka ga U20-landslaget uavgjort mot Italia

    Bodø/Glimt-angriperen Joel Mvuka dunket inn 2-2-målet da Norges U20-landslag tok imot Italia i Stavanger torsdag. Utligningen kom mot ti mann etter pause.

    Mvuka scoret ved bakre stolpe på et innlegg fra David Møller Wolfe i det 62. minutt. Ballen var ment for Lasse Nordås, men den gikk forbi spissen inne i boksen.

    U20-landslaget greide ikke å finne et vinnermål mot et italiensk lag som spilte over en omgang i undertall. Fem minutter før hvilen ble målscorer Marco Nasti utvist for to gule kort.

    Likevel var det gjestene som gikk opp i 2-1-ledelse tidlig i andre omgang. Cher Ndour traff perfekt i krysset foran 310 tilskuere på Vikings hjemmearena.

    Tidligere i kampen tok Norge føringen på et straffespark. Nordås omsatte sikkert muligheten han selv skaffet etter et snaut kvarter. Dommeren pekte på krittmerket da Nordås ble felt i jakten på en returball.

    Fem minutter senere sørget Nasti for at lagene var like langt.

    Norge møter Romania i Sandnes mandag.

    (©NTB)

    Joel Mugisha Mvuka i Bodø/Glimt mot Dinamo Kiev
    Foto: Sondre Skjelvik / NRK
  • Bryan Gil ute av Spanias tropp – erstattes ikke

    Bryan Gil forlot Spanias landslagstropp torsdag og er ikke aktuell i EM-kvalifiseringskampene mot Norge og Skottland.

    Årsaken var ubehag som ikke tillot ham å trene normalt, melder Spanias fotballforbund. Det anses som en forholdsregel. Sevilla-spilleren, som er utleid fra Tottenham, erstattes ikke i troppen.

    Ifølge Marca har den nye landslagssjefen Luis de la Fuente drillet et lag i 4-2-3-1-formasjon under treningsdagene i fotballforbundets anlegg i Madrid-forstaden Las Rozas. Ifølge avisen er mest sannsynlige oppstilling mot Norge denne:

    Spania (4-2-3-1): Kepa Arrizabalaga – Dani Carvajal, Aymeric Laporte, Iñigo Martínez, José Luis Gaya – Rodri, Martin Zubimendi – Dani Ceballos, Iago Aspas, Gavi – Álvaro Morata.

    Joselu, Dani Olmo og Borja Iglesias har også fått tid på topp, Mikel Merino, Mikel Oyarzabal og Fábian Ruiz på midtbanen.

    – Laguttaket er vanskelig, for alle har trent med stor entusiasme og er på høyt nivå, sier De la Fuente.

    Spanias lag reiser til solkysten og trener på La Rosaleda i Málaga fredag kveld.

    (©NTB)

    Bryan Gil
    Foto: Jose Breton / AP
  • Ronaldo setter verdensrekord i antall landskamper

    Cristiano Ronaldo gjør sin 197. opptreden for Portugal mot Liechtenstein torsdag. Ingen andre i fotballhistorien har spilt så mange landskamper.

    Ronaldo passerer Kuwait-spilleren Bader Al-Mutawa og blir stående igjen med verdensrekorden alene.

    Det skjer i Roberto Martínez' debutkamp som trener for det portugisiske landslaget. Spanjolen sluttet som Belgia-sjef etter VM-sluttspillet i Qatar før jul.

    Ronaldo har scoret 118 mål for Portugal siden debuten i august 2003.

    Kampen mot Liechtenstein starter klokken 20.45.

    (©NTB)

    Cristiano Ronaldo
    Foto: Petr David Josek / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
Nektet å prate om Haaland - så skjedde dette 01:00
Neste