Hans Kristian Stadheim er trenar for Team Leaseplan, Thomas Alsgaards profesjonelle langløps-lag.
På Facebook går Stadheim hardt ut mot stakefrie soner i rennet 12. mars. UngdomsBirken er eit 15 km langt klassisk renn for ungdom mellom 12 og 16 år.
– Skal dei seriøst diske utøvarar om dei ikkje går diagonal, men eventuelt vel å stake i eit turrenn fordi dei synest det går raskast/ er spennande/ utfordrande? Huff, skriv han i innlegget, som har starta ein omfattande debatt på Facebook.
For første gong skal Birken legge inn stakefrie soner, melder arrangøren på si heimeside.
Fryktar diskvalifikasjonar
– Dei som har lyst å prøve seg på staking i skirenn som er lett kupert, bør ha sjanse til å få prøve det. Eg trur at for barn og ungdommar er det viktig å bryte barrierer for på sikt å skape motivasjon, utdjupar Stadheim overfor NRK.
Han er redd for at løparar med bakglatte ski må bruke fiskebein når dei kjem inn i ei stakefri sone.
– Om dei då skulle gli litt på skia, må dei diskvalifiserast etter dagens reglar. Eg er redd arrangøren kjem opp i ein del vonde situasjonar der dei må diske utøvarar som rett og slett er uheldige, seier Stadheim.
– Eg opplever at desse reglane hevar terskelen for gleda ved å konkurrere i desse aldersklassene. Ein gjer det heile om til eit seriøst vaksen-renn, og det trur ikkje eg er føremålet med slike arrangement.
– Vil ramme breidda
– Eg synest det er trist. Regelen om stakefrie soner vil ikkje ramme dei beste i denne aldersgruppa. Det vil ramme breidda, seier Stadheim.
FIS tillet gjenom ei regelendring sist haust at det kan innførast avgrensingar i teknikkar på visse strekningar av eit skirenn.
– Snur problemet på hovudet
Dagleg leiar i Birken AS, Jo Gunnar Ellevold, meiner Stadheim snur problemstillinga på hovudet.
– Vi meiner vi legg større press på løparane ved å tillate staking. Ein del av dei som har ambisjonar – eller ambisiøse foreldre – ønskjer nok å stake på blanke ski. Men dei andre, dei som ikkje er like sterke, vil tene på diagonalgang og festesmurning, seier Ellevold.
Dei siste åra har arrangøren fått så mange klager på staking at dei var nøydde til å gjere noko.
– Er det prøvd ut stakefrie soner i andre renn for denne aldersgruppa?
Støtta av skiforbundet og FIS
– Ja, i fleire KM for løparar ned til 13 år, og med gode erfaringar, seier Ellevold.
Han seier at dei har drøfta dette både med Norges Skiforbund og med Vegard Ulvang, som er langrennssjef i det internasjonale skiforbundet.
– Vi meiner alt i alt at stakefrie soner er ei god løysing, og også den som vil gi dei fleste ei fin oppleving, seier Ellevold.