– Det er jo litt overraskande tal, men vanvitig imponerande. Han scorar jo på alt om dagen.
NRKs fotballekspert Morten Skjønsberg klarer nesten ikkje forstå den utrulege målstatistikken til Erling Braut Haaland.
Immobile er nærmast Haaland
Viss ein reknar med kampane i både serie og meisterliga for Salzburg, og dei tre kampane i Bundesliga for Dortmund, har Haaland 31 mål på berre 23 kampar denne sesongen.
Det mest imponerande er kanskje kor få skot 19-åringen treng for å score mål. Berre 2,48 skot treng Haaland for å score eitt mål. Viss ein samanliknar med dei andre storscorarane i dei største ligaene, er toppscorar i serie A, Ciro Immobile nærmast med 3,70.
Toppscorar i tysk Bundesliga og tidlegare Dortmund-spelar Robert Lewandowski har eit snitt på 3,93, medan Cristiano Ronaldo ligg på 5,90.
– Bestemor hadde aldri kome i posisjon
– Det fortel jo om ein spelar med heilt usedvanleg goalgetter-eigenskapar, seier tidlegare Bundesliga-spiss og Viasat-reporter, Jan Åge Fjørtoft.
Han nemner Haalands siste mål i cupkampen mot Werder Bremen som eksempel. Haaland sette inn målet frå få meters hald i nærmast opent mål.
– Folk seier at der hadde til og med bestemora mi scora. Men bestemora di hadde aldri kome i den posisjonen. Han har ein fantastisk eigenskap til å lese spelet og analysere kor ballen skal kome, seier Fjørtoft.
Skjønsberg: – Kjappare i tankane og kroppen
I dei tre Bundesliga-kampane han har spelt til nå, har han i gjennomsnitt berre 2,7 skot per kamp. Berre på dei seks fyrste avslutningane hans i Dortmund-trøya, scora han heile fem mål.
Morten Skjønsberg trur at mange sjåarar kan tenkje at måla hans ser ganske så enkle ut.
– Det kan jo kanskje sjå enkelt ut. Det er jo fordi han er kjappare, både i kroppen og i tankane til motstandarane som skal passe på han. Han utnyttar farta si og er utruleg bestemt i det han gjer. Det er kanskje det som har imponert meg mest, seier NRK-eksperten.
– Det er aldri noko tvil i det han gjer, held han fram.
Jan Åge Fjørtoft manar samtidig til å ikkje ta heilt av, sjølv om statistikken er imponerande.
– Eg synest me fyrst skal begynne å samanlikne når Erling spelar 90 minutt. Den siste veka har eg prøvd å få folk til å roe seg litt ned. Samtidig er eg glad for at dei som er rolegast her, er Erling og faren Alf-Inge, seier Fjørtoft.
Har tatt eit byks på «Gullstøvel-lista»
Etter dei siste scoringane har Haaland også tatt eit byks på toppscorarlista, «Gullstøvelen». Lista samlar alle toppscorarane i alle dei europeiske ligaene og kårar den største kvart år.
Ein får meir poeng etter kor god ligaen er, derfor har Haaland nå tatt eit byks opp til 5.-plass etter måla i Borussia Dortmund. Han er nå likt med Cristiano Ronaldo og framfor Premier League-toppscorar Jamie Vardy.
Om han held fram det same målsnittet, kan han i teorien utfordre Ciro Immobile i Lazio som akkurat nå leiar med 60 poeng. Lionel Messi har vunne tittelen dei tre siste åra.
- Dortmunds neste kamp er borte mot Bayer Leverkusen laurdag 18.30.