– På det tidspunktet ante eg ikkje at eg eingong var smitta. Eg var uforsiktig og det er ingen unnskyldning for det, skriv den franske NBA-basketstjerna på sosiale medier.
Gobert sin positive test var den utløysande årsaka til at basketligaen NBA er sett på vent på ubestemt tid.
Tok på mikrofonane
Det var på treningsfeltet til Jazz berre dagar før han fekk positivt utslag at han spøkte om koronaviruset ovanfor dei frammøtte journalistane.
Mellom annan ved å ta på alle mikrofonane til reporterane. Også etter pressemøtet heldt han fram med å spøke om viruset, ifølgje USA Today.
– Eg håpar historia mi fungerer som ei åtvaring og får alle til å ta dette på alvor.
Onsdagens kamp mellom Oklahoma City Thunder og Utah Jazz var den første som vart utsett.
Spelarar og andre tilknytt laga fekk beskjed om å forlate Chesapeake Energy Arena.
I forkant av kampen hadde laga opplyst at Gobert og Emmanuel Mudiay ikkje kom til å spele på grunn av sjukdom.
Fleire av spelarane var i sjokk etter nyheita – både om at Gobert hadde testa positivt og om at sesongen er suspendert.
Håpar hjelpe andre
Gobert legg no i ettertid seg flat for å ha spøka om det frykta viruset.
– Eg kjem til å følge råda frå det medisinske personalet, og håpar at vi alle kan kome saman og vere der for kvarandre og våre naboar som treng vår hjelp, skriv han vidare.
Samtidig håpar han å snu den flaue episoden til noko meir positivt.
– Eg vil gjere alt eg kan for å støtte og bruke av min erfaring til å læra andre slik at vi kan forhindre spreiing av dette viruset, står det i meldinga som blir gjeve att på CNN.
Han ønskjer også å takke for støtta som han har fått i ettertid.
– Eg har gått gjennom så mange kjensler sidan eg lærte meg diagnosen ... mest frykt, angst og flau.