– No er Brasil favoritt til å ta gullet, seier NRKs handballekspert Øystein Havang. Han har nettopp sett Brasil banke Romania 26–13. I opningskampen slo brasilianarane Norge 31–28.
– Dei har ein ekstrem fysikk, og dei har ein enorm støtte frå tribunane. Dei rir på ei bølgje. Vi får sjå om den held heilt inn, men Brasil er favoritt, slår Havang fast.
Håpar på Norge – Brasil i finalen
Han er full av skryt av det brasilianske heimepublikummet.
– Det er ingen aggresjon, berre pur glede og entusiasme, og eit ønskje om at laget skal prestere. Det tek spelarane med seg og kjenner det som om dei har ein ekstra spelar, rett og slett.
Han håpar på eit nytt møte mellom Norge og Brasil i finalen.
– Då skal vi vere laget som skal slå frå angrepsposisjon, det er positivt for oss. Og det er ei lang turnering, å halde oppe den entusiasmen og trøkket Brasil har no, skal krevje mykje, seier Havang.
– Magisk publikum
Brasils målvakt Barbara Arenhart stadfester at dei har mykje å takke heimepublikum for.
– Det er magisk. Vi får masse energi av publikum. Vi gjer små ting, dei jublar mykje, seier ho til NRK.
– Ein full arena er ikkje normalt for oss. det er noko nytt, og vi nyt det, seier Eduarda Taleska.
Ho håpar suksessen vil heve handballens status i det fotballgalne landet.
– Det er ikkje berre godt for laget, men for handballen. Med eit godt resultat vil vi få fleire spelarar, seier ho.
Dansk trenar
Brasil har dansk trenar. Han heiter Morten Soubak, og håpar laget hans kan gje det entusiastiske publikummet eit olympisk gull.
– Trur du på gull?
– Eg håpar iallfall. Men det er svært langt fram dit. Vi drøymer høgt, men er samstundes klar over at det er mange gode lag her som vi må slå først. Vi må ha beina på jorda.
– Publikum har ein fest. Eg håpar vi kan gje ein fest tilbake. Det er ingen tvil om at publikum løfter oss, seier trenaren.
Han er overvelda over resultatet mot Romania.
– Om nokon hadde sagt til meg før kampen at vi skulle vinne med slike siffer, hadde eg ikkje trudd det, seier Soubak. Han minnest VM i Danmark der det var Brasil som blei utklassa av Romania.
– Men eg trudde vi skulle ha ein sjanse, og venta meg ein tett og jamn kamp, seier Brasil-trenaren.