NRK Meny
Normal

Hallen: – Infantino ein god mann for FIFA

Fotballpresident Yngve Hallen trur Gianni Infantino er rett mann til å få FIFA tilbake på rett kurs.

Gianni Infantino ny FIFA-president

RØRT: Gianni Infantino var rørt då det var klart at han er vald til FIFA-president

Foto: FABRICE COFFRINI / Afp

– Han har vist seg å vere god til å samle støtte, så eg trur han er ein god person til å leie FIFA, seier Hallen til NRK etter valet.

Video: – Vi er letta, seier Yngve Hallen

Yngve Hallén er lettet over resultatet etter valget om ny FIFA-president. Gianni Infantino har samlet støtte fra nesten hele verden og sees på som en som kan rydde opp etter bråket med forrige president. Reporter: Hanne Marie Brevik

Tidlegare på dagen vedtok FIFA heilt nye reformer som organisasjonen skjal styrast etter i framtida. Det er reformer som gir presidenten litt mindre makt. Det trur ikkje Hallen er noko minus. Tvert imot.

– Dette er reformer som UEFA har styrt etter lenge, og Infantino har sjølv vore svært sentral i arbeidet med FIFA-reformene, seier Hallen om mannen som har vore generalsekretær i UEFA i sju år.

– Hans største utfordring blir kanskje at han no er president, og derfor ikkje lenger så tett på detaljane som han har vore før. No skal han vere strategen, og han skal reise rundt og samle fotballverda, seier Hallen.

Som i løpet av den andre valrunden forstod at det gjekk mot siger for den 45 år gamle sveitsaren.

– Eg såg at det vart tekne svært mange selfies saman med Infamtino, seier Hallen.

– Treng ein pragmatikar som Infantino

Også dei internasjonale reaksjonare er stort sett positive etter at Gianni Infantino vart vald til FIFA-president fram til 2019.

Laster Twitter-innhold

– Eg er glad for dette valet. Vi støtta han frå starten. Verdsfotballen treng ein pragmatisk leiar som han, seier Russlands sportsminister Vitalij Mutko.

Russland treng ein president dei kan samarbeide godt med i innspurten av førebiungane til VM i 2018. Eit VM som er drege inn i skandalene i FIFA med skuldingar om korrupsjon ved tildelinga. Saka er under politietterforsking.

– Vi er nøgde med valet av Infantino, men veit at Infantino får ein vanskeleg jobb med å gjenreise FIFA. Organisasjonen er i ein kritisk situasjon etter korrupsjonsskuldingane, seier Danmarsks fotballpresident Jesper Møller til DBUs eigen nettstad.

Presidenten i forbundet for europesiek fotballklubbar, Bayern Münchens Karl-Heinz Rummenigge, gratulerer Infantino med sigeren, men åtvarar mot å utvide VM frå 32 til 40 land, slik han har lova i valkampen.

– Vi har nådd eit punkt der vi ikkje kan belaste spelarane meir, seier Rumenigge.

Siste nytt

  • Curlinggutta tapte mot Sverige

    Thomas Ulsrud og Norge tapte 7–9 mot Sverige i curling-EM onsdag. Norge står med tre tap, og har tredjeplassen i gruppa.

    Seier mot Tyskland i siste gruppekamp holder til semifinaleplass. Kampen spilles torsdag morgen.

    Thomas Ulsrud
    Foto: Georgios Kefalas / Ap
  • Nå får damene laghopp i NM

    3. og 4. mars blir det skrevet NM-historie i hoppbakkene i Knyken. Da blir det laghopp for kvinner for første gang, melder NTB.

    Det hoppes i lag på to hoppere, og konkurransen går i 68-metersbakken.

    Maren Lundby
    Foto: Geir Olsen / NTB scanpix
  • Johannesen returnerer til Oilers

    Johannes Johannesen (20) vender tilbake til Stavanger Oilers etter halvannet år i Frölunda, Oskarshamn og Leksand.

    – Jeg har ambisjoner om å reise utenlands igjen men nå er det Oilers som gjelder, sier Johannes til oilers.no

    Norway
    Foto: Petr David Josek / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal