Hopp til innhold

Hauger på sjuendeplass i Monaco

Etter å ha vunnet lørdagens sprintløp ble det en syvendeplass for Dennis Hauger i hovedløpet i Monaco.

Nordmannen klatret seg opp fire plasser på åpningsrunden, fra startposisjonen på niendeplass. Men en sikkerhetsbil, som passet seg dårlig for Hauger, gjorde at han tapte noen plasser, og ble til slutt nummer syv.

Mesterskapsleder Felipe Drugovich vant løpet foran Theo Pourchaire og Juri Vips.

Hauger klatrer opp på 12. plass i sammendraget i Formel 2. Neste løpshelg starter i Baku den 10. juni.

Red Bull cliff diving Oslo
Foto: Annika Byrde / NTB

Siste nytt

  • Også kvinnene vidare

    Sandvolleyballparet Sunniva Helland-Hansen og Emilie Olimstad slo Varapatsorn Radarong/Tanarattha Udomchavee frå Thailand i sin siste gruppekamp i strake sett.

    Sunniva Helland-Hansen og Emilie Olimstad vann 21–17 og 21–14. Dermed er paret vidare i turneringa.

    Det norske paret tapte sin første kamp for brasilianske Taiana Lima og Hegile i strake sett, og var tvinga til å vinne for å avansere til kvalifiseringa til åttedelsfinalen i turneringa.

    De to norske herrepara Anders Mol/Christian Sørum og Mathias Berntsen/Hendrik Mol har begge tatt seg vidare til åttedelsfinalane som blir spela fredag.

    Sandvolleyball, Emilie Olimstad med ryggen til.
    Foto: Joel Marklund / AP
  • Van der Poel får Oscar-statuetten

    Svenske Nils van der Poel er tildelt Oscar-statuetten for andre år på rad. Han får statuetten for 10.000 meter-løpet sitt under OL i Beijing.

    Til liks med den svenske skøytestjerna frå 1980-talet Tomas Gustafson, vinn Nils van der Poel Oscarstatuetten for andre gong. Førre sesong fekk han statuetten for verdsrekordløpet sitt på 10.000 meter under VM i enkeltdistansar.

    Den svenske langdistanseeksperten slo under OL sin eigen verdsrekord med over to sekund, og var i ein klasse for seg. Sølvet gjekk til nederlendaren Patrick Roest, som vart slått med nesten 14 sekund.

    Den 26 år gamle svensken tok også VM-tittelen på Hamar seinare i sesongen. Etter meisterskapen bestemde han seg for å leggje opp.

    Oscarstatuetten vart oppretta i 1958 til minne om skøytekongen Oscar Mathisen (1888-1954). Statuetten er ein miniatyr av bilethoggar Arne Durbans statue av Oscar Mathisen, som er plassert utanfor Frogner stadion i Oslo.

    Nils van der Poel
    Foto: WANG ZHAO / AFP
  • Tre ryttarar hoppar av Touren

    Før den sjette etappen i Tour de France har tre ryttarar valt å trekkje seg frå rittet på grunn av velt på onsdagsetappen.

    Dei tre ryttarane er Michael Gogl (Alpecin-Deceuninck), Daniel Oss (TotalEnergies) og Jack Haig (Bahrain Victorious).

    Gogl og Oss kolliderte på eit brusteinsparti undervegs i etappen, og klarte ikkje å fullføre.

    På Twitter opplyser Alpecin-Deceuninck at Gogl pådrog seg brot i både bekkenet og kragebeinet etter eit ublidt møte med ein tilskodar.

    TotalEnergies opplyste på Twitter at Oss pådrog seg eit brot på ein nakkevirvel.

    Haig fall i bakken i eit velt med fleire ryttarar med 30 kilometer igjen. Bahrain Victorious stadfestar på sine eigne nettsider at Haig må bryte Touren etter skadane han pådrog seg i velten.

    Jack Haig
    Foto: MARCO BERTORELLO / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 43 klipp
Sport
Spiller nå
Ski-VM er endelig tilbake på NRK! 01:00
Neste