– Detta har vore ei av dei store utfordringane våre, seier Styreleiar Geir Sivertsen i Byåsen, som er glad at avtalen no er i hamn.
Det har vore spekulert i om den viktige Byåsen-spelaren skulle halda fram i klubben eller ikkje, men no laurdag var ny kontrakt i boks.
– Gøril er kanskje den viktigaste spelaren me har nett no, både som playmaker og som strateg på dette nivået, seier Sivertsen.
Det har vore ein lang veg hit, men det var mellom anna omsynet til sambuaren og moglegheitene for å spela vidare i Byåsen som vart avgjerande.
Styreleiaren seier at det var viktig for klubben å få denne kontrakten i hamn.
– Det er viktig for oss å ta vare på profilane våre og å kunna byggja laget rundt desse, seier han og legg til at det truleg også vil gje positive utslag økonomisk.
Neste veke vert det òg klart om Tonje Nøstvold og trenar Geir Oustorp forlengjer kontraktane sine med klubben.